tirsdag 24. desember 2013

Ingen snø - men kvite strender!

La Familia ønsker alle god jul!

mandag 16. desember 2013

Thai visum

Familien på eit brett. Ei ville ikkje bli tatt bilde av.

Adventsførebuing

mandag 9. desember 2013

The Beach beach

Etter snart ei veke på PhiPhi-øya saman med unge og gammle backpackerar
frå heile verda heiste me segl mot Maya-beach som er den "hemmelige"
stranda til Leonardo i filmen The Beach. Etter at dagsturturistane har
returnert til sine dorms ligg me nå att saman med vår vennefamilie på
Honeymoon og ein japansk katamaran. Eg høyrer rolige dønningar presse
seg under dei høge klippene for så å verta blåst ut av hulrom og gangar.
Sola har gått ned og det er ellers stille.

Dei siste dagane har me bruka i basseng, på restaurantar, til skifte av
avstenging for gjennomføring (litt spennande...), henta filtrert vatn og
hjelpt nabobåt med nokre reperasjonar på båten. Nå er me på veg mot Ao
Chalong for check in til Puket og Thailand. Eg trur eg treng ta med
borna på imigrasjonen for å få godvilje for at me har bruka over tre
veker frå Langkawi.

Same dag som Harald og Therese mønstra på kom ein kraftig vind frå sør.
Den kasta 17 seglbåtar på land på Ao Chalang og ein på Koh Lipe, der me
var. På PhiPhi hadde stormen teke stranda og ei rekke strandkafear. Me
såg fleire vrak av lokale båtar på land og også toppar av båtar som
stakk opp ute på ankringsplassen. Kan hende var det likevel greit at me
berre hadde ei utriveleg natt rullande i store dønningar, men i ly for
vinden på nordsida av øya Koh Lipe?

Finn oss på google earth:
07 40.81n 098 45.79e

torsdag 28. november 2013

mandag 25. november 2013

Uvær

Me tok opp anker og segla over til Butang gruppen for å plukke opp
Harald og Therese. Fyrste natta låg me i ly for sterk vind sør, men
rulla voldsomt i dønningane som kom rundt øya. Neste morgon flytta me
mot aust. På land nøyt me fantastisk Thai mat og fekk bada litt. Der
fekk me høyre, og sjå, at ein charter catamaran og nokre lokale båtar
vart hasta opp og øydelagt av været sør på øya.

Nokre tordenbyger og litt rulling seinare ligg me nå på mooring under
ein stjerneklar himmel. Havet er endeleg krystallklart og varmen for
høg. Me ligg heilt aleine vest i øygruppa. I morgon skal me gå opp til
ein ferskvatn foss og ut å snorkle.

-På mooring mellom Koh Rawi og Koh Butang i Butanggruppen sør vest i
Thailand.

søndag 24. november 2013

Stor jubel og nytt land



I Kuah, sentrum Langkawi, ankra SY Honeymoon på sida av oss. Det var
litt ironisk med ein einsam mann og slikt eit namn, men plutseleg dukka
det opp ei kvinne...og der to born. Hurra! Liva og Scarlet(4) er nå
bestevenner. Edgar leikar med og Hunter(2) er på slep. Etter ei lita
veke har me nå forlete dei for ei kort stund for å møte opp med Harald
og Therese i Thailand. Fyrste ankring fann me i skumringa på Ko Tarutao.

6 30,44n 99 40,01e

torsdag 14. november 2013

Langkawi lang krabbe

Brureferden gjennom Gerorge town tok slutt etter at me gjekk klar den
siste brua. I ettertid viste det seg at det var god klaring på begge
stader.

Kpt Kleng vakna kl 0400 og var klar for å gå mot Langkawi. Det var ei
dryg dagsseglas dit og difor godt å komme tidleg igang. Me følgte
hovedleia ut mellom smale raude og grøne marker sjølv om leia breia seg
ut vid og var djup nok over det heile. To fiskarar hadde klart å lagt
flytegarn mellom den raude og grøne staken. Dette plukka me med oss. Dei
skar oss ut og me venta på morgongry slik at eg kunne gå under båten å
renske vekk dritten. Eg trur dei forstod idiotien og forhold seg roleg
og avmålt, og stotra noko om at garnet måtte ha drevet ned dit i løpet
av natta.

Resten av seilasen gjekk fint fyrst med motor mellom fiskestakar,
deretter i fin 15 kn motvind som gjorde landkjenning deilig. Ankeret
gjekk rett før sola.

Nå skal me ha vår andre oppankring her sør på Langkawi. Øyane minnar oss
om Palau. Bratte dramatiske klippe og soppøyar som er jungelkledde, med
enkelte sandstrender. Me bada i eit innelåst ferskvatn i dag. Liva fekk
fråstjålet eplet sitt av frekke apekattar som kom og tok det ut av handa
hennar.

06 11,14n 99 47,30e

mandag 11. november 2013

George Town

Det er to typer fisk her som besøker oss på oppsida, i tillegg til
flygefisk. Det er ein slank lang spretten som flyg bortetter
balangserande på halefinnen og ein rund kvit som i Donald Duck-stil
sprett bortetter i 2 meter høge bykst. Men me har ikkje krokane ute
etter dei. Mest fordi det er så mykje søppel og plastikk som flyt rundt
her i Malaccastredet. I tillegg er sjøen grøn av dårleg sikt. Fisk her
fristar ikkje. Ryktet seier at havet vert betre ettersom me kjem nord av
Langkawi.

I dag har me hatt by dag i George Town. Fyrst padla Edgar og Paps etter
frokost. Deretter tok Liva og Mams med vatntaxi (ein mest forkommen
lettbåt) med siktemål til kjøpesenter, men endte opp med på ein
eksentrisk trishav og tura gater opp og ned til sang frå ein eldre mann.

lørdag 9. november 2013

Mellom byger og fiskebåtar

Ankra opp i ei vik nord på Pangkor (4 15,13n 100 32,49e) i går
ettermiddag. Natta før tok me ei ubeskytta ankring ved eit hus på pålar
ute i havet. Me rei av lyn og torden og fekk oss ei god natt søvn.

På stranda på Pangkor traff me nordmenn som var på helgetur frå Kuala Lumpur. Bada
i bassenga og åt pommesfrites. For å komme fram dei 80 nm til Georg town
i lys tok me ut på natta. På grunn av mykje lyn og torden vart avreise
utsett ein time, utan at det roa ned været.

Mellom blenking og torden gjalt det å unngå fiskebåtane. Søppel og
vrakgods som driv i straumen får ein uansett ikkje sett på natta. Eg
hadde sikta meg inn mellom to lys på horisonten då det raude, som eg
hadde på babord side, syntes å stadig komme nærmare. Eg svingte av, men
lyset såg ut til også å skifte retning og kom nå med rasande fart rett
mot. Eg tok over for autopiloten og svinga meir, men den raude blinkande
djevelen skaut rett mot meg. Med seil oppe og motor i gang gjorde eg 180
på ein femmer. Ein stor høg fiskebåtbaug med linkane raude lys på alle
sider la også om og for etter meg og ville renna meg ned. Eg ropa ned i
mørkre om at Anne måtte skrue av Tricoloren og alle lys. Så styrte eg La
Familia inn ei nærmaste tordenbyge og fekk rista av galningen. Eg håpar
han sov eller at han ville beskytte reiskapen sin, men eg har høyrt
historiar om andre som har opplevd liknande i desse farvatn. Fiskerar
som kolliderer med vilje for å krevje skyhøg erstatning etterpå.

Eit bar regnbyger og ein soloppgang seinare seglar La Familia inn mot
Georg Town. Edgar vil ha vitamin, Liva teiknar, Miti skal kvile framme i
båten og Anne passar ror og retning.

4 51,48n 100 16,80e 6kn 340g

fredag 8. november 2013

Kleng i klang

Skulle gjerne sove litt lenger. Men det er 170 nm til George Town og me
vil gjerne komme fram i morgon før sola går ned. Det vart difor ei kort
ankring mellom kontainerskip og store hamner her i Port Klang. Det er
framelis dårleg sikt i vatnet så då er det berre å gå vidare mot nye
hav. Håpar på blått og kvitt frå Langkawi.

8.nov 2013

003 00.80n 101 21.12e

mandag 4. november 2013

På cafe i Malacca

Karta var gamle og informasjonen var knapp, men me ville så gjerne på
bytur. Me snirkla oss difor langs byfronten etter noko som kunne vera
egna oppankring. I går fekk me ei tordenbyge over oss. Sjølv på god
ankring vart det litt hektisk med sterk straum ein veg og vind ein
annan. Båten vart liggande diagonalt og balanserte kreftene slik at
ankeret knapt trengte ha vore uti.

Utanfor ferjeterminalen i sentrum låg ein einsam katamaran. Me lot oss
lokke og seig inn på 4m og kasta anker. Ein halvtime seinare lot me
dingyen feste i elva inders i sentrum ved kpt Sabeltanns skute i
sjøfartsmuseumet.

Etter lunsj gjekk eg tilbake med Liva og Edgar og fann dingyen må mest på
tørr grund. Me tok ut til seglbåten som me flytta ut på djupare vatn.
Mamma og Miti måtte vasse frå kafebesøk i gjørme ut opp til knea når dei
vart henta etterpå. Nå har me teke ut til ein holme nord av Malacca, ete
is, vaska oss og er klar for natta. I morgon seglar me vidare dei snaue 30
nm mot Port Dickson.

Det kongens år 4.nov 2013

søndag 3. november 2013

Gli gjennom Malcca

Desel? Check. Vatn? Check. Mat? Check. Kast loss! Me seig ned til bru
nummer 2 ved Tuas Check Point for ei natt på anker mellom stolpehus.
Fekk hyggeleg besøk av kystvakta før me kunne nyte natta. Tidleg i går
starta me motorsegling ut gjennom Malaccastredet. Fyrst hadde me litt
vind og straum i mot, men så løsna det. Med 7 kn på flatt vatn bestemte
me oss for å fortsett ut i natta. Midnatt valgte me likevel å kaste
anker for nokre timar på øyra. Vakna opp vedsida av eit fiskestake
system. Nå forsett me ferda for ankring utanfor Malacca by for feiring
av kapteinen sin 35 år på jorda dag. Liva har skrive kort og Edgar
funne drops til verdens kanskje sterkaste pappa. Takk for alle
satelittmeldingar.

Ellers hadde Edgar og Liva beautysalon i går. Dei skamklypte kvarandre og
går rundt stolte og krye og ser ut som dei har hatt skabb.

001 59.80n 102 28.00e

tirsdag 22. oktober 2013

I stille seng

Seks dagar på havet over Sør Kina havet vart belønna med at me i går kunne snirkla me oss oppover ei smal elv med mangroveskog på begge sider for å kunne ankre opp i Sabena Cove marina i Malaysia, berre nokre kilometer frå Singapore. Dei vaksne ville berre sove, men trongen til å rydde ut klamme dynetrekk og svette klede vart for stor. Anne vaska og Kleng bada med borna. For ein draum å legge seg i reint sengetøy att i seng på blikkstille vatn. 

Planen er no å bruke ein dag og to her før me tøffer over til Singapore og bruker ei veke der. For så å forsette opp Malakka stredet. Me kjem til å berre gå på dagane opp stredet og ankre opp om nettene. Neste stopp blir Langkawi og så øyane rundt Puket (Thailand).


Kjem den fiskebåten mot oss eller går den ifrå oss?  
Oljerigg i solnedgang, eller var det bare solnedgang?

mandag 21. oktober 2013

Tidleg jubel

Den vesle fuglen, Torjus, er framleis med på ferda. Stundom sitt den
inne og i cockpit og stundom flyg den ut over havet. Det siste døgned må
den ha vorte litt ekstra sliten, slik som oss. Mitt i natta kjente me
igjen vibrasjonar i båten som teikn på at propellen igjen hadde kveila
seg inn i noko. I seks timar låg me å venta på den ljose dagen slik at
eg fekk renska den. Horisonten knistra og braka, men uværet kom
ikkje over oss. Saman med meg under båten med kniven fekk eg tre
intresserte sugefiskar. Dernest var det å stampe dei siste 90 nm til
opninga av Singaporestredet. Men før me kom så langt vart me kasta inn i
ei ei sky av vind, bølger og regn. Då me var lite førebudd vart det litt
hektisk ombord. Vind med 50 kn i kasta røyk eit for gamalt skjøyte og
segl måtte bergast samstundes som at saker og ting måtte ryddast på
dekk. Lite tanke gjekk det til at eg like før hadde mista vår einaste
fisk på turen. Nå var det berre å komme seg gjennom. Båten stod på
hovudet og på tvers og alt fløyt, men Liva, Edgar og Miti verka ikkje å
få med seg noko av denne hektiske timen. Dei klyppa og lima og leika
nede. Besta kan vente sommarfuglteikning frå Liva og onkel Alf kan glede
seg til ein veldig liten blå bit papir.

Nå kjøyrer me motor i morild på flatt vatn mellom tankbåtar og store
skip som ligg på anker utanfor Singapore. I morgon kastar me anker i
sand eller går heilt inn til oppankring inne i særdeles urbane strøk.
Tyggis er forbode.

001,33n 104,59ø

søndag 20. oktober 2013

"South China Sea crossing - check!"



Eit værvindu opna seg og me kasta oss utpå igjen, etter 16 månader
som landkrabber. Store delar av den vekeslange seglasen frå Borneo til
Singapore er unnagjort. Det er 120 nm igjen av dei totalt 800 me starta
på onsdag morgon.

Edgar og Liva har stadig kommentert saker som vi har gjort før, det er
kjekt å sjå kor mykje dei hugsar frå tidligare seglasar. Det er mykje
lek, tegning, spel og lesing som fyll dagane på det blå havet.

Som følgesvenner har me ein liten kvit fugl som søv om bord om nettene
og flyg om dagane. Ein annan god hjelpar er ein slank liten fisk som har
hjelpt til dei to gongene kapteinen har vore under og dratt plastikk ut
av propellen.

I dag starta me med værskifte. Vind på slør vart i nokre timar regn og
vind imot. Nå er det solnedgang i svak vind frå nord. Liva og mamma har
laga svele Nå er det karaoke i cockpit med sangar frå Albert Åberg
nettopp avbrytt av leikande små delfinar.

30 grader, solbrent og svettelukt. Alt er som det skal vera, men me er
klar for å kaste anker og sove ut.

For 8 år sidan var Kleng og Anne kjærastar. Liva feira med å klyppe ut
ein raud indianer som heng som ei raud rose på veggen.

001 55N 106 25Ø
5kn 245gr

torsdag 10. oktober 2013

Get the party started...

Tre år med liv og moro


"Kaptein Sabeltann" inviterer Edvard og Erlend spesielt og alle som skulle vera i området til fest på kaia. Det blir grilla lam, sang og gavedryss mm kl 16....

søndag 29. september 2013

sydenliv

Mamma planlegger ekskursjon inn i de dype skoger. Vi bader.

lørdag 28. september 2013

Straks badetid

Liva maler. Edgar klatrer. Mamma rydder.

tirsdag 24. september 2013

Heime i båten

Aircon og vife er på. Mugg vert vaska og mykje kasta for nå skal denne baljen igjen bli båt. Me ligg i luksus marina og er framleis meir på charter enn på havet. Seglar ut om to tre veker for først skal me sette istand og reise litt på land. K

lørdag 21. september 2013

you so cuuute, beautifuuuul!







Vi er på vei til La Familia! Men altså en liten stopp i Bangkok på veien. Ungene storkoser seg! Formiddagen gikk til bading og lek på hotellet, på ettermiddagen reiste vi til byen og så på hva som rører seg nede på bakken i de travle gatene. Vi avsluttet dagen med fotmassasje for hele familien. Liva hadde en fantastisk kommentar til den seansen; helt nydelig, nesten så man blir forelska! Alt vel!! I morra flyr vi via KL til KK og båten! :)

onsdag 18. september 2013

Dreamliner here we come...

Forsinka fly, men me er klar. Neste stop 3dagar ferie i Bangkok før vidare til båten på Borneo.

torsdag 12. september 2013

Satelittmeldingarkiv - Vår ferd over Stillehavet

Under find du satelittmeldingar sendt frå havet til bloggen fra vår ferd over Stillehavet Galapagos til Filippinene ( 2010-2012).





To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Forvell land - velkommen hav!

Eg er mutt etter at nok eit uhyre har teke med seg fiskelina mi ned i
det store mørke. Finn fram sen som er tykk som tau og krok som eit
anker. Neste beist skal i båten om så me berre får ete hovudet dei neste
vekene.

Siv Anne held utkikk. Hå får det siste syn av land på lange tider.
Vindroret Nemo rattar. Resten av jentene søv sjølv om det alt er i den
tredje timen.

Takk for satelitt meldingar frå Kyrre, Lise og Besta (Hadde du trudd det
oldemor Julie at når du låg i barsel for 60 år sidan skulle din nyfødte
(Besta) gje deg eit oldebarn som skulle ut på ein seilas, på baksida av
jorda, som vil vare 10 prosent av hennar liv til då?) Gjer som desse: Send
oss eit dagens høgdepunkt (Sjå "Gratis satelittmelding" på menyen over.

Ship o`hoy!

Kpt Kleng

1:21S 90:45W (Utanfor Galapagos)
5.4knp 200grader


To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Mot god vind og medstraum

To snører heng bak båten. Provoserande då å kunne sitte på baugen på sjå
på 6 store deilige tunfiskaktige fisk som leikar seg framom båten.
Fleire timar følg dei oss. Kanskje er dei der endå? Jaktar, plaskar og
leikar seg.

Havet er roleg, med svake dønningar. Delfinar kjem nå og då. Vinden er
nok til at segla ikkje blafrar. Medstraumen gjer at me stort sett seglar
3-4 knop. 3 knop over 3000 nm gjev 1000 timar på havet! Men me er på veg
mot betre vind og meir strum om ca 130 nm lenger sør.

Kpt Klegn

2:22S 91:14W (Sør av Galapagos)
6knp 220grader
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Stillehavsmeisterskapet i Backgammon

Du er hermed invitert til Stillehavsmeisterskapet i Backgammon open!
Påmelding skjer til satelittelefonen i dag. Fyrste runde vert spelt i
skuggen av genoan framme på dekk alt i ettermiddag. I løpet av dei neste
dagane skal meisteren utpeikasta. Måtte den beste vinne!

Dagens frukt er vatnmelon.

3:28S 92:14W (Sør av Galapagos)
6knp 214grader
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Så kom vinden

Nokså på likt med at Backgammonmeisteren vart kåra (Det vart ein lokal
favoritt), at lapskausen vart klar, at bollekaka vart teke ut av
ovnen, at det vart oppdaga diesellekasje frå jerrykanner i akter luke,
at redningsaksjonen for å få tørka opp dette frå der dette rant i dørken
fram til kjølsvinet starta, at eit fyrverkeri av delfinar starte hoppe
rundt båten i ulike formasjonar (plutseleg 20 på likt - stundom tre og
tre, høgt, lågt, nære, fjernt)...kom vinden. Nå seglar me i fin behagleg
bør med 15 knop frå sør. Denne skal dreie meir om meir austleg ettersom
me vind nye kabellengdar.

Ship o`hoy!

Kpt Kleng

4:30S 93:34W (Mellom Galapagos og Hiva Oa)
7knp 270grader
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Dagens frukt: Vatnmelon...igjen

Anne skriver, i våken tilstand:
Kleng fikk fisk på formiddagsvakta! Hurra! Den første på dette strekket:)
Nå har vi spist en fantastisk lunsj, sitronmarinert stekt fisk av et eller
annet mektig slag, wokka grønnsaker og ris, sure belter (smågodt) til
dessert. Mett og god, igjen. Maten blir en viktig post på dagsprogrammet,
så vi øver våre kokkekunster og trikser frem mye godt av all slags mat med
lang holdbarhet (se; boksmat). Nok sagt - om mat.

I dag har vi flikka om på seilene. Etter å ha jakta på den rette vinden i
noen dager har vi nå kommet inn i en god sus. 17 knops vind fra ca 150
grader (sør/øst), nesten rett i ryggen. God greie! Sånn skal det
forhåpentligvis være i uke etter uke nå, vi kan rett og slett bare henge
med og slappe av! ;)

Hadde rekordbesøk av delfiner i går ettermiddag. Vi tror det må ha vært
bortimot hundre stykk! Vi har fått det med på video, jeg dikter ikke!! :)
De kom i flokker, rundt båten og langt i det fjerne. Veldig fasinerende
skapninger, blir ikke lei av å se på dem - like stor stas hver gang
delfiner dukker opp.

Jeg tror vi begynner å komme inn i en god tralt ombord, det er fire dager
(tror jeg...) siden vi seilte fra havn, og dagene har begynt å få et slags
behagelig mønster. Vi har delt døgnet opp i åtte vakter, en i dagslys og
en i mørket på hver. Vi har faste vakter nå, istede for å hele tiden
rulere, dermed får dagene en form for rutinepreg. Jeg tror dette fungerer
bra for oss alle fire, (liva slipper foreløbig å henge med på vaktplanen).
Søvn blir likevel et gjennomgangstema, det er rett og slett ikke mulig å
få fullstendig ro og fred i en båt som seiler, natt og dag. Vi bytter litt
om på køyer, - eller sniker oss til når ei seng bak er ledig;) Ikke helt
som hjemme. Ikke helt som hotell. Mye mindre privatliv, men en del av hele
opplegget. Det blir ekstra stas å ligge i egen seng heretter, med reint
sengetøy som ingen andre har lagt i ;) Godt å få flere ting å fryde seg
over hjemme;)

Hva mer dreier livet isolert på 20 kvm seg om? Sortere søppel. Plast for
seg, alt organisk går på havet. Skylle plast i saltvann, stappe sammen på
liten plass - alt skal fraktes frem til neste søppelboks som ligger ca
2652 nm herfra;) Trusevask, saltvann og ferskvann. Spill,
backgammonturnering. Spise frukt om kapp med sola. Lese bøker. osv osv...
må ha litt å skrive om senere også.

Vil forøvrig oppmuntre alle kjekke karer om å sende satelitt-sms til
Julie, ho blir veldig veldig glad for det! ;)

Hilsen
Anne

Ps! Me klarar ikkje lese kommentarar til bloggen fra havet.

4:40S 95:58W 7knp 270gr
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: hav og ørken

I natt var Anne i ein stor raud ørken. Der måtte ein passe seg for
vill-hestane som "spøtta og sparka". Hestane var litt som dei i
Lucky-Luke då dei sjangla litt med lange bein og store hovar. Den
einaste måten å ta seg fram i ørkenen på var ved å sitta på ryggen til
ein av dei spenstige Masai-aktige lokale. Medan han for mellom hestar
over ørkenen med henne på ryggen tenkte ho: Dette er ein av dei
turisttinga som er verkeleg vert det. Dette må eg tipse andre om.

Anne er tilbake på havet idag. Litt trøyt og sliten. Ho skulle gjerne
teke seg ein strekk på ein stille benk på Sandsli.

4:27S 99:06W
8knp 279grader
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Natt på havet i ein seglbåt


Dagens hilsen fra det flytende huset La Familia langt der ute på havet:
Jeg er for tiden plassert i bauen i båten, de andre sa det ikke var så
godt å sove der.. I mitt forsøk i å være godt mannskap, kan jeg ikke si
nei, når jeg blir spurt om jeg kan forsøke å sove der. Jeg kan ikke
klage - jeg sover godt der jeg.
Men... det er ikke som å sove i en seng i et vanlig hus som står i ro på
land. Det er mer som om jeg er  plassert i en blikkvoks, en blikkboks i
en vaskemaskin? Vannet skvulper og kastes på båten, vindmøllene lager
sin surrelyd i vinden - en ujevn lyd som minner litt om gresshoppere og
andre insekter som synger om natten, bølgene gynger og kaster meg hit og
dit, ja havet "vugger" meg i søvn.

Lettere forvirret blir jeg vekket, rett etter å ha sovnet(!), det er min
tur å ha vakt. Jeg er varm og klam, og etter litt strev har jeg gitt opp
å finne ut hva som er fram og bak og rett og vrang - genseren kommer på
og snart buksen også (de samme klærne som jeg har brukt i en uke nå,
uten å vaske dem...!). Jeg sjangler meg frem i mørket, retning utgangen
som lyser mot meg, har klart det til nå uten å falle eller gå på noe :)
og om litt er jeg oppe på dekk. Med MP3 spilleren i hånden er jeg klar.

På dekk venter en stjerneklar himmel, og morild i vannet. Jeg er med ett
mer våken, og nyter natten med musikk på ørene. Hav, hav, hav.. Jeg
skuer etter båter og annet liv her ute, jeg vet at det er liv her ett
sted - men følelsen er at vi har havet for oss selv. Just me, myself and
the ocean.

Etter tre timer, er øynene tyngre å holde oppe - jeg begynner å bli lei
av musikken på øyrene og lengter tilbake til sengen fremme i bauen -
sove helt til jeg våkner av meg selv! Med god samvittighet vekker jeg
Julie, før jeg pakker meg inn i lakenet i blikkboksen min - drømmeland
venter.

Og i morgen venter en ny dag i eventyret på Stillehavet.


Siv Anne
Styrkvinne

4:19s
103:17w

To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Påskeaften

På en båt, midt i ingenmannsland, uten alskens blinkende reklamelys,
kinoforestillinger, kafeer, hennig olsen is, frisørsalonger, hissige
billister, uoverkommelig mengder show og sirkus som vil trenge seg inn i
hjernene din, får persepsjone her en helt annen jobb. Isteden for å
skille ut all verden av unyttig eller overflødig informasjon er hjernene
min nå innstit på å suge til seg hver minste ting som skjer.
Og som Jesus en gang sa; " Det de små tingene i livet som er de
største". Ikke sikker på om det var Jesus som sa det, men en gluping var
det iallfall.
Jeg kan jo selvsagt ikke sitte her å si annet enn at vi er på en stor
ting/reise, men her er vi likevel strippet fra det aller meste hverdagen
hjemme kan og vil by på, og det tvinger oss tilbake til det enkle livet,
her har man kun de små tingene. Og det er de små tingene vi opplever
sammen ombord som er turen. Liva som får tenner, 4 herlige biter daim
sjokolade som vi har, nå hadde, igjen i kjøleskapet, Kleng som sitter på
do å leser med døra åpen (alle dører er forsovidt alltid åpne
her..eller me andre lukker vel ofte døra når vi er på do), Anne som
forteller røverhistoriar om sine besteforeldre, lunka vatn som må
drikkast, stillhet og deling om tankar og historiar frå tidå på land
(litt kult å skriva "tidå på land", som om jeg er en gammel sjømann) for
å nevne noen småting.

Det er likevel forbausende kort vei fra "Ka i huleste gjør eg her?"
Hvorfor plassere seg i en båt, på 44fot, med sin bror, svigerinne, niese
og en venninne, med ingen mulighet for å bare sei - okei eg gidde sje
mer eg, eg stikke på besøk til Tåsen en tur, å bare rope; "Snakkes!
Kanskje eg stikke innom litt seinare!" Ta seg ein tur på butikken å
kjøpa seg ei kalde Tine melk og ein nidar lohringrind (eller kos det nå
skrives..) eller dusja seg i ferskvatn til huden blir rød. OG dunke seg
med parfyme å gre håret til det ligge perfekt nedover ryggen. Men jeg
har heller valgt å ligge på dekk å svetter av meg lag på lag med solkrem
på en nokså lang "ferjetur"- TIL den andre følelsen, den vi ønsker å
oppleve, nettopp "Lykke".
Glimt av lykke, stunder av lykke- det vil jeg sei jeg opplever. Sitte i
skyggen å lese bøker. (Jeg tror jeg har lest flere bøker det siste året
enn jeg har gjort hele mitt liv..men det er en digresjon da denne lese
dillen startet før avreise fra norge). Ingen plikter eller beskymring
for annet enn hvem som skal lage middagen i dag, eller verst: hvem tar
oppvasken... Delfiner som i hundretalls leker seg rundt båten. Flygefisk
i alle størrelser som dukker opp til alle døgnets tider, noen av dem
lander ombord... Landskapet som egenlig kun består i endeløs himmel og
endeløst hav forandrer seg likevel på mystisk vis.  Jeg fikk en dag en
skikkelig assosiasjon til "The Truman Show" der Jim Carry seiler ut i
havet til han plustelig krasjer i himmelen for å oppdage at alt rundt
han er kulisser..
La Familia rir på bølgene og det går fort fremover, vi har medvind og vi
er i medvind.

I dag er det Påskeaften.
Dagen startet med en dusj i bøtta på hekken. Første gang med shampoo på
over en uke. Jeg ville teste om det frisørene sier om at håret er
selvrenskende virkelig er sant. Jeg har vert sterkt tvilende til
påstanden og må si jeg i dag er, om mulig, kun mer sikker i min sak. For
et velvære det er med såpelukt i håret- og så fin jeg ble! Måtte se meg
selv i speilet i flere minutter på badet etterpå ;). Egentlig hadde jeg
planer om å spare dusjen til oppstandelses dagen. Som om å vaske ut
oljebjerget i håret var et slags rituale i en renselsesprosess, men i
natt fikk jeg for meg at det var dreads på vei, så jeg kunne ikke vente
mer. Må understreke at renselsesopplevelsen forsatt var stor.

Videre har det vert en deilig dag. Hmm hva har vi gjort? Kleng lagde
havregrøt til frukost. .. nesten ikke en morgen her uten havregrøt. Det
er begrenset hvor innbydende slike måltider er, MEN det gir meg en desto
større følelse av å være på ekspidisjon. Å det liker jeg.

Jeg har lest videre i boken min, og har kun et kapitell igjen, som jeg
rekner med å lese ut på nattevakten min i natt. Siv Anne har sittet
endel med Sudoku heftet sitt. Hun har en rosa penn som man kan viske
bort, en sudokupenn sier hun.

Siden det er påskeaften har jeg laget potetiskaker. Det føler jeg er min
styrke på båten, å lage potetiskaker, akkuratt som farmor. I dag fikk
jeg de veldig runde også =), men det var litt for lite salte.

Ellers har vi snakka om himmelen, og hørt på Carola.

Kveldene er svale og behagelige. Vi er somregel samlet allesammen i
cockpitt på denne tiden. Det var lyst lengre enn det pleier i dag og vi
mistenker at vi har pasert en tidssone? Hvem vet? Vi bryr oss ikke om
klokken..

Det er nok for i kveld. Kjekt å snakke med dere! Alltid kjekt å få
snakke litt om seg selv, uten avbrytelser. hehe! jodå neidåå så...såån e
det!

Eg vil bare ønske dokke heima ei velsigna påskehøgtid! Me har det godt,
å me håper det sama med dokk!

kyss klapp og klem fra Julie

4:08s 101:29w 7kp 270gr


To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Vant med vatn

Etter ei veke på det blå ser kreftene ut til å komme tilbake. Då vert
bakverka meir utvikla. Doroado-suppa litt meir fancy. Me vaskar til og
med litt klær. Får ein telefon frå NRK-Rogaland (Om nokon skulle høyre
oss i morgon 6.april, må dei gjerne legge ut lenke til sendinga på
nettet som kommentar under). Renskar fruktnett for rote. Skriv mail.
Vaskar opp. Me oppdagar nye stjerner på nettene. Høyrer gamle sangar med
ny iver. Lastar over Bikubesong og Peer Gynt på mp3-spelar til
nattevakt.

Kpt Kleng

4.29S 105:31W
8kp 260gr
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Nokre ting er ikkje som heime

* Skitvatnet etter oppvasken renn ikkje ut sluken. Det ligg faktisk opp
etter veggen på kommen ved di me ligg med 20 grader krenging. Ein lyt
sloss litt for å få det ut.
* Dopapir kastar ein i søppelbøtta, som seinare vert tømt på
havet. Opptrekk er 20 pump.
* Vask er saltvatn over hovudet bak på hekken av båten, etterfølgt av
kort spray i blomstervatnspray med ferskvatn.
* Overskya eller skugge er godt.
* Sol er lys på.
* Brødet vert steikt ikkje baka (på gass).
* Krana for vatn er ei pumpe som ein pumpar med foten.
* Nyheiter er dei helsingane me får på satelittsms.
* Verden er båten.

4:54S 109:57W
7kn 260gr
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Pannekaker og bananer

50 bananer på ei grein vart modne på likt. Me har stappa i oss i går og
i dag, men nå skal havet få resten. Dei er blaute no, og me er leie av
bananer. Det vil sei at kanskje det vert ei siste banan i fruktsalaten
som skal verta vår dessert etter pannekaker med flesk.

Kvar dag plukkar eg nokre skapningar frå havet får dekk. I går fann eg
to blekksprutar og ein flygefisk. I dag fann me ein liten flygefisk inne
(!) ved stellebordet.

Julie tapte i backgammon i dag og må difor invitere "min favoritt
svigerbror" Svein Helgøy (Den guten har eg tru på!) på stevnemøte når ho
kjem heim - om han ikkje alt er teken av ei klok ung møy. Skulle han få
nyss i dette må han gjerne sende ein satelittmelding med svar på rim som
me kan lese opp til felles glede her på båten.

Det har vore ein slakk dag. Roligare seilas.

5:16S 111:13W
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Halvveis

HALVVEIS!

I dag er me halvveis fra Galapagos til Marquesas. Me er så langt frå
land som me noen gang har vert og det er sporenstraks tilbakelagt mer
enn vi har igjen.

I går hadde me skikkelige herlige pannekaker med bacon. Og fruktsalat,
vannmelon og appelsin med vaniljesaus, til dessert.

Kveldene blir stadig lysere og lysere. Sola går ikkje ned før kl 20. Me
lar vera å stille klokkene.

Julie

posisjon: 5¤30s  112¤58w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Alle disse dager...

Det tok meg litt tid å komme inn i denne seiletralten. Seile, seile,
seile... dag ut og dag inn. Kroppen min ville ikke, ville sove stille,
spise maten min ved et kjøkkenbord som stod stille, gå over gulvet uten
å klamre meg til noe rundt meg.

Men så blir det sakte men sikkert greit, helt greit. Jeg er her. Kan
ikke gå her ifra. Dagene mine er ombord i denne vesle skuta nå. Det er
helt greit. Helt greit. Og fint! Jeg lever på Stillehavet! Det går ikke
helt opp for meg, men det er det jeg gjør akkurat nå:) Jeg lever her!

Anne

5:45s
115:50w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Flygefisk til lunsj

I dag vakna me til 9 flygfisk på dekk. Saman med ein bunka boks med
Salsa Mexicana og ris vert det dagens lunsj. Drikke vert pressa lime og
heimelaga ferskvatn frå saltvatn.

Kleng

PS! Det er mogleg å ringe til satelittelefonen også. Men det er litt
dyrt så det lyt få vera til særskilde høve. Send ei melding fyrst om når
de kjem til å ringe slik at me får optimalisert antenna. Hugs at me er
omlag 9 timar etter dykk, straks 10...så 11.

5:37S 114:37W
7kn 250gr
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Helg

HELG!

"Om du ska lera ein ting frå meg Julie, så e det at du må gjer forskjell
på helg og kverdag." sitat slutt, mormor, Julie Woll.

Det e helg og det preges av stor frotsefaktor ombord. Ska me någen gang
få oppholdsmuligheter nede i båten er det bare å hiva innpå. I går kan
eg nevna at me gassa oss med: scones, kjøttsuppe med  ekstra
gullerøtter, Toro karamellpudding, pizza (steikt på pannå.
Tortillalefsebunn, kjøttdeig, løk, mais, tomatpurre og mozarellaost OG
guacemole dip på toppen!), brownies og kaffi, brus- nermare bestemt
sprite.... Så mormor, eg kan gleda deg me at det ikkje var någen vanlige
kverdag ombord. Matorgie uten sidestykke.


I dag e det lørdag og me lure på koss me ska klara å overgå gårsdagen.
Eg vil sei det har vore ganske lat steming fram til kanskje i 4-5 tidå.
Eller vent litt. Lat steming ja, men me har jo jammen gjort ein god del
aligavel!-sjøl om det e helg. Siv Anne har pressa juice av dei siste
appelsinene. Eg har vaska Liva sine bleier, lagd lunsj og skrevet det
ner i dagbokå mi.
Kleng og meg har komt inn i en "spel vekk det du ikkje sjøl har lyst å
gjer, eller det du vil sjå den andre gjer" kultur med Backgammon. Og
alltid best av tri. Så då eg, sist gang, vant meg fri frå nattevaktå,
blei eg litt reven me å spelte om Livas bleievask, laga pizza OG presse
juice fra dei siste appelsinene. Eg hadde enormt uflaks med terningene
første runde, så skjønte eg at eg hadde tatt vatn øve håvet, og kleng
fekk en 3 poenger! Nesten umulig å få 3 poeng, trur aldri eg har blitt
slått så kraftig før. Me spele best av 3, og dei neste to kampane vant
eg overlegent, MEN ikkje meir overlegent enn at kampane gav meg ett
poeng per. Dermed ente det med 2-3 tap.
Siv ANne pressa uoppfordra appelsinene for meg, og eg ville unødig
forstyrre henna med å gripa inn der hu satt så fint å pressa juicen. Det
letta på straffearbeidet mitt.
Me har eindel forslag om ting me kan spela om:
Bli hengt ein time i mastå.
Gå planken.
To timar i solå uten solkrem.
Men det har blitt nedstemt og i dag tapte Siv Anne å må bake brød. Litt
kjedelig, men desto meir oppbyggande for helse og felleskap.

Me har stabil vind frå ryggen nå, men farten e så som så. Me ligge på
mellom 4- 5 knopp. Det synst me e litt treigt. Me e jo vant me møje
raskare fart.

Kleng påstår han såg ein stor tynne finne i havet i dag. Muligens en
kjempe hai, eller månefisk? Ingen av oss andre såg det, men muligt han
snakke sant. Kem e eg t å dømma?

For å skikkelig forstå at det e laurdagskveld lage me fløtegratinerte
poteter med mozarellaost på toppen. Og nydelig steikt boksekylling.

Me har snakka om å ha ein kinoframvisning i kveld siden me har full
strøm på dataen itte litt motorlading i gårkveld. Me måtte lada litt
itte kjøleskapet sa stopp.

Hei hopp me har full kopp! Halv tom? Halv full? Neidå fylt til randen.
Det va dråpen.

Julie med flere.



To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Om du måtte velja...

...fjell eller hav? -Normalt hav, men nå fjell.
...10 år i einsemd eller 10 år utan fred? -10 år med folk.
...10 år stomforelska og så dumpa eller eit ok forhold livet ut?...

Slik går dagane.

6:16S 119:05W
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Dagens dilemma

Ka ville du helst? Aldri kunna vakska deg? Eller ikkje kunna lesa og
skriva?

Her vil 3 av 4 heller ha vaska seg framfor kunnskap, sistemann, Kleng,
seier at han ikkje høyrer ka eg spør om. Liva virker som ho ikkje
skjønar spørsmålet..

6:24S 121:22W
1074 NM til waypoint, ein stad nær Hiva Oa.

Julie


To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: backgammon - for å gjøre livet mer spennende?

De små røde og blå magnetbrikkene settes på plass, og vi får hver vår
"kopp" med to terninger i. Men, alle som har spilt backgammon med Julie
vet at ikke bare går an å "bare" spille. Nei, det skal spilles om noe -
og dette må avklares først. Best av tre omganger vinner.

Vinner - taper: hva taperen skal gjøre
Julie og Kleng: nattevakten til den andre
Kleng og Siv Anne: bake brød
Siv Anne og Julie: spandere is og kaffe på en flyplass på vei hjem
Julie og Siv Anne: holde den andre med selskap i 1,5 time av nattevakten
Siv Anne og Julie: oppvasken
Julie og Siv Anne: ta 1 time av dagvakten til den andre

Utenfor båten ruller bølgende videre, til nye dager og nye utfordringer
:)


Siv Anne
7:23S 126:05W
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Kjærleik på havet

"Eg hadde ikkje falt for deg om eg traff deg slik". Anne ser på sin
skjeggitte mann. "Du luktar surt". "Sjølv etter at du vaskar deg i
saltvatn bak på hekken, luktar du surt". Ho flirar. "Kanskje om du
sendte meg ein mail, kunne eg fallt for deg. Du er god med ord." "Eg
kunne sendt deg eit gammalt bilde i mailen", seier eg. "George! Du ser
ut som George når du mys med augo slik." Tårene hennar trillar no. Ho
har det veldig artig. Liva vaknar i korga på golvet. Me strekk oss for å
sjå om ho verkeleg er vaken. "Eg grin ikkje, eg er berre veldig artig"
hikstar ho til Liva. Eg lurar meg ut av senga der eg for nokre minutt
sidan hadde ein ettermiddagstrekk. Liva strekk armen sin ut etter meg i
det eg trør over korga hennar. Ho er framleis kjær i sin far. Så nydeleg
- så illeluktande - sur og illeluktande som sin Far.

7:04S 124:56W
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Lat mat

Såg båt i går. Likna eit offshorefartøy. Det gjekk austover omlag 3nm
sør av oss. Den neste vakta følgte litt betre med framover, før vakta
igjen let vindroret gjera jobben og ligg i skuggen og døsar.

Frukta er i ferd med å ta slutt. Me har 2 kg lime, 8 kg grapefrukt og
eit graskar att. Me har på den andre sida endelaust med hermetikk,
kjeks, mjøl, pasta og ris. Trur me har 15 fulle 30 literboksar. Kva
tenkte me på? Det blir restefest på Panama-hermetikk når me kjem heim.
Velkommen!

6:44S 123:40W
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Fakta om Stillehavet

Stillehavet utgjer 46,8% av vatnoverflata på jorda. Det djupaste punktet
på jorda finn du også her. Det heiter Challenger Deep og er 10920 meter
djupt. Til samanlikning er Mount Everest 8850 meter.

Hiva Oa, som me seglar mot, ligg i øygruppa Marquesas som er ein del av
Fransk Polynesia. Fransk Polynesia er fransk kontrollert. Halvparten av
dein 260 000 innbyggjarandaran bur i hovudstaden Pepetee. Området er
kjent for perler, handarbeid og kokusnøtter og vanilje. Tidlegare fekk
område inntekte også frå franske prøvesprengningar av kjærnevåpen, nå
lokkar ein franske pensjonistar med sære avtalar om auka pensjon og lave
skattar om dei vel busetje seg her. Kjenner du til "det franske
unntaket". Freelancerar i Frankrike er garantert forrige måneds inntekt
om dei jobbar halvparten av dagane i månaden. Om ein freelancer
(skodespelar, to-hire kelner,...) jobbar 15 dagar i ein månad kan han
rapportere dette inn og vil då få lønn frå staten for dei 15 dagane han
ikkje jobba den månaden. På denne måten kan kløktige franskmenn leve det
gode liv som om dei jobba i nordsjøen. Er ikkje Noreg medlem av EØS? Kva
med å registrere din freelance verksemd i Frankrike?

7:50S 127:44W
7,5kn 240gr
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Ekspedisjonsplanar?

I natt var Julie og Siv Anne på ekspedisjon. Dei skulle på
jordomsegling. Før dei tok ut tok dei ein prøve seglas med ein bretta
papirbåt på Atlanterhavet. Det gjekk ikkje bra og dei måtte gje opp
halvegs på Atlanteren. Dei kjøpte difor ein ekte seglbåt som dei så
utrysta. Julie skulle kjøpe inn mat. Men det varte og de rakk. "Me
skulle ha segla for fem dagar sidan", sa Siv Anne. Julie berre smila og
verka ikkje særleg stressa. Plutseleg var dei begge på ein sporlek. Så
vakna Siv Anne til rorvakt.

Slik kan de gå. Ikkje alle ekspedisjonar kjem eingong til startstreken.
Men her er me omlag 140 grader vest av heime. 40 grader til og me er på
veg heim.

Anne forslår alt at neste ekspedisjon for La Fam Bråtveit vert med
venner på (sjølvlaga-) flåtetur ned Glomma. Vil du vera med?

8:16S 130:01W
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: 478

Fredag! Helg!

Gps viser 478 nautiske mil igjen. Det må jo bety at det er en ende på
denne evindelige seilinga. Dette er bare en knøttliten del av livet mitt
... det er en parallell verden ( som jeg egentlig kjenner bedre enn
denne) som skuer og går parallelt med denne. Plustelig er jeg tilbake i
den verdenen, og dette som nå er så nærverende og virkelig vil virke
fjernt og som en drøm.

Kleng ville at eg skulle skriva til bloggen, viktig med oppdatering for
at det skal ver kjekt for folk å ta en kikk... MEn eg komme sje på någe
meir å skriva i natt. Jeg er på vei til mi ny rydda køy. Skal lesa
vidare i boken min og hvile litt før nattevakten.  Det  var nok dypt og
filosofisk det jeg skrev i avsnittet ovenfor. Og vis det ikke var nok:
jeg skriver, derfor er jeg.

Nok om nok. Det får ver grenser.

Julie

8:30S 130:57W





To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Soloppgang eller solnedgang?

Etter seks månadar studier må eg konkludere med solnedgang. Men ingen
solgang er lik og eg har sett soloppgangar som overgår dei fleste
nedgangar. Skyer som rir over blodige himlar. Lys som dør i perfekte
fergekomposisjonar.

Me seglar vestover i bølger (eller dønningar) på omlag 4-5 meter som me
får akter. Dei er mørke blå under ein solklår himmel, med kvite
krusningar. Var ein heil fersk kunne ein sjølv på ein slik fin dag uroa
seg for korleis båten ville tåle sjøen. Men det tek ikkje lang tid før
ein lærer at båten dansar over dei og ristar dei av seg. Me har til nå
aldri uroa oss over havet og knapt hatt sjøsjuke. Likevel har me stor
respekt for vår venn Blå. Skulle me slurve med tryggleik og miste mann
over bord vil med ein gong desse eventyrdagane kunne verta forvandla
mareritt. Difor bind me oss i line til båten og brukar vest når me
jobbar framme på dekk, når vinden og været piskar som verst eller når me
er aleine på vakt.

Eit høgdepunkt er bading på hekken. Då sitt ein på eit av trinna, med
beina i sjøen og hellar bøtter med friskt sjøvatn over seg (til trass
for dette vert ein aldri heilt rein). Her ein dag vakna eg brått av at
sida mi starta å brenne. Eg såg ned og fann ein nydeleg gjennomsiktig
tråd med blå "perler" på for kvar centimeter liggande i skrittet. Eg
nappa den vekk og kasta den på sjøen. Eg kjente ei flammande smerte
breie seg ut over den vegen den måtte ha skylt. "Edik, edik!". Det var
verkeleg smertefullt. På vindroret hadde det festa seg ei lita
gjennomsiktig blære, også med noko blått. Eg beit tenna saman for ikkje
å skremma damene frå badinga, som er til felles glede etterpå. Frå nå av
seg eg godt i saltvatnsbøtta før eg tømmer den over min nakne lekam.

GPSen vår forventar oppankring og landkjenning på tysdag kl 10:33. Dette
er under stadig endring.

Kpt Kleng

8:52S 132:32W (390 Nm frå Hiva Oa)
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: vi seiler og seiler og seiler og seiler...

Tre uker idag siden vi letta anker på Galapagos. Det kjennes som om vi
har seilt i evigheter, men med tanke på at vi er fremme om to dager så
begynner en annen følelese å ta plass; tre uker, ja, det gikk jo fort!!!
Det er rart hvordan motet stiger og energien kommer snikende tilbake
bare ved tanken på å nærme seg målet. Det er digg å vite at vi har lagt
en laaang etappe bak oss, tropiske stillehavsøyer venter, vi er nesten
der! Vi har fått mailer fra andre som starta noen dager før oss og som
nå har ankra opp ved Fatu Hiva, (dit Mr. Heyerdahl reiste på
bryllupsreise med ei av damene, og skrev antropologiske avhandlinger som
om han hadde vært der alene...) Anyway; vi får høre at det vi har i
vente er fantastisk; "you can`t imagine!" hihi, da er det gøy å være på
jordomseiling/stillehavsseilig:)

Anne

Ps: Kleng jobber nå med manus på hans første film; "alene rundt jorda
uten proviant", gled dere til ville fiskehistorier og beretninger om
algefangst som bygger på historier fra den sanne virkeligheten, - og
bøker han har lest underveis.
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Morgonstemning

Sola går no ned kl 21 og står opp kl 09. Me er framleis på Galapagostid
noko som gjer at nattevakt-tidene har rulert utan at me har bytta på
dei. Sola er på veg opp no. Liva kravla seg opp i mi køye og laga
fiselydar på magen min for ein time sidan. Har skifta tøybleie og
overlevert Sjøstjerna til mora som som har vore på morgonvakt sidan kl 04.

I tillegg til av og til å duppe litt har rorvaktene lese bøker, høyrt på
musikk og høyrt opplesingar. Noko av det som har vorte fortært er:
Modellen, Hoggerne, Hamlet, Skuret, L, Havfruestolen, Øya, Muskat, Moby
Dick, Gravkammeret,Bikubesong, Mormor og de 8 ungene, Taste-Priv mm. Gamle
album har vorte oppdaga på nytt.

Kpt K

9:38s 136:23w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Sen aftenstund uden stjerneskin - fra Aslakbesten

"I ere nu meget trette og lenges land at se. Lad ikke mismod vederfares
eder! Snart vil eders øine skue de smukke palmekyste. Da vil all
streven, alle de mødige dage vendes om til lykksalighed. Kun få dage og
timer stå nå mellem den trettende sjøfart og den lykkelige landing. Se
nu bare til at kysten med sine skarpe kante ikke få gjøre eders fartøi
fortred.

Hils den smukke unge dame fra oss to gamle foreldre."

De skal me. Alle helsingar, tankar og bønner har teke oss ei liten dag
frå oppankring, steinstøtter, palmer og bananer på Hiva Oa. Rorvakta som
fyrst ser land er lova kald eplecider på flaske.

9:47S 137:15W
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Land i sikte - Stillehavets Lofoten!

Ankeret ligg nå i 6 m sand i ly på vestsida av Fatu Hiva. Alt vel! Etter
litt mat og ein runde med eplecider skal me nå GÅ til ein 60 meter foss
som stupar seg ned i eit naturbasseng der me endeleg skal lauka våre
sure lekamar og verta gullande reine.

Fatu Hiva ei eventyrborg som stig opp av 3000m hav til ei 1000m grøn
piggkrone. Det ligg nokre få hus med fiskarar her, utanom dei er me
aleine saman med 10 andre seglarar på denne eine oppankringsstaden. Den
stupbratte øya pressar sterk vind ned skåret som endar opp i denne
tronge vika. Men me ligg fast på flatt vatn tett til land. Ein betre stad
finnes ikkje til å gjera ære på over tre veker på havet.

Me har ikkje sjekka inn og vil difor berre kunne ligge her nokre få
dagar før me lyt fara vidare.

K

10:28s 138:40
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Fatu Hiva

Vår mildt sagt lange overfart er over! Me klarte det, me e ferdige! =D
=D
Dette er Livet!

Fatu Hiva.

I går vakna me til land i sikte. 22 dagar på det åpne hav. Me har kunn
sitt ein båt på vår lange ferd. Ellers har me ikkje sitt tegn til liv,
og me har ikkje kunna bevega oss utforbi desse 44fota. Tidvis fred, fryd
og gammen, tidvis følelsen av ... hmm ja kanskje som å vera i fengsel?

MEN nå er me her! Me e på Marquesas, og eg kan melda om at denne plassen
er usannsynlig vakker og verd kver kjedelige stund på vei hit.  Øya er
kjent for å vera vakker, og det er ikkje vanskelig å forstå. Her er
någen sitat frå kartboka: "..it is the most beautiful island in the
Marquises.." og "..the most unspoild..".
Øya har ikkje internett, vaskeri, kafe eller noken av tinga me drømte om
når me tenkte på å komma i land.  Men det drite me i!, dei tinga er
ikkje lenger vår drøm :) Trur ikkje me kunne komt til bedre plass.

Etter å ha slept anker, vask ut carbiner, bad, kjøkken og stue slengte
me oss i dingien (påhengsen) og kom oss iland.
Me blei møtt av ei jenta som sprang bort til oss for hu ville invitera
oss på middag. Hu og mora pleier lage middag for seilerane som kjem her.
Så der skal me i kveld. Det er forøvrig kun jordomseilerar som kommer
hit. Det er ikkje mulig å komma seg her t på mange andre måtar.

I går gjekk me til ein foss, ca 1 time å gå. Nå skulle eg vore i skildre
modus for dette krever god skildring.  Me fekk iallfall et eventlyrlig
ferskvannsbad! Det va kun oss 4 jentene, SivAnne, Liva, Anne og meg.
Øyeblikket minte meg om scenar fra norsk film. Adle spliters nakne i
fossen. Å så deilig å vaska seg i ferskvatn. Reine og fornøyde snirkla
me oss heim i ulent tereng, med blomster bak nyvaska øyrer og store gule
blomster strødd om oss på stien.

I dag har me funnet ut ka den lokale tiå e... fira timar forskjell frå
Galapagos, og 10? trur eg det e fra Norge. Siv ANne og meg møtte Jon,
vår venn fra Basq. Me har hatt kontakt denne kjekke karen heilt frå
Panama. Me tri gikk tur til ein fjelltopp her. Me traff og ein fra
usa som blei med oss sista stykke til toppen. Han broren og ein venn
seile,og har ikkje motor. Tøffingar.

Fatu Hiva. Det snakke for seg sjølv. Me trekk til oss øyeblikkene og
nyter livet. Så heldige me er.

Julie
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Fatu Futen

Likninga er sendt ut for 2009 og futen ber om evt endringar innan 31.
april. Det gir oss eit par dagar til i eventyrlandskap før me lyt ta til
større øy med internett. Men då håpar at me også vil kunne sende dykk
nokre bilder frå dei siste vekene.

Det skal vera ein landsby til på øya som totalt utgjer omlag 700
pesonar, utall villgjeiter og ukjent antall villsvin. Det er ingenting å
kjøpe, men alle vil bytte bananer, appelsiner, mat og handkraft mot tau,
patroner og evt alt anna som du har med deg. Utan patroner skjer jakta
med kniv. Desse tatuerte villmenn tek då med hunden i båten rund på
andre sida av øya og jagar seg ei gjeit eller ein gris for ein kjem seg
ikkje over den bratte fjellkammen.

Kva ettermiddag når sola kjem i skuggen for høgt land er det volleyball
og musikk på stranda. Forutan litt barbar jakt, kose fiske, frukt
sanking og at det vert byggd betongveg mellom landsbyane i desse dagar
verkar livet veldig rolig på denne øya. Heile dagen kan ein sjå folk
sitte å prate og slappe av i skuggen.

Nå er det morgon. "Tennåringsjentene" søv ut etter besøk på amerikansk
guttebåt med poteteskaker og raudvin. Anne søv også. Liva kravlar, går
rundt i båten og leitar etter papir som ho kan rive sundt og andre ring
som er rydda på plass som ho kan rive ut. Eg skal straks finne meg ein
boks med sardiner og ta meg ei heime-gassgrilla skive.

I fred,
Kpt K

Fatu Hiva


To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Jakt og jubalong

Julie og Siv Anne inviterte amerikanske unge menn på middag i går kveld.
Dagen før hadde dei vore over på blekksprut og bananer hjå dei. Me har
fått ny dingy (lettbåt) som er liten (max 2 pers - me er 4+liva) og søt
(kvit med grått og innvendig aliminiumsbotn). Motoeren er "Vincent" ein
2hp Honda firetakter. Etter at me alt fyrste dagen ser ut til å ha mista
ei åre har me starta å passe ekstra godt på den. Det vart ein liten
stopp i gitarspelinga når seglebomsane såg over rekka og fann at
lettbåten deira hadde segla vekk utan dei. Båten deira "Enchantress"
skal vera svært enkel. Det var liksom toppen at den halvdøde dingyen nå
var forsvunne, men humøret såg ikkje ut til å ta det veldig ille. Vinden
og straumen går rett ut frå ankringsplassen ut til storhavet. Båten var
forsvunne. Men no for ein time sidan kom ein fiskar med lettbåten!

Med på middagen inviterte me også ein båt som kom i går "The secret
agent man". Det er ein konvertert (har no teke med seg ei ung blond)
soloseglar frå Seattle. Eg skal ta med agenten ut på villgjeitjakt nå om
ein time. Har slipt knivane bak på hekken alt. I morgon får de høyre om
grilling på stranda eller så vert det tust - bla bla som om ingenting
var hent - då vart det lite gjeit og mykje sårekne.

På dei tre vekene me segla frå Galapagos i medstraum vaks det mykje på
sidene av båten. Julie og Siv-Anne har teke morgongym to dagar no for å
skrape vekk tentaklar, rur og grønske. Me har vorte rektig fine nå. Båten
gror mindre nå når me er ute av straumen.

No er det frokost. Havregrøt med kanel, sukker og rosiner.

Kpt K
Fatu Hiva
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Se! Se!

"Se! Se!" Liva peiker opp på gjeitene i fjellskrenten. Men nett før me tek
ut kjøyrer ein lokal lettbåt forbi. Eg vinkar den inn og spør om det er
fritt vilt. "No, no. Privat. On the other side wild." Der røyk den jakta.
Eric (The secret agent man) og eg tek oss difor berre ein fjelltur. Etter
ein liten klatretur kjem me oss opp på kammen. Der bestig me nokre av dei
fyrste tennene og får nydeleg usikt over oppankringa under oss. Vidare
følgjer me kjammen oppover. Eric ser ei lysegrøn renne ned i dalen frå den
siste spissen på toppen. Han verkar litt slitt etter lengre tid på havet og
foreslår denne renna som ein enklare nedstigning. Eg seier at det ikkje kjem
til å verta lettare, men at eg gjerne er med på eit eventyr. Me rullar, glir
og dett nedover den 3 meter høge "ormegras juvet". Eg høyrer han mistar
kontrollen og rasar nedover på dei sleipe stilkane og gjørma. Stadig vert me
angripe og stukke av veps. Me ser ikkje kva som ventar oss. Til slutt kjem
me oss ned i eit skår der me følg bekken nedover. Det er sleipt og bratt på
steinane. Nokon stader firer me oss ned på lianer. Andre stader går me  i
troll-skog, av og til opent, stundom tett. Me fann frukter, kokusnøtter,
blomar, krabbar(!) og kreps i bekken. Nede tok me oss eit bad i kulpen og
var godt nøgde med turen.

Tilbake på båten venta ferskt brød og kvil i skuggen. Medan Julie og Siv
Anne kasta seg med ungdomen i volleyball, leik og song lurte familien seg
opp i kulpen ved solnedgang og fekk seg eit magisk augneblikk saman. Liva
elskar vatnet. Anne elskar å vera rein - og at henner mann luktar godt. Og
eg, eg elskar Anne og Liva.

Kpt K
Fatu Hiva
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Livet går videre på Fatu Hiva

Det sosiale livet vårt blomstrer. Vi møter både hyggelige innfødte og
seilere. De lokale spiller "gangster" volleyball (som Julie kaller det)
hver kveld, og til tross for at de er mye bedre enn oss er det alltid
plass på ett lag - dersom vi tilfeldigvis skulle gå forbi.

Noen ganger må vi bytte til oss frukt, andre ganger får vi det servert
gratis. Her en kveld etter vi hadde spilt volleyball hadde jeg og Julie
fått i oppgave å bytte til oss noen egg for en t-skjorte. Vi FIKK 14 egg
og en flaske coca-cola, vi prøvde å gi dem t-skjorten allikevel men de
ville ikke ha den, det viktigste var at vi kom og var med å spilte
volleyball neste dag også.

Meg og Julie inviterte oss selv på besøk til nabobåten, våre nysgjerrige
sjeler måtte bare utforske denne gamle seilbåten fra 1968. Ved hjelp av
"bestemors poteteskaker" som Julie hadde laget, sjarmerte vi guttene på
Enchantresse. Mannskapet består av en pirat fra Utah og en fra Atlanta,
men også en ung "uheldig" mann fra Utah som ble Shanghaied* på
Galapagos. Den ene på "rømmen" fra Utah (USA), mens den andre ikke kan
komme tilbake fort nok - han må finne ett sted hvor han får jobbet og
tjent nok penger til å kjøpe ein flybillett...
Lynkurset i seiling, måtte med ett bli enda raskere da motoren deres
brøt sammen i Mexico. Som ekte pirater har de fortsatt optimistisk
videre uten motor, i retning Australia eller New Zealand. Etter å ha
vært på middagsbesøk i vår flotte fantastiske båt, forsvant dingien
deres ut på  egent eventyr. En leteaksjon ble satt i gang, men dingien
var og ble forduftet. Neste morgen kom en lokal fiskermann med dingien
på slep. Han hadde funnet den flytende langt ute på åpent hav..!

På andre siden av oss ligger en båt som heter secret agent man, der bor
Eric med sitt nye mannskap Liz. Også disse er fra USA. Eric har bodd i
denne båten i 6 år før han begynte på denne turen, så det var en
selvfølge at også denne båten måtte utforskes. Liz inviterte oss og
piratene på middag. Siden vi hadde klart å få tak i egg bidrog vi med
dessert - brownies. Piratene hadde laget chips fra den lokale
brødfrukten de har her. Etter ett kongelig måltid endte kvelden med
musikk og sang, før piratene padlet oss tilbake til vårt flytende hjem.
(Påhengsen på dingien deres har også tatt kvelden..)

Til tross for manglende fransk, klarte piratene og influere landsbyen
med suksessfull frisbee spilling. Det var usikkerhet på hvor mange som
ville være med, men da de begynte å kaste rundt på frisbeen økte
interessen fort. Små og store, gamle og unge ble med - sirkelen vokste
forbausende raskt. Reglene ble forklart på engelsk til oss andre
seilere, og på "tegnspråk" til de lokale. Jeg kan nevne ivrige spillere
som tar frisbeen fra andre på laget, og to gamle menn som låg på bakken
og slåss om den..
Etter å ha badet i elven satte vi (meg, Julie, piratene, Eric og Liz)
oss ned sammen med de lokale. Etter en liten stund kom noen med en gitar
og en ukulele. Det ble sang og musikk, tatling og litt dansing til
"langt" ut på kvelden.

*Shanghaied = Fritt oversatt fra piratspråket: Pirater finner gjerne
nytt mannskap ved å ta med seg noen fra en bar. Den heldige våkner opp
dagen etter midt ute på havet og har to valg; svømme på land eller følge
skuten.

Imorgen kan det være vi seiler videre til Ua Pou, så i dag blir det litt
jobbing; fylle vanntanken, fikse litt småting etc.



Siv Anne
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Ulovlege imigrantar til EU

"I hate their culture! Everyone has a big freezer and a microwave. When
they get hungry they just grab something and heat it. They never eat
together. Only one percent has passport, jet they act as if they rule
the world", Nederlenderen gliser og prater i veg om Amerikanarar til
Anne medan dei vaskar klede i stampen under kranen på kaien. "I tell
them: Welcome to the first world. Obama just got the new health system
through the Senate." Han fortel vidare at Frankrike har fått kniven på
strupen og måtta definere Fransk Polinesia som EU, ellers ville
pengestøtten stoppe. Så no er me i EU! (Framleis har me ikkje fått sjekka
inn, kanskje tek me ut til seint internett og innsjekking på Ua Pou alt i
dag eller i morgon.)

Ein Australsk båt kom og ankra opp framom oss. Me og andre har fleire
høver åtvara han fordi den har dårleg feste og ligg stundom svært nære
oss. Men den standhaftige har rekna ut at det vil gå bra. Likevel tok han
inn på kjettingen berre for rett etter å svinge rett framom oss. Eg kom
tilbake med Liva i dingyen og såg at dette ikkje var bra. Eg fortalte han
at me gjerne ville flytte om han fann det vanskeleg sjølv. Rett etter
hadde me baugspydet vårt langt inne i cockpiten hans. Då fekk kona fart
på seg og kommanderte kapteinen ankeret opp. Seinare var eg innom og
"takka" dei, då kunne dei fortelje at dei nok aldri ville ha komme borti
oss. Ein "Odd Børredsen" frå Østeriket er crew, men sitt aldri saman med
paret. Han fortel at nok er nok med kapteinen (gamle vennen) som alltid
har "rett". I ei veke har han fått servert råtten kylling. Ja, ja.

I går kveld kom ein soloseglar (31 dagar frå Chile) inn for oppankring.
Skyer
dekka den ellers så lyse fullmånen så eg heiv meg i dingyen for å hjelpe
han etter at han vart jaga frå anna oppankring. Han var svært sett på å
ligge fremst av dei nå ca 10 båtane her. Her framme er det mykje stein og
nokre få områder med sand. Me snorkla ankeret inn ei ein stor sannhaug då
me kom. I
natt vakna me av at han slo inn i ankerkjettingen vår etter å ha komme på
rek. Ingen skade skjedd, men alltid ubehageleg å vakne av smell og
skrammel. På ein trong ankerplass verkar det å vera ei tynn linje mellom
godt naboskap og frykt for at naboen kjem til å smelle inn i ein. Difor
er det ofte med delt glede du tek imot nye seglarar som ankrar opp ved
sida av ein. Stundom høyrer me trist at engstelege oppankra seglarar
brukar sterke og stygge ord mot dei annkomne. Me prøver å vera velkomne.
Tenk komme til land etter ein månad på havet. Då er det kjekt med ein
velkomst og smil. Så får det heller vera at me ikkje alltid søv så godt
og får litt storfisk i kjettingen.

Kpt K

To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: OKEY BYE BYE !

Ein liten hilsen før me forsvinne fra båten.

Ettersom me skal nå ett fly på Tahiti den 21.mai må me komme oss dit på
egenhånd. Anne og Kleng har lyst å bli på Marquesas. Me måtte då tre
valg:
1. Bli i Marquesas og ta fly til Tahiti, dvs gå glipp av Atollene
2. Ta cruisebåt til Tahiti, den går idag (1.mai) og e på Tahiti den
   7.mai
3. Finne en seilbåt som har planer om å være på Tahiti innen flyet vårt
går.

Torsdag: Det var ein cruisebåt inne i havnen her på Hiva Oa, meg og
Julie fikk omvisning og spurte om me kunne jobbe og få være med til
Tahiti. Nila som viste oss rundt var positiv, Michel (sønnen av the big
boss om me forstod riktig) var også positiv, kapteinen var positiv - men
de måtte spør the big boss i Tahiti før de kunne si ja. Me avtalte å
ringe seinere samme kvelden, evt dagen etter.

Meg og Julie tok en tur rundt og hilse på de andre seilbåtene, fortalte
historien om at me måtte til Tahiti og kanskje skulle være med
cruiseskipet. Sebastian var på besøk på en annen båt og fortalte at han
skulle hente broren i Tahiti den 22.mai så me kunne være med ham. Vi
inviterte ham til middag samme kveld, for å snakke om forslaget.

Vi ringte dermed aldri cruiseskipet, og boarda igår Gwen Ru - den 33
fot "store" båten til Sebastian. Me måtte skaffe mat sjøl, så igår va me
på butikken og handla for 15 dager, Julie skaffa haik tilbake til kaien.
Kleng og Anne har og vært gavmilde og sendte med oss litt div som feks
brownies :)

Planen e å seile til Fatu Hiva idag, dersom me finne ut at me isje
like oss på båten, gir me beskjed til Kleng og Anne - og de hente oss
der. Mest sannsynlig seile me imårå vidare til Atollene - ca 5 dagers
tur. Og blir der til me seile til Papeete (Tahiti) den 15./16.mai.
Sebastian har ikke sail-mail så me får isje skriva mail ut til folket,
men kjente og kjære høre fra oss når me har tilgang til mail :)

Sebastian har en blog http://GWENRU.fr
Julie har vært på bloggen, mens andre har hatt problemer med å finne
den. Ett triks skal være å søke på navnet på båten Gwen Ru (som betyr
rød vin). Det kan også være at han har glemt å betale for siden, og at
den derfor er nede nå?!?
Det er mulig å sende SSB melding til oss på hans båt, samme som hos Anne
og Kleng - men bruk nr til Sebastian: + 88 16 32 52 29 73
Vi kan ikke svare, men setter pris på å hørre fra våre bekjente :)

Etter litt om og men har vi fått bestilt flybillett til London. Videre
fikser vi neste gang vi finner nett :) Me e i London den 23. mai.

Nye eventyr på GWEN RU vente :)


En liten frå søster...:

Okey bye bye La Familia!
I drøye 2,5 mnd har denne båten vert mitt hjem. Høres kanskje ikke så
lenge ut... men vi har opplevd så mye sammen at tiden blir missvisende.
For en reise! Det må bare oppleves =) Jeg vil benytte annledningen til å
takke så mye for meg! Tusen takk for meg ;) La Familia i vid forstand.
Her har familien virkelig fått levd sammen. Nesten som å gjennoppleve å
flytte hjemmenfra nå som vi hopper av ;) Noe av det største har det vel
vert å få oppleve Liva, og det er vanskeligere enn jeg trodde å forlate
henne. Heldigvis er jeg fasteren hennes og har dermed har en stor sjanse
for å få masse tid sammen med henne i fremtiden! Halleluja! Gleder meg
allerede til det! selv om hun forsatt sitter her på siden av meg =)
Takk til Anne og Kleng som virkelig har åpnet sitt hjem for meg! Det
samme gjelder for dere når dere kommer husløse hjem : Mi casa es su
casa!

Siv Anne og meg glede oss til nye eventyr på neste båt, samtidig som det
er med et lite stikk i hjertet å forlate La Familia.

Dere er i mine bønner. Måtte dere og båten være velsigna med trygghet og
eventyrlige møter med mennesker og dyr ;) Takk for denne gang!

Kyss klapp og klem fra verdens beste søster og tante Julie.

Båten hette La Familia, og kunne isje vært bedre. Ved å "flytte" ombord
her føle en seg virkelig som en del av familien. Takk for den utrolig
fantastiske tiden eg har fått vært her ombord. God tur vidare, og glede
meg t å treffast igjen :)

Siv Anne
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Regnet kom - jentene reiste

Me vil ikkje reise her ifrå, sånn kjennest det å komme til Marquesas. Og
etter å ha sjekka muligheter syner det seg at det er mogleg å ha båten på
Tahiti gjennom syklonsesongen. Dermed treng ein ikke hasta gjennom paradis
for å nå Auistralia eller New Zealand innen hausten. Då girar me ned nokre
hakk på progresjonen vestover.

Siv Anne og Julie klarte å sjarmere ein ung franskmann og har no flytta
over til Sebastien Josset på SY Gwen Ru (Rød vin) for ein to vekers
seglas innom atolla til Tahiti. Det vart ikkje vanskelig for dei å finne
skyss, fleire ungkarar sto i kø for å ta imot dei. Men dei må nå Tahiti
innen den 20. mai ca, og Sebastien er ein trivelig kar og erfaren seglar.
Etter 1-3 månadar saman med oss er dei no på veg heim. Det er mogleg å
sende satelittsms til båten deira på +881632522973 eller kikke på bloggen
www.gwenru.fr. Me hadde mimre- og avslutningsmiddag saman igår.

Ein Siciliansk Swan 59 la seg kloss opp i oss igår. Dei vart kjent med oss
frå Fatu Hiva og håpa på jentebesøk. De fekk dei også, men berre ei kort
omsyning for no tek jentene altså sørover. Fleire gonger har unge menn
frå ulike deler av verden komme innom båten med sin kontaktinfo, ofte
til Julie og Siv Anne, men også for at dei ynskjer å halde kontakt med
oss. Det er kanskje 10-15 båtar her og dei fleste smilar og kjenner til
oss. Blonde jenter og baby sjarmerer ser det ut til.

Arbeiderane sin dag feirer me no med å rydde ut og vaske båten. Eg lyt
vente til måndag med å få hjelp til å fikse Vincent som framleis lek
olje og bytte ei forlenging som vart sett inn i akterstaget etter
justering av riggen, den slår nå sprekker. La Fam tek nok ei veke til på
Hiva Oa. Får me lagt båten her i Polinesia over orkansesongen har me
plutseleg seks gode månadar til å kose oss på fantastiske øyar, lagunar
og atoll.

Eg kan få litt internett frå eit Pensjonat om eg sett meg på land med
Wifi-antenna, men det regnar så eg sender denne helsinga på satelitten.
Kanskje me kan få til litt Skype med lyd og bilder?

9:48s 139:02w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Å gå i land på ei stillehavsøy...

Vi lettet anker fra Hiva Oa i dag tidlig. Og det var på tide. Både
akteranker og ankeret fremme satt godt fast i den seige svarte gjørma på
dypet. Men vi kom oss avgårde til slutt, uten å reke i noen av
nabobåtene under den interessante "lette anker prosessen". Fram,
tilbake, fram, fram, fram.

To korte timer til neste øy. Hit! Tahuata, Baie Vatiahu. Vi går fra
hærlighet til hærlighet! Her dupper vi i krystallklart vann sammen med
kun to andre båter, får solnedgangen midt i fleisen, og har ei nydelig
sandstrand å strande på... En gjeng med smågriser nøffer rundt i sanden,
og det er spent opp store nett mellom noen av palmene som man kan hvile
seg i. Som kjempestore hengekøyer. Idyll! I ettermiddag har vi grilla
på stranda sammen med noen danske naboer. Liva har fått spist sin dose
med sand - etter nesten to mnd siden forrige strandbesøk. En deilig dag!

Temperaturen sniker seg ned til 28.2 C nå på kvelden, (det blir neppe
bunad på 17. mai).
Posisjon: 9.54.76s, 139.06.44w

Anne :)
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no, sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: God morgon Noreg!

Kjære landsmenn!

Lenger vekk frå deg vårt kjære heimland er det uråd å komme enn til
dette Polynesia. Men når no sola senkar seg i havet er det nett det same
lys som skal stige opp og skine opp Noregs døtre og søner i fargerike
nasjonaldrakter og vårt raude, kvite og blå banner på vårt Noregs
frigjeringsdag 2010 år etter Kristus sat heile verda fri. Tredeve
grader, blå himmel, palmesus og strandhogg på ei stillehavsøy klarar
ikkje å øydelegge den gode følelsen og minna om vondt i magen etter for
mange is og pølser, tidleg vekking frå tuting frå bilkortesje, snakk om
været, kløen av bunad og vonde bein i tronge sko. Nei, du mitt Noreg har
aldri vore nærare enn i dag. Me helsar deg og alle dine. Måtte talane
verta lange, været ustabilt og kleda tilgrisa av mat frå barneleik!  Og
måtte felles frukost med vener ilag, heimebakte kaker på misjonshuset og
møte med gamle kjente på gata fylle dykk med glede og framtids håp.

Fred og fridom frå oss på havet,
Anne, Liva & Kleng
SY La Familia
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Åleine i paradis

Skulle du klare å zoome inn på Google Earth på ei einsom strand på ei
Stillehavsøy og sjå tre kvite prikkar kan det hende det er det lyse
håret til Liva, brysta til Anne og rompa mi. Me lev ut Stillehavdraumen
som nakne "skibrudne". Heilt åleine er me ikkje for snart kjem det små
griser og vil dele pinnebrød, kokusnøtter og grapefrukt med oss. Ein
hest kom også å helsa på. Det er ei lita hytte her som det kjem folk
innom ein gong i veka for sjå til. Dei har gjeve våre danske
frender lov til å nytta regnvatndusj i hagen og forsyne seg av trea. Me
gjer no det same.

Me ligg i hengekløyer som er laga av trålarnett som er spennæt opp
mellom palmenen på stranda. Der ligg me og ser på vår einsome oppankra
seglbåt, dønningane som stadig vert større og trugar tilbakekomst med
lettbåt og tenkjer på haien, større enn lettbåten, som våre venner traff
under snorkling. Den gjekk bein mot Rune, stoppa og sirkla tre gonger
før den luska vidare. Me har lært at Hai eigentleg ikkje er farleg. Dei
er kanskje litt som hundar i havet. Eg likar ikkje framande hundar.
Havet er så klart og fiskane så mange så eg kjem likevel til å lure meg
ut på ny snorklerunde i dag.

Det er sundag og Anne sine heimelaga kjøttkaker på menyen. Banankake til
dessert.













To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Ny strand

Me feira 17.mai med vakning til ny dag for oss sjølv i ei av dei buktene
som skal vera best snorkling i Marquesas. Liva og Kleng åt havregraut,
som vanleg, men med Anne vart det pannekaker. Kleng plupsa uti og fann
fiskar han før aldri hadde sett. Hadde han teke med seg harpunen er han
viss på at han ville kunne ha skutt 3 gode matfisk i same skot. Om han
hadde fått dei med seg tilbake er noko utsikkert, for mellom
snorklestaden og båten patruljerer hai som gjerne tek maten frå ein
stolt jeger.

Me tok dingyen til neste bukt der det var ein liten landsby. Butikken
vart låst opp for oss og me fekk kjøpt 17-mai is og limonade før me vart
invitert på samling i den vesle kyrkja. Det var biskopbesøk og stor
stas. Ved nattverden kom biskopen springande ned benkeradene og tok
nattverdoblatet frå ei litt betutta Anne som hadde venta forjeves på å
få dyppa den i vinen og tok den difor med seg(?). Han snappa den ut av
handa henner og la den tilbake i sølvboksen som vart låst inn.

Etterpå var det festmåltid på det opne forsanlingshuset. Liva fekk to
små venniner som hadde dei fine namna Penger og Alkohol! Alle kvinnene
røykte. Det vart Polynesisk dans for biskopen før maten var klar. Me var
blitt invitert av fleire, men når startsignalet gjekk for maten pressa
alle seg på og me vart ståande litt på vent på vår eigen 17.mai fest.
Nett når eg skulle gå å forsyne meg kom ei dame bort og sa at kjettingen
var røket og at båten vår var på fri drift ut mot havet. Eg spratt opp
og ned på stranda, men kunne sjå at den låg fint i neste bukt. Ein bil
vinka på meg. Dei kunne fortelje at det hadde vore ein stor eksplosjon
når dei skulle lage veg og at båten var truffet av store steinar. Eg tok
meg til hovudet. Nei, ikkje noko problem. Eksplosjonen skal vera om 8
min. Du må flytte båten. Eg kasta meg i dingyen, kom meg ut til båten og
fekk signalisert til arbeidsfolk på land at eg var på veg ut. Etter å ha
flytta båten og komme meg tilbake var festen over. Ingen 17.mai lunsj på
Kleng. Anne laga nudler og nydelege wok-restar til meg og alt var godt
igjen. Ei uforgløymeleg 17.mai vart avslutta med snorkling, paela og alt
formykje brownies.

9.55s 139.06w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Barnevakt

Larry og Kim (Helen - men kalla seg Kim når ho var ute på vift med
venninene og vart difor Kim då ho traff Larry) skal vera step-in
besteforeldre for Liva når kjæresteparet skal ut å snorkle. Me traff dei
i Hiva Oa etter at me vart fyrste menneska dei snakka med etter
langturen frå Mexiko så no skal det vera bilde av både Liva og meg på
www.svmagenta.com.

Andre planar for dagen er å vaske vekk groe under og på sidene av båten.
Ete vår siste pomplemos. Kanskje kan det verta pinnebrød på land og
rester frå brownies på andre dagen også?

Liva "rydder" no bordet.
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Ingen e så go som du da!

Kleng hadde alle disse prosjektene som han trodde det skulle bli tid til
når vi la ut på denne turen... Tiden har løpt litt fra han, og det har
blitt mest seiling, fiksing, organisering og å være pappa. Men nå har vi
rolige dager, og i morgen har han bestemt seg for å ta frem gitaren og
lære seg noen grep. Jeg gleder meg til kvelden når han skal fremføre
Kjærlighetsvisa. - på nord-norsk selvfølgelig;)

Ingen e så go som du, da!

Ha en vakker dag!

Anne
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Kjeldevatn og klomrian

Skulle den svarte vulkansanden sleppe vatnet slik at du fekk god sikt
til å dykke ned på omlag 10 meter i vika Hanamenu kan det godt hende at
du finn noko langt og gult. Like etter at eg mista Hawaii-slynga mi kom
4-5 store makrellar og bada med meg. Sikten var elendig og sjølv etter
fleire dykk kunne eg ikkje finne leika mi att. Enorme rokker svøm også
her. Då eg var ute i Dingyen kom dei og helsa på meg og "segla" rundt
båten.

Me gjorde landkjenning med den vesle kvite dingyen ved utlaupe av ein
liten bekk vest på den svarte sandstranda. Etter at Leo ynskja oss
velkommen frå feriehytta si og overleste oss med paplemos (vår favoritt)
gjekk me å bada i kulpen under utspringet av kjelda. Den kjem beint ut
av berget og dannar ein oase i det tørre landskapet her på nordsida av
Hiva Oa. Vatnet var friskt, klart og smaka fantasisk. Liva bada. Kleng
bada og Anne bada.

Me tok med oss ein familie med slekt og venner av sandfluer på veg til
neste bukt Hanaiapa. Dei er som bananfluer berre at me som har invitert
dei med endar opp med å klø rundt på kroppen. Nå på andre dagen ser dei
ut til å endeleg verta leie oss og søkje nye moglegheiter andre stader.

9:421s 138:596w Hanaiapa, Hiva Oa, Marquesas

PS! Skriv gjerne helsingar på sms til oss slik som me mellom anna har
hatt glede av at Johanne, Besten&Besta, Trond Boge, Ole-Marius og andre
har gjort.
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Knockin`on heaven`s door

Kjærleiksvisa av Halfdan Sivertsen og "ingen er så god som du" vart til
Knockin`on heavens`s door. Tretten grep vart for mykje på ein dag, fire
var perfekt. Så kjære anne: "It`s getting dark, too dark to see. Feels
like I`m knockin`on heavens`s door."

Liva dansar med. Ei god veke til den store dagen.

9:421s 138:596w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Subject: Rikdom er hva du gir, ikke hva du har... :)

Jeg må bare dele noen av disse fantastiske øyeblikkene med noen av dere
der hjemme. Skal i alle fall forsøke å male et bilde med ord...

Vi seiler langs nordkysten av Hiva Oa nå. Tar en dag her, et par dager
der, og så seiler vi videre når vi føler for det. De siste
ankringsstedene har vi ligget alene eller sammen med èn annen seilbåt.
På land bor det en og to og tre ungkarer eller familier. Når vi går i
land på strendene her tropper vi egentlig opp i hagene til folk. Der har
de båtene sine, kokospalmene sine, og hundene pluss en del andre rare
dyr som vandrer rundt. De har hengekøyer i skyggen av trærne, og litt
lenger inn har de frukttrærne sine. Det er ingen selvfølge at vi kan
bare troppe opp og vandre rundt der. Men på hvert sted blir vi ønsket
velkommen. Ja, kom hit! Følg etter. Se her, ta med litt frukt! Nei, ikke
vær beskjeden, se her! Så fylles veska og favnen om vi har plass.
Værsågod! No problem! Ja, ta et bad i kulpen ved kildevannet. Velkommen!

I dag tidlig tok vi dinghyen inn til land for å bade litt før sola blei
for sterk. Liva øvde på å gå sammen med Kleng på stranda mens jeg tok en
bleievask i elva her. Vi hilste på en kar som bor her, og etter
bleievask og gåtrening inviterte han oss bort på morrakaffe utenfor
hytta si. Der skulle du ha vøri Susanna! (Mi stylistvenninne som ville
ropt rundt seg; åååååå, det er så fiiiiint!) Vi satt på en slitt
hjemmesnekra benk i skyggen av fletta palmeblader og drakk søt kaffe med
tørka bananer attåt. Ned fra taket hang flettede kurver og uthula
kokosnøtter med toalettsaker, sigaretter og hva man ellers måtte trenge
for å bo i ei lita hytte i paradis. Vår venn fortalte om hverdagen sin
som går ut på å sanke kokosnøtter som brukes til å produsere olje, og
noen intensive måneder med fiske langs kysten her. Han var fornøyd med
tilværelsen; jeg er min egen sjef. Bon! Og mens vi sitter der blir vi
bare snikoverøst med gaver: Melon, agurk, øredobber av skjell som Liva
skal få til bursdagen sin, ei kokosnøttkorg (som jeg likte veldig
godt!), og tørka bananer - som er god til kaffen! Det slår oss når vi er
på vei tilbake til båten at hver gang vi kommer fra land har vi fått noe
av de vi har møtt. - Uten at vi har bedt om noe! Det gjør at vi føler
oss veldig velkommen, men mest av alt forteller det meg at de vi treffer
er fornøyde mennesker som ikke er redd for å dele av det de har. Jeg
tror det er tegn på et rikt liv.

9:458s 138:53w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Tapte fisk og andre historiar

I Panama investerte me i to slynger, to Riffe-spearguns, snorklar,
finnar og masker. Lærekurva har vore bratt berre for å kunne dykke ned
og bli ei tid der nede. Men no trengte familien fisk og kapteinen gjorde
klart for å ta sitt fyrste skot. Eg svømte ut til enden av bukta me låg
i og dykka ned. Eg var plaga med vatn i maska og for mykje oppdrift så
eg fann aldri roen. Så snart eg hadde komme ned ville eg opp at til luft
og god sikt. På veg tilbake svømte eg seint og dykka oppgitt eit par
siste gonger, meir for å trene. Så fekk eg med eit fire fem nysjerrige
flotte matfisk til meg oppe i vassflata, men dei var forne før eg hadde
fått av sikringa. Eg tok meg god tid den siste etappen tilbake til båten
for i det minste å finne noko eg kunne øve på. Så såg eg at haien som eg
hadde sett tidligare og som eg måtte ha sloss med om eventeuell fangst
glei under meg på botn. Nei, vent litt. Det var då ingen hai, men ein
kjempefisk! Eg ville ikkje vera forsein og fyrte av eit skot i
opphisselsen. Spydet fauk gjennom vatnet, men tok ikkje beistet. Hadde
eg berre teke det roleg kunne eg ha dykka mykje nærmare og sett eit
sikkert skot. Det hadde vore litt av ein kjempefangst på mi fyrste pil,
men det vart kjøttkaker og potetmos til middag denne dagen.

To dagar etterpå er me på veg frå Hiva Oa til øya Ua Huka. Me startar
før gryinga for å vera sikker på at me kjem fram i dagslys. Litt utpå
morgonen legg eg med nedpå. Vindroret styrer, segla seiler og Anne held
lesevakt. Brrrrr. Senen renn ut frå fiskestonga. Eg sprett opp og må
stadig strame gearen slik at ikkje alt snøret forsvinn. Stonga står i
spenn og snøret er no så stramt at eg ikkje vågar strame meir. "Den tek
alt snøret", seier Anne. Men i kvar ein pause den har klarar me å snøre
inn nok til å halde den og ikkje lenge etter klarar me å hente litt
etter litt. Me speidar spent i havet etter kva beist me skal grille på
stranda når me kjem fram. Anne hentar hanskar og eg finn fram den store
kleppen. Kleppen bit seg fast i halsen til ein rund, stor, kvit
"tunfisk" med mørke horisontale striper. Perfekt middag! Me inviterer
til fest på stranda! Eg står bak akter med kleppen i fisken. Tek ut
kroken. Fisken sprellar. Blodet sprutar. Vips dreg den av seg halsen og
er fri kleppen. Med 4 knop fart frå sette segl vert me separert frå fest
og glede.

Snøret er nå ute igjen. Det er omlag seks gode timar igjen til å få noko
ferskare og betre.

9:191s 139:099w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Ka-å-ha! (Hei!)

Ankeret ligg no i sand på 15 meter utanfor hovudhamna i Nuku Hiva. Her ligg
omlag 20 seglbåtar og fire fem lokale opne fiskebåtar. På land er to
dagligvarebutikkar, post, bank og kommunehus. I lufta svirrar eit
sakte og dyrt wifi. I natt skal me tjuvkople oss på og få nytt om
askeskyer, vær og venner der heime.

Siden sist kan eg melde om lang svømmetur i hai-hav med kjøttstykker av lam
og villsvin på ryggen, spydfisk som eg såg svømmande i ei bølge mot agnet
vårt (full aktivitet når den tok kroken, tre store hopp og så stakk den med
heile agnet - frå nå skal me fiske med kjetting!), nakenbading i elva på
Commador og klesvasking på morsdagsfest.

To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Stille seng

Baie de Anaho ligg nord aust på Nuku Hiva. Her inne klarar ikkje havet
vogge vår seng. Me motorsegla hit i går frå Taiohae (Marquesas sitt
Judaberg). Bukta endar i delvis fjellformasjonar og delvis
sandstrand. I dalane er det ser det ut til å vera kraftig vegitasjon,
medan ut mot nesa verkar jorda å vera avsvidd, nærast mot ørken. For å
komme til land lyt en ta lettbåten gjennom tronge koralrev. Prosjektet i
dag er å hente fylle vatn. Vatnet her skal vera av ypperleg kvalitet. Då
vil me ha godt med drivstoff, Propane/Butane og vatn. Då er det berre
kanskje stram som me er lave på. Lærdommen er at fire vanlege bilbatteri
frå eit skur i Panama ikkje fungerer godt til servicebatteri for båt. Me
skiftar batteri i Tahiti til neste sesong. Ankerkjettingen må også
skiftast etter at eg "reparerte den" med KR1 og zink i Panama. Nå vert
havet raudt og rust kjem av i store flak på dekk.

Men i dag er det vatn, strand og skjellsamling.

8:4927s 140:0385w Nuku Hiva
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Dagens mattips fra Stillehavet:)

Tante Julie kjøpte et stort gresskar på Galapagos. Vi har leita gjennom
våre oppskriftsbøker på jakt etter et tips om hvordan denne klumpen
kunne tilberedes, uten hell der. Men på seilbåten "Haze" fra København
har de et fantastisk crew som lager de deiligste retter. Andy er en
mannlig utgave av Babette - jeg blir nesten forelska når noen kan lage
så god mat! Han gav meg denne oppskriften, og den ble så vellykket at
jeg vil sende den videre. God fornøyelse!

Græskarsoppe (6pax)

2 stk gresskar
6 stk kartofler
5 løg
1/2 - 1 dl lime
1 1/2 liter grønsags buljong
1 knold ingefær

Hak løk, skrald kartofler + græskar. Svits i stor gryde. Riv ingefær og
svits med. Tilsæt buljong og kog 20 min. Tag av gas, og blend med
stavblender. Tilsæt lime efter behov. Smak til med salt, peber og
fortynd med melk.

Nydelig! Dansk og suppen er nydelig!

Matmor Anne

(ligger fremdeles på flatt vann nord på Nuku Hiva).
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: sigrun.lindaas@gmail.com
Subject: Kva me gjer på i dag?

Desse dagane seglar me rundt Nuku Hiva. Nuku Hiva er hovudøya på
Marquesas og ligg lengst nord av dei øyane som er busett. I natt låg me
i bukta Hatihau som kanskje har 50 innbyggarar, butikk, skule og
volleyballbane. Sjølv om vind og vær kjem på øyane frå aust rullar det
litt i vikene her på nord, i sær når båten legg seg på tvers for
dønningane.

Ankerstaden Anaho som me kom frå var anleis. Der gjorde bukta ein sving
i enden slik at me kunne ligge på flatt vatn i stille senger. Men om
nettene laga ankeret lydar som om det var eit pukkverk. Det synte
seg at me hadde kasta ankeret godt ned i korralane. Kjettingen
forsvant ned i ei sprikke for å komme opp ein heilt annan stad og
retning. Ankeret kunne eg ikkje sjå. Var me nå fanga i paradis?

Liva elska å øve seg på å gå på strendene der og fann stadig nye skjell
å plukke med seg. Eg gjekk på undervatnjakt og fekk ein sølvblank
Goatfish på fyrste skot. Me hadde Waho dagen før så byttet mitt fann
aldri veg til talerken.

Snart var me fem båtar på anker og me fann at me ville vidare. Starta
opp motoren, men ankervinsjen ville verre ned og ikkje opp. Ross på
Sojourn gav meg identisk til den kabelen som hadde gitt seg og som eg
då fekk bytta. Så var me klar igjen. Litt lirking og luring så var
ankeret oppe! Me skulle berre rundt neset og til neste bukt og slepte
difor dingy og hadde gjort minimum av opprydding. Temperaturalarmen for
motoren gjekk og plutseleg segla me. Me kryssa oss inn til oppankring.
Eg kikka på motoren og fann at ferskvatnenivået og oljenivået var bra og
at det måtte vera manglande oljebytte som var årsaka. Igjen kom Ross på
Sojourn over og tok ein titt. Ikkje lenge etterpå hadde han skifta
impelleren til saltvatngjennomtrekket (Takk igjen til Yngve for
ekstradeler og verktøy) og La Familia (motor-) seglar igjen.

Ross og Jo hadde oss over på kvelden på grilla fisk, juice og gitar.
Seglmakar Ross har dei siste 20 åra leia New Zealand sitt lag i Americas
Cup og har jobba som gitartrubadur i ungdommen. Jo er stylist og kokk.
Me laga brød og delte Liva med dei.

No er det frokost for Anne etter at Liva igjen har sovna etter
havregraut og mogonstund med far. Nok ein dag med blå himmel, palmer og
båtliv i Stillehavet.
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Ny ankring - nye muligheiter!

I guiden vår står det at Baie Hakaehu har ein nedlagt gard slik at det
berre er å forsyne seg med pomplemos, karenbol, mango og sitron. Me
ventar til klokka vert to og sola vert litt svakare før me tek dingyen
til land. Før det sender me litt satelittmail, et lunsj og les litt bok.
Les no "Wind, Sand and Stars" som skulle vore ein passande tittel også
for oss hadde det ikkje vore for at Antoine De Saint Exupery skriv om
sine eventyr i lufta.

To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Jakta og bli jakta på

Skal eg straks plupse i havet igjen med harpunen min. I går var eg også
ute her og såg både hai, rokker, fargerike korallfisk og matfisk. Det
vert fyrst spennande om eg skulle klare å spidde middag. Haien er ikkje
farleg for mennskje, men vil gjerne ha sin del av eit bytte. Eg likar
best å dra byttet mitt med meg på enden av spydet, men lokale er raske
med heller å dra det til seg og kaste det i ein balje som dei dreg med
seg.

-8,47259 -140,10685
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: To triste og ein glad

Brrrrrrr, senen forsvinn ut. Eg slepp makaronien tilbake på benken og er
straks oppe med fiskestonga. Eg stramar litt på gearen. Ikkje for stramt
for då ryk senen eller fisken slit seg. Ikkje for slakk for då forsvinn
heile lina ut utan at den eingong har gjort beistet trøtt. Me reduserer
motoren og flyttar på lettbåten. Me går for motor nord-vest på Nuku Hiva
og er i le for bølger og vind. Så rettar stonga seg ut. Eg begynner å
sveive inn, men det er ingenting der. Eg sveiver fortare til eg står med
 bleksprutkroken i handa. Anne er taus.

Eg kastar den ut igjen. Gir marsjfart på motren igjen og er straks på
veg ned då senen igjen flyg ut. Brrrrrrr. Denne gongen skal me få den
inn. Stonga bøyer seg ikkje like mektig med denne fisken, men det vil
framleis vera eit godt måltid for to store og ein liten. Eg slakkar på
motoren og begynner å sveive inn. Den var veldig lett no. Der kjem
kroken og ingen fisk. Eg slepp ut igjen utan å ta kroken heilt opp.
Dette var forerkeleg. To gode fisk på 5 min på tre-arma krok og begge på
havet.

Brrrrrr. Ikkje meir enn at eg hadde fått vore nede og lagt makaronien i
det kokande vatnet så fekk me igjen den herlege lyden av sen som vert
drege ut på snella. Eg strama, men senen gjekk framleis ut. Stonga stod
i spenn sjølv med liten fart. Eg lot senen gå og gå. Prøvte å sveive inn
litt, men det var urå. Meir sen gjekk ut. Så fekk eg inn litt sen. Og
litt til før den tok sen igjen. Eg sveivde sakte inn med full bøy på
fiskestonga. Snart var den slik at me burde få eit glimt. Senen gjekk
rett ned. På nytt tok den ut med senen, men no var det begynt å verta
trøyt. Neste gong me fekk den inn fekk me sjå den. Den la seg slakk på
sida i vatnflata. Wow! Det er ein familierekord! Eg sat hukken i den
medan Anne helte alkohol på gjellene for å bedøve den. Me klara å binde
den med halve Wahoen opp over rekka og halve slepande etter oss i havet.

På bilda er den like lang som eg er høg. Grå og slank med ein finne på
over heile ryggen og eit spist hovud. Eg trur det må vera den største
fisken eg nokon gong har sett! I går kveld hadde alle dei ti båtane og
lokale her i Danielsbay fin fersk kvit fisk på menyen. Fleire vil også
ha det dei neste dagane. Me inviterte oss over på staselege Nordwind på
deilig festmåltid.

I dag skal me gå opp til verdens tredj høgaste foss og ta oss eit bad.
Liva har alt fått eit lag med 50. Når det har turka skal ho få eit lag
med myggmiddel. Så er me klar.

-8,56611 -140,09811
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Oua Pou

Medan meisterskapet for Marquesas var vel igang i leiker som Vaa (kano
med støttehjul), fotball, pingpong, boking (!), tennis, volleyball og
boul på Nuku Hiva letta me anker mot atolla på Tuamoto. Me fekk ikkje
vera med. I jamn seglas på 8-9 knop segla Anne oss til pitstopp på
vestsida av Oua Pou. Me ser omlag fem, seks hus mellom dei fronten av
kyrkja som skill seg ut i mosaikk i blått, gult og raudt. Det gynger
godt på anker og bryt på ei rullesteinstrand. Me skal freista å bunkre
frukt og lage ferdig litt mat for dei neste 4 dagane på havet og ein god
månad på palmeøyer innafor korallrev.

Me har vorte fortalt at me lyt vera varsame når me skal entre atolla.
Ofte er det tronge pasasjar med farlege rev på begge sider og
korall-hovud i leia. Ein skal gå inn med utkikk og med sola i ryggen
høgt på himmelen. Ein kopliserande faktor er at tidevatnet skal ut og
inn den same tronge pasasjen slik at ein kan få farleg straum og høge
bråtsjøar. Me ynskjer å forsøke oss på nokre enkle øyer fyrst før me
kanskje kan avansere til meir krevjande stader.

Ellers heng laken og klede til tørk etter at me ikkje hadde lukka alle
lukene heilt igjen. Me har også opprydding av klede og saker og ting som
har funne seg nye stader etter dagens fine seglas.

PS! Takk for gode meldingar på satelittelefonen. Det er veldig stas. Skriv
til oss du også!

-9,2503 -140,0686
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Familia i farta

Gløym Peer Gynt på bukken og John Wayne på hesteryggen - me rir på
bølgene over det store Stillehav. Står du med eit bein på kvar benk i
cockpit og held deg i sprayhooden vil du oppleve å fly over havet. Då er
me flyet Lennuk. Me dukkar og skyt opp. Det er god trening for far, Liva
og 6 mnd gravide Anne. Me forventa fire dagar, men no ser det ut til at
me er framme på litt over to - men pga timing med sol i ryggen lyt me
vente med å gå inn til den tredje dagen. Me søv på skift og når me kan.

Me har retning mot Raroia - slik som Kon Tiki!

-12,2396 -,141,0942
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Kon Tiki landing på Raroia

I staden for å segla skipet vårt opp korallreva slik som Thor gjorde
klara me å lure oss gjennom passet og svinga oss mellom korallhovuder
fram til oppankring på Garumaoa Village. No er det kjøttkaker, kles
lufting og kvil.

Liva høyrer "Dyrene i Afrika" og vaskar med våtserviettar, Anne søv og
Kleng tastar.

-16,025 -142,282
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Mot nye palmer og bananer

Eg låg krøkt og klorte meg fast bak rattet og forsøkte febrilsk å igjen
komme på slør. Fem minutt tidlegare hadde eg låge å døsa på nattevakt i
fin seglas mellom 8-9 knop. Kapt Nemo styrte. Så kom skya med regn og
vind bang over oss. I 10 min var alt kaos, Texas og Saltstrumen. Anne
var oppe, men var snart nede igjen for å redde ein baby som fløyg vegg i
mellom. Då ho igjen var oppe var me igjennom og vinden, som no hadde
løya, var 30 knop. Fleire squals følgte, men då var me førebudd. Det
vart ei lang og røff natt.

I dag gjer me alt me kan for å bremse ferda slik at me ikkje kjem fram
til gjennomgang i korallrevet før laurdag kl 14. Då skal det vera rett
før fjøra (i følge mine program) og god sikt med sola i ryggen. Me skal
kalle opp evt andre båtar for å få stadfeste dette tidspunktet. På
kartet står det at inngangen har 8 knop straum kvar retning, alt etter
tidevatnet. Det kan ikkje vera kjekt å navigere mellom korallhovud med 8
knop medstraum.

-14,18 -142,02
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Klargjering for seglas til Cook øyane

Blogginnlegg til Olav (brukarnamn: anne, passord:kleng)

Overskrift: Ei lita veke på det store Stillehav

Vinden har i den siste tida vore skiftande og fråverande. Men denne veka
skal den igjen bli stabil frå aust slik at me kan segla på slør mot
Suwarrow, eit atoll i Nordre Cook øyane. Namnet kjem av ein lokal vri på
den fyrst vestlige båten som vitja staden på slutten av 1800-talet.

Det er mogleg å stoppe må Mupiti og Mupillia på vegen, men
passa der er tronge, vanskelege og uråd ved sjø frå enkelte retningar.

No er det tanking, vasking, baking og bading.

La Familia på Bora Bora 16:29.4575s 151:46.9245w (koordinaten må
formaterast til blog-format)
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Maupiti i vårt hjarta

OLAV: For blogg. Fint om du kan legge ut, gjerne med eit bilde frå
nettet. PS! Duogenen genererer bra, men eg treng smørje vekk litt av
duren.

"Vinden hadde vore bra heile morgonen. 15 knop frå aust. Men sola stod
høgt på himlen når me hadde fått tanka og klar båten. I det me kom ut
gjennom passet til Bora Bora løya vinden. Me tok ein litt sein titt på
Grib-fila (nedlasta vindkart) og fann at seglasen vestover ikkje ville
få optimale forhold før om 3-4 dagar. I staden for å vende tilbake
motorsegla me til Mupiti. Me kom oss gjennom eit "artig" pass der like
før solnegang. Under stjernene, med ankeret ute og mat på bordet fekk me
ei herleg kjensle for denne staden. For ei fantastisk stillehavsøy. I
morgon skal me utforske, bade og slappe av. Me planlegg å vera her ei
kort veke før vidare seglas mot Suwarrow."

(må reknast om til tiendelar i staden for sekund - bruk gjerne webtjenste
fo dette "latitude longitude format change...")
16:27.7900s
152:15.1802w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: I'm in love!!

Jeg er forelska! I ei øy og i en sykkel!

Sykkelen først; i marinaen på Raiatea hadde noen av naboene våre
storopprydding i båten sin, og opp fra glemselen kom to "brompton"
foldesykler. En rød og en kremhvit som en lekker kaffemaskin. Tror jeg
forelska meg litt der og da. Etter noen forhandlinger og en kort
tenkepause kjøpte vi syklene. Veldig fornøyd! Syklene ble tatt i bruk
øyeblikkelig, og veien hit og dit ble straks veldig kort. Da vi kom til
Tahaa ble jeg satt på land med den ene sykkelen og hadde en kjempefin
tur opp i en dal og til en vaniljefarm - alt for langt å gå, men med
sykkel: intet problem! Forelskelsen ble bare sterkere.

Så øya: Vi forlot Bora Bora uten å være helt sikker på om det ville bli
noen dagers  seilas mot Suwarrov, eller om vi kunne rekke frem til
Maupiti før solnedgang og ta en pause her. Vi rakk frem, akkurat i tide
for å slippe inn det vanskelige passet i dagslys. (passet: stedet der
korallrevet er dypt nok til at en båt kan passere og komme inn i
lagunen, på Maupiti er dette passet som ei stri elv. Bølgene fra havet
bryter mot korallrevet, så man kan få en følese av å surfe inn på en
bølge). Da vi hadde passert de strenge bølgene og kom inn på flatt
vatten i denne nydelige lagunen var det som om paradis åpenbarte seg i
solnedgangen. For et sted - en pærle! Flaks at vi kom hit! Dagen etter
leita Kleng fram den ene sykkelen igjen og sende meg på ekspedisjon
rundt øya. En takknemlig oppgave! Jeg kjente fort at enda en forelskelse
er på gang. Maupiti møtte meg i solnedgangen, folket møtte meg med smil
og latter, frukt og strisekker fra Tahiti (som jeg skal sy puter av),
blomstrende hager og kildevatten. Jeg er fortapt, i paradis!

Fortsettelse på historien; i går tok hele familien ut på sykkeltur, Liva
i sykkelsetet - som vi taua fast til pappas sykkel, Edgar i bæreselen på
mammas rygg. Ny runde rundt øya, nydelig, arti, lykke! I dag er vi klare
igjen. Frokost nå, før vi stikker på land - for å sykle - rundt Maupiti!
Øy og sykkel! (Kleng vil gjerne tilføye at han skal ikke bare sykle, han
skal nemlig også sparke fotball - som han syns er veeeeldig kjekt!)
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Mot Suwarrow

Blogg innlegg:

Då har me igjen det store blå til alle sider. Me startar nett vårt
andre døgn på veg mot Cook øya Suwarrow. Ein krok har bøyd seg tilbake
av noko stort. Ein annan har brukke heilt av noko større. No har
metallet og dimensjonen vorte oppgradert.

Me har fin seglas, men ventar mindre vind etter som me nærmar oss ifølge
værmeldinga. Då vert det lettare å lage flagg tog rundt masta.

Gratulerar til John Tore og Birgitte som forlova seg på denne dag for
snart 100 år sidan.

16.13,95s 154.33,23w 7kn 283g
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Landkjenning i paradis

Til blogg. Du får sjå om du finn eit bilde eller noko til å bryde vår
vesle helsing. For å få nøyaktig posisjon må du også konverter.

Landkjenning i paradis

Siste døgnet hadde me alle bremser på for ikkje å komme fram før det var
morgon. I soloppgangen fekk nattevakten endeleg syn av land. Det
er fleire små øyar som røpa det farlege revet som omsluttar atollet. Me
kom oss gjennom passet utan vanskar og ankra opp ved sida av våre venner
Naomi og John på Reonova. Dei hadde vore her aleine ei veke og var
tilsynelatande glade for å sjå oss, men trakk likevel på seg nokre små
plagg av høflighet.

Det er stille her og veldig klart i vatnet. Me bada, vaska, rydda båten
og utforska øya, før me hadde middag saman i solnedgangen.

Akvariumet har berre eit lite minus. Noko som visst kjenneteikner sunne
korallrev. Hai. Mange, mange hai. Rundt båten er det til ei kvar tid 10
stykker black-tip. Dei er ufarlege, men gjev oss ei påminning om at det
også er andre slag her. Det vert mellom anna åtvara mot å bade på andre
sida av holmen framom oss, der passet er. Det blir nok ikkje nattbading
medan me er her, og undervatnjakt skjer berre i par der den eine dekkar
den andre som jaktar.

Etter mest ei veke på havet er det herleg å komme i orden igjen og ligge
stille i ro. Nå skal me sove. Sjølv om seglasen gjekk veldig godt og me
kunne ha fortsett om det skulle ha passa slik kjennes det godt å få
gjera landkjenning i nok eit Stillehavsparadis.

13.14,926s 163.06,502w Suwarrow, Cook øyene

30 grader varmt (18.45samoa tid)
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Den søte kløe


Flaskepost-blogg:

Den søte kløe

Det har vore lenge sidan me har fått fisk. Så litt motvillig sat eg og
tenkte at eg lyt ta på meg ansvaret med å starte ein
naturvernorganisasjon for beskyttelse av dei internasjonale farvatn.
Nokon lyt stoppe banditten Røkke som støvsuger yngelen nede i Antarktis
og dei store fabrikkane som går ute i havet og stel frå kommande
generasjonar. Det er då også litt pussig at Noregs kystfisk på kvotar nå
ikkje tilhøyrer fellesskapet, men eit mindretal familiar.

Men så raste endeleg snøret ut og me kunne dra inn ein passe stor
Dorado. Det vil sei Anne sov etter lang nattevakt. Liva sat i badebaljen
og drakk av sitt eige badevatn frå ein kopp, og Edgar krabba rundt nede
på utforsking. Så det var vel mest eg som drog den inn. Eg rigga meg så
til med kun iført vest, line og IKEA-kniv bak på båten for å filetere.
Det går fleire tauar frå ned til vindroret så det er litt kronglite å
sitte, men til slutt fann me då plass både eg og fisken. Eg vart liksom
sittande litt oppå den medan eg arbeide. Ja, stadig hadde den heile
trynet sitt inn i både juvelar og snabb.

Den siste veka har eg hatt murring i høgre øyre. Dette har gått over til
 noko nyresteinaktig-smerte som har hindra søv dei siste to dagane. Nå
stod eg der i cockpit med blodstutte auge, dunkande smerte frå øyra og
lukta fisk nedantil - som til åtvaring om ikkje å vifte for mykje med
snabben når ein er på tur.


Kpt K
På havet mellom Cookøyene og Samoa

13,13s 165,49w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Blogg

"Sommar i Samoa

Så var me innanfor revet og oppankra i marina på Apia. Lufta er varm og
stille. I dag har me vaska, skifta sengetøy og fyllt sekker med
skittentøy. Deretter var det herleg dusj på heile familien i fersk
friskt dusjevatn. Nå luktar me om kapp med båten blomster og friske
urter. Dette vart feira med framsyning av reine kjolar og beinklede
gjennom gatene i sentrum og matstopp på "den unevnelige".

Etter dansing i cockpit til radio og knekkebrød med leverpostei har Liva
slokna i senga. Det har Edgar også. Og Anne. og zzzz...

13,49.682s 171,45.573w (må konverterast til bloggformat) APIA, Samoa
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogginnlegg fra "New Potatoes"

Me ligg verfaste på Niuatoputapu, Tonga på andre veka. Seglevilkår vart
bråforverra.  Det bur 800 menneske på øya, ingen straum, bålfyring for
matkoking, me ser om morgonen korleis røyken siv gjennom skogen. Jungel
over mest heile øya, felt inne i skogen med dyrking av maniok ( cassava
) og taro,  og tre med papaya, bananer. Fleire andre rotfrukter og  tre
har eg fått sjå, eg hugsar ikkje namnet. Etter ein tsunami i 2009 er
samfunnet her tilbakesett økonomisk. Kvinner skavar bast og lagar
bastskjørt og bastmatter for sal. Ein kinesar tek imot og sender
sjøpølser til heimlandet. I lagunen padlar to og to menn uthola kanoar
med ”hjelpehjul”. Fangstane tykkjest magre.
Me har hatt mange fine erfaringar her. Gudsteneste, Corpus Christi
feiring og fundraising ( som basar ) har vore høgdepunkt kulturelt.
Store samlingar med utrulig velstelte og pynta familiar. I går møtte me
fram og såg fyrst kavagjengen ( Menighetsråd, 12-14 menn på matter og
med kavakrukker). Så larmande og hissig rytmisk musikk, damer og menn
kastar seg ut i ein voggande dans. Tilskodarane fram og stappar
pengesetlar inn under kragen til den eine eller andre. Nokre er utkledde
og løyser ut stor åtgaum med lått. Etterpå stort måltid! Inne i huset
lange bord med saltmat og søtmat. Blondegardiner trekt over matborda mot
fluger. Det vart sunge ein kraftig og fleirstemd song etter høglydt bøn.
På bordet: Grilla griser ( ein for kvar vaksen person!) Hummar, høner (
magre ) mange slag frukt, salatar. Då eg trudde eg var halvvegs i
måltidet vart eg flidd ei svær skål med den søtaste og mest varierte
dessert.
Det låg mykje mat att då me reiste oss og gjekk.
Trass i skuffinga med å vera verfast, har me fått med oss mykje frå eit
samfunn som ennå held fast på mykje av det tradisjonelle.
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Til Vava'u med ...

Til Vava'u med tunfisk...

...men uten favorittkroken. Etter ein roleg dag seglas frå Niuatoputapu
gav kapteinen ordre om at fiskesnøret skulle bli tatt inn og gjekk
samtidig til sengs. Men snøret var tungt av ein yellowfin og det vart
difor ingen kvil før kjøleskapet var fylt av kvit filet. Ein grådig
fiskar måtte neste morgon dra inn ein tykk nylonstump utan fisk og
lureblekksprut med metallhovud og glittrande raude perleauge. Saknet
blir stort, men livet må gå vidare.

Vinden tok seg litt opp på natta, men likevel var ETA for Vava'u etter
solnedgang. Då kanalen og bukta me hadde sett oss ut er vid beslutta me
livekel å gå inn i mørkre, noko som er dårleg sjømannskap, men veldig
fristande når alternativet er å ligge å vogge på havet ei natt ekstra.

Nå vakna me nett til nok ein solskinnsdag i Stillehavet. Me ligg omringa
av grønne øyar og holmar. Under oss er det 5 meter ned til kvit sand og
leikande fisk. Anne bakar brød. Besta sitt ute i cockpit med ein sovande
Edagar. Liva "hjelper" meg med å skrive og besten rullar av sengtøy (han
strevar litt ser det ut til).

Kpt Kleng
La Familia

18.41,30s 174.01,48w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Kjendis i Estland

Estiske seglarar fekk tårer i augo då dei fekk høyre at båten som var
ankra opp bak dei på Vava'u (Tonga) var "Lennuk" (La Familia). Dei segla
sjølv i ein svært så sponsa katamaran rundt jorda nå 10 år etter at
"Lennuk" hadde gjort same turen som fyrste estiske mannskap rundt jorda.
Kvar dag hadde dei kikka på www.lennuk.ee medan turen pågjekk og hadde
sjølv saman med tusener teke imot båten ei kald og mørk natt i Tallin.

Seinare på dagen kom dei på vitjing til oss og laga film. Det var
doktoren som tok imot dei då kaptein, styrkvinne og baugpryd Liva var på
land for innkjøp og innsjekk. Mindre enn ein dag etter at den vart lagt
ut på youtube hadde over 1500 sett videoen av doktoren som slår ut med
armane for å syne korleis båten flyg over havet. Sjå meir og les om oss på
www.ilmareis.ee

La familia (AKA Lennuk)

18.41,92s 174.02,06w

To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: slapp av, det er tross alt sommerferie!

Nå ligger vi godt forankra i hvit sand utenfor et motu på Vavau, Tonga.
Det er hvilepuls ombord. Jeg nyter i fulle drag å ha svigers på besøk,
unner meg et par ekstra timer på øret - hver morgen. Svigermor koker
grøt og skifter bleier fra tidlig soloppgang, jeg tror hun holder på
roen til tross for barnestell. Ungene elsker all oppmerksomheten, jeg
tror "gammlingene" koser seg maks de også. Svigerfar fikser på tauverk
og leser bok for Liva når hun ønsker det. Vi bytter på svømmeføtter,
masker og snorkler, og utforsker livet under vann og rundt båten. Plask
plask og flyt avsted. Liva har har fått dilla på "sym, sym", så hun
svømmer gjerne med. Den lille andungen m store gule armringer. Kleng
rydder, sånn at vi andre kan fortsette å holde på den gode roen. Det er
seilielivet, på anker, i stillehavet.

Vi holder oss i området ei lita uke til, før vi heiser seil igjen og
setter kurs mot fiji.

Kunne fortalt fantastiske, utrolige og merkverdige historier fra alt vi
opplever til vanns og til lands, men det overlater jeg til svigerfar -
det kommer nok noen drypp i løpet av de nærmeste dagene.

Rettelse: vår lille krabbe-krabat Edgar har for lengst gått over til
høypuls, han er i full gang med å utforske sin lille verden, en 44 fots
finngulf med mange interesante kriker og kroker.

Anne

18.41.82s
173.55.88w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Stillehavsfantar.

Stillehavsfantar.

    Me har nyss hatt ombord eit ektepar frå New Zealand.
Dei sigla verda rundt då gutane var 8 og 10 år gamle. Då gjekk dei både
kring Hornet og Sør amerika. Så har dei gått rundt ein gong til . 4 år
har dei sigla Europa. Til saman 13 år i båt.  Så har me møtt ein mann
som har sigla 17 år. Havet har hatt makt over ein heil hop , oftast
menn, men også kvinner .  Ved møte med den eine eller andre, så finn me
alltid ein eller annan dei kjenner som er møtt i Marquesas, på Tahiti
eller på Fiji.

Me er berre fantar frå Samoa, til Tonga og så til Fiji før me reiser
heim. Våre seglestrekk er som 2 dagar, 4 dagar, ikkje som 20 dagar.

    På Vava’u kom brått ein gummibåt med 3 menn til oss. Dei såg ut
som fulle av forventing. Mennene kom frå Estland og var ombord i
Katamaran derfrå. Vår båt heiter nå La Familia, før Lennuk, vart bygt
til Finnland  ( av Finngulf, 44fot). Båten gjekk rundt jorda med 7 menn
frå Estland 1999-2001 og vart som eit nasjonalikon å rekna. Det er
skrive to bøker om jordomseilinga. Nå kjende dei 3 menn båten att og
ville sjå, eit par vart tårevåte i augo. Eine mannen fortalde om sin
fyrste segltur som skjedde ombord i Lennuk. Nå vart båten fotografert og
saumforen, dei let vel over tilstanden. Filmen ligg på YouTube og vart
straks sedd av 1500 .

Me har nå vore i uthamner på Tonga ( Vava’u group) Øyande er flate, dei
er skogdekte.  Mellom dei mange øyra har eg funne SørBokn, Finnøy. Me er
nå  i Vignesholmane. Det bryt over revet. Knølkvalane kjem her frå juli
til oktober. Dei er å sjå nå, vonar å oppleva det.

Aslak-Besten

18.41.82s
173.55.88w

To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Kval!

Kval!

Me reiste frå vår uthamn i dag tidleg. Så ankra me opp i eit sund der me
såg langt til havs.  Kvar for seg fekk me oss nokre lange snorkleturar,
Signy og eg fyrst, så byte på ansvar for Liva og Edgar.

Me symde inn i ei grunn lagune og fekk desse fargerike småfiskane svært
nær innpå oss. Alltid fasinerade.  Sidan kryssa me sundet og fekk sjå
svære og svært fargerike korallar. Uver har rett som er utrydda mest all
levande korall, ikkje her. Den store og mangslungne skog stod stiv og
fargerik mot oss.

På ettermiddagen skulle me inn til ei ny uthamn. Ropet: Kval! Der, langt
inne såg me berre så vidt blåster og dei mørke kroppar. Me la om våre
planar straks. Kor kjem kvalen opp nå? Jau, der er han. Ny kurs. Slik
nærmar me oss dei to kvalane litt i senn, køyrer motoren sakte. Dei er
to, kjem opp på likt, bles på likt, dykkar på likt, er nær einannan. Me
kjem heilt nær , eg er i masta. Så ser eg det store dyret straks ved
båten fyrst som ein utydeleg skugge, etterkvart klårare og grunnare. Eg
ropar at han kjem på babord side. Så bryt han overflata straks ved oss,
bles og jagar framover før han dypper ned og syner oss vakre halen. Så
let me dei to kvalane dansa vidare på sin tur frå Antarktis til Vava’u.
Dei kjem her årvisst, det har med familieordningar å gjera.

Aslak Besten

18.42,7000s
174.02,6005w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Nå seglar me straks heim...

No seglar me straks heimover

Fram til no har me segla lengre og lengre vekk frå heime i Norge, men no
ligg me å tippar på 180 grader vest, eller 180 aust av Finnøy. Anne
deriomt har vore på veg heim ein månad alt. Ho slutta å reise vekk og
starta å reise tilbake under seglasen mellom dei nordlige Cook øyene til
Samoa.

Så lenger vekk frå heime kjem ein ikkje, då Norge ligg heilt på andre
sida av jorda. Det stemmer ikkje heilt. Skulle me segle til motsatt stad
frå der me er no måtte me ta til Niger, som ligg ligg 10800nm frå her,
tilsvarande 50 døgn seglas. Ikkje det at ein vil dit, eller kan segle
over ørken og skog. Vil me komme oss lenger vekk frå heime lyt me
segle sørover ned til 59g(Finnøy)/66g(Neverdal) sør. Det landområdet som
eg finn til å vera lengst vekke frå heime (der folk går opp ned) er på
Antipodes Island som tilhøyrer New Zealand (49s 178e). Fint om nokon vil
sjekke dette på Google earth. Kvar er den lengst vekke gode ankringa på
jorda frå heime?

18.42,69s 174.02,59w
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Savusavu on sale!

Savusavu (FIJI) on sale!

Etter tre dagar på havet segla me inn til eit nytt land. Me var åtvara
av andre seglerar at toll og imigrasjon her kunne vera strenge og at me
difor ikkje burde ta ankringar før me hadde fått sjekka inn. Dette gav
oss litt hovudebry då det såg ut til at me ikkje ville komme fram før
etter solnedgang. Det viste seg imidlertid at dei siste waypointa var
gjekk over til 179 grader aust og ikkje vest og dermed kom me fram på
ettarmiddagen likevel, og alt var

 Det ligg kanskje 20-30 båtar her i Savuesavu som er eit reionalt
senter. Mange av dei andre seglarane ligg her på mooring over lang tid
og fleire har komme tilbake etter tidlegare å ha vore her. Menneska er
vennlige. Lyse born er populære. Tilboda og sortementet er stort
samanlikna med stader me kjem i frå, og prisane er lave. Middag er
tildømes ca 30 kr, hotell med utsikt og pool 150kr og internett 10 kr
timen. Me lev som kongar!

I helga er det "Savusavu on sale". Det er ein årleg festival med ymse
salg, dans og tivoli. Me vert her til over helga då planlegg me å reise
vidare vestover for å ta igjen våre gode venner på Good Mood. Dei ligg
og plaskar og ventar på oss i Yasawa-gruppa. Me gledar oss veldig til å
segle saman!

16.46,71s
179.19,82e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Regn, vind og familiekino

Me vil tilbake til Savusavu. Der var det godt å vera. Men no vil me
fyrst og fremst segla imøte Good Mood. Litt for ivrige tok me difor ut i
regn og god vind mot Yasawa-gruppa i vest. Me starta tidleg og var vel
hadde ikkje heilt førbudd oss med frukost og rydding til dei to timane
me hadde på ope hav. Plutseleg var det som å segle i Nordsjøen. Båten
vart forandra til eit virr og eit varr, folk var sjuke, me vart kalde og
sikten var dårleg på havet. Nokon ville snu, andre frykta passet og
området utanfor som var marka på kartet med urolig sjø, men sjefen lot
det bære eller briste. Nå ligg me på anker midtvegs og slikkar sår og
samlar krefter for den siste etappen. Men over 30 knopp vind gjer at det
er mogleg at me ligg her litt til, evt kryssar ned til korall livd på
nordsida av hovedøya på Fiji. Det treng ikkje vera meir enn ein 4 timars
flogt over havet med eit lite forsegl. Vinden skal roe seg om 3-4 dagar.

Me har fått bod om tragedien heime. At ein gal mann har sprengt
arbeidsstaden min, for så å myrde ungdommar på sommarleir. For oss vert
dette fjernt og nært på same tid. Her langt vekke klarar me ikkje
forstå at noko slikt kan gå til. Me står saman i sorga. Me er stolte
over landet, leiarane og folket vårt som vil sloss mot det vonde med det
gode.


16.59.58s  178.41.07e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Men ofte ensom i brått og brann, i uversnetter jeg seiler...

Men ofte ensom i brått og brann, i uversnetter jeg seiler…
(ikkje fullt så gale)

Me reiste frå Vanua Levu ein tidleg morgon. Det bles og regna. Vel på
fjorden komne måtte dekksmannskap i segledressar, mannskapet i ruffen
leid vondt og gav hals. Mytteri låg i lufta.

Etter forhandlingar heldt turen fram, La Familia vrei og skar seg for
liten seglføring austgjennom fjorden.  Til kvelds fann me oss ein
rimeleg god ankringsplass straks utanom ein svær betongkai. Vinden ula i
riggen heile natta.

Det var noko likare neste dagen, men me sigla med lita fokk, ikkje
storsegl. Til kvelds ankring inne i eit komplisert system av korallrev
og renner. Utkikk til alle sider til alle tider. Snorkling avslørte at
det fjell og daloppskorne landskapet også hadde leirrike elvar. Sjøen
var uklår som suppe.

Iblant jeg seiler for medvinds bør..
Så vart det ein vakker seilas, sola skein, me hadde lens, seglet stod,
mest vindstille om bord. Sola ville steika oss. For ein vakker dag.
Fleire store rev vart passerte, me enda i eit øysysten nordvest for Viti
Levu som heiter Yasawagruppa.  Nokre av øyane ( som Ryfylke i storleik )
heiter Mamanutha. Nå snakkar me som øykultur og vakker natur. Der møtte
me me Good Mood med familien Driveklepp: Stian, Reidun, Elia og Magnus.
Sidan var me saman med dei.

La ankret falle, jeg er i land….
 Det vart snorkling på revet, besøk på land. Signy og eg helsa på
landsbyhovdingen: Me møtte ved landsbyen, der var sopelimen velbrukt,
kvinnene helsa så høflig på oss. Me fekk ein 12åring til å visa vegen.
Ved hovdinghuset tok ein stor og vakker mann mot oss. Me plasserte
kavagåva vår på eit teppe på verandaen. Palmegreinmatta vart lagt ut, me
vart bedne stiga inn under halvtaket. Så starta samtalen ( savasava). Eg
  snakka ( som vanleg!) alt for mykje om meg og oss, han snakka om
landsbyen, regnmangel. Ein eldre tannlaus kvinne kom i lag med oss,
syster til hovdingen. Hovdingen sjølv var bortreist. Samtaleparteren vår
sa så et gåva vår var akseptert, me fekk hans velsigning, me hadde då
forklart kor lenge me kom til å vera på staden. Han var takksam for at
me fylgde sed og skikk. Me var innom markedet og kjøpte nokre
pyntesaker.

Og kjente kjære
Så skulle ekteparet få oppleva ei romatisk natt på sandstrand under
palmer og sydkrossen. Rett over fjorden ligg ei i øy med høgt fjell. Der
spela Tom Hanks inn The Castaway. Dit styrde me ved solarglad med
gummibåten. Stråmatte, myggtelt, presenning, noko drikke og mat. Det
vart så mørkt at me sette straks opp gapahuken. Klarde ikkje å
organisera bålet i slikt mørke.  For ei sæle! Så kom overraskinga og
kavet. Fyrst ei par dråpar, så meir, etter 1 minutt: full storm!! Regn i
bytter og spann!! Me klamra oss til presenninga som ville på jakt etter
palmetre, heller ikkje klarde me ta vare på oss sjølve: Alt vart
gjennomblautt, både kleda på oss og reserveklede me hadde gjort klar.
Så vart så å vere kliss våte og kalde til morgons. Me utnytta prinsippet
om nærkontakt av 3. Grad. Så lenge og så intimt har våre netter ikkje
vore på år og dag. Morgonen kom. Me fann oss mat, eg fann ei einsleg
kokosnøtt og opna med macheten. Den var grøn og smikkfull av kokosmjølk.
Det er nørande kost. Sidan tok me oss gjennom brotet på sandstranda og
knurra oss over ruglete sjø attende til La Familia.

Aslak Besten

17.46,20s
177.23,19e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: bloggtekst frå Milja

Blogginnlegg frå Milja:

Kjempeflott!

Hej frå ny crew-medlem på La Familia! Vi har allereden seglat to uker
tillsammen og har haft det kjempebra, så koselig stæmning. Min norske
trenger lite træning men deg har varit greit med någon sorts blandning
av engelske-svenska-norske (og finska med Edgar, han førstår meg
kjempebra!) Jeg er så glad å blir med dem til Vanuatu, Solomons og så
videre.

Vi har haft massa saker å gøra førran vi reiser, men nå er allt i
ordning. Idag blev jeg officielt La Familia crew og vi sjekade ut fra
Lautoka. Kænns deilig! Vanuatu vænter på oss! Nå ligger vi ett par
nætter i ankor og så reiser vi.

And then something in English...my Norwegian definitely takes a little
more practice. I thought it would be really easy with my Swedish skills,
but now I see that there really is a reason why they are classified as
different languages...But our first two weeks together have been great
and today I waved goodbyes to Nanea, the Finnish boat I arrived Fiji
with and joined officially La Familia crew. I'm really happy to be part
of this adventure towards Asia. It's easy to feel like home-away-from
home on this boat.

Last times there has been a lot of fixing, piling up foodstuff...and of
course swimming with the kids! Liva is a real "watermonster" jumping and
diving. There has been lots of things to do before departure but now we
are pretty much set to go. Today we checked out from Lautoka and in few
days we will start towards Vanuatu.Feels so good to start the sail after
this intense "getting ready" -periode. We are really excited to see all
those new places.

Paljon terkkuja ja haleja! Ha det gott!







17g38m,36S 177g24m,05E
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Fiji - Vanuvatu kap 1

Til bloggen.

Ikkje heilt lovlydige

Før lunsj på tysdag tok eg inn til imigrasjon og tollvesenet i Lautoka
frå Marina Vuda pt for å overføre Milja til vår båt og sjekka ut av
Fiji. Sjølv med sjarmerande mobbing om at Fiji kom til å tape i siste
gruppe kamp i verdensmesterskapet i rugby mot Samoa på sundag vart eg
sendt tilbake for å hente båten før utsjekk. Dei krev formelt at båten
skal ligge rett utanfor tollkaien ved inn- og utsjekk. Tilbake får eg
han same betjenten til å verta veldig irritert på meg ved di eg ikkje
kan saver på diselforbuket til båten, ei heller modellnummeret til
Skanti VHFen. Korleis skal ha kunne sjekke meg ut når eg ikkje kan svare
på spørsmåla? Ein time seinare er eg ferdig. Eg får vite at me har ein
time til å forlate landet frå siste moglege sjekkut-tid kl 16. Klokka er
alt 16.15. Ingen 24 timars regel altså, og bønn fungerer dårleg. Ja, så
sendar han lærlingen sin med meg for at han skal
undersøkje mannskapet på båten. Det er ein litt vel stor, men blid ung
enkel mann. Ved dinghyen ser han fortvila på vatnet og lettbåten. Han
kan ikkje sumje. Eg beklagar at eg ikkje har med vest til han. Han
trudde ikkje dei hadde vestar på kontoret heller, men 5 min seinare kjem
han tilbake med ein som han bed om bruksansvisning til. Det er ein
barnevest som han ikkje eingong vil kunne få over hovudet. Det er flatt
vatn og han mannar seg opp til å stige ned i lettbåten. Den glir ut med
fyrste steget og plups er den store kroppen i vatnet. Han ropar febrilsk
etter mi hjelp, men det er liksom litt vanskeleg å vite kvar ein skal
starte. Det blir til at eg veltar ut foten som framleis er i dinghyen.
Han dreg seg bortetter rekkverket og klarar å stige opp på nokre steinar
og komme seg på land. Glad for å vera i live verkar han ubemerka av våt
lommebok og mobiltelefonar. Han bed meg vente og tuslar tilbake mot
kontorbyggningen. Tilbake igjen seier han at eg kan dra utan inspeksjon.
Eg er tilbake igjen med dinghyen og smiler til jentene og Edgar. Me har 12
min på å komme oss ut av landet.

Me heiser segl og glir rundt til ankring rundt neset. Neste dag går me ut
til paradisøyane Vanua Levu og har nokre deilige dagar der med å klargjere
båten, bade og så finn me noko heilt spesielt på stranda. Noko som kanskje
skal få vera med oss vidare på turen. Men det får vera ein annan blogg...

La Familia
401nm frå Vanuvatu

17g30m39S 175g09m14E

To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject:  blogg

blogginnlegg:

Lovbrot kap 2

På eit strandhogg på Navadra Island (medan me tok oss ein viss fridom
etter utsjekk frå Fiji) fann Liva og eg noko lite som var halvegs i
live. Eit lite forlatt kje låg å sparka i sanden. Sjølv om andletet var
fullt av sand og dyret var lett som ei fjør så var pelsen vakker i
spraglitte fargar. Anne kom til og reagerte instengtivt. Straks etter
var me tilbake på båten og laga korg og gav mjølk til Viti Bæ-bæ. Det
var ein kamp å beskytte den svake gjeita frå litt vel kjærlige born. Kpt
såg at no var det problem. Skulle me no reise jorda rundt med ei gjeit
ombord. Damene lova at den skulle bli gitt vekk ved fyrste høve i
Vanuvatu. Kapteinen truga, sjølv om han kosa seg litt motvillig over
prosjektet, at om Viti ikkje var blitt gitt vekk før Edgar sin
fødselsdag så skulle det bli pinnekjøtt på menyen.

Kjeet tok til seg litt mjølk, som vart bytta med tørrmjølk ved di me
tenkte at kanskje rein kumjølk vart for mykje for gjeita. Framleis låg
Viti i ei litt lei stilling i korga. Den fekk ut på ettermiddagen ei lei
hikkeliknande piping. Ut over natta sov den i periodar og hadde denne
pipinga i peridar. Anne var oppe med sukkervatn. På nattmorgonen vart
det stilt. Me frykta alle det verste. På morgonen vart det halde ein
enkel skipsbegravelse. Me fekk ikkje mykje tid saman med Viti, men me
kjenner no eit tomrom etter noko som hadde vore ein svært dårleg plan.

17.48S 173.03E

To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

til bloggen:

Into the wild

I går kveld vart me teke imot av delfinar på veg inn til ankring. Milja
og eg gjekk i vatnet og lot oss slepe etter båten for på den måten å
verta med i gjengen.

Me fann ein liten klatt sand gjøymt mellom korallhagen. Det er
krystallklårt i vatnet så me kunne sjå godt ned til botn på 20 meter.
Fersk sushi a la La Familia overraska med å verta eten opp. Den var
fortreffeleg. I løpet av natta snudde vinden og båten starta å rulle.
Anne var ikkje nøgd om morgonen. Ho hadde ikkje fått sove.

Me segla vidare til neste holme. Her tok ei sjø-ku (stor sel?) imot oss.
Me frykta at dønningane skulle plage Anne nok ei natt. Litt rulling vart
det, men nå er det morgon og Anne er blid. Me har sett dinghyen på sjøen
og er på veg til land.

Løva Liva er klar. Elgar er klar. Mamma er snart klar. Milja er klar.
Pappa er klar.

La Fam

16.35.7s 168.09.8e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

"Vatn, lyn og torden"

Dei siste dagane har me segla saman med Devine Winds
(www.sailingvanuatu.com). Dei er HV-kjentmann her nede så me har fått
mange gode tips om vidare oppankringar og om at me skal halde oss vekke
frå det folkeslaget (og deira økser) som tatooerer seg i ansiktet i
Guadakanal.

I går hadde me tenkt oss inn i ei oppankring som er i eit vukankrater,
men då me luska oss inn på gudsteneste i jungelen på morgonen kom me
ikkje fram før på fjøra sjø. Då vart vulkankanten for grunn til å smyge
seg over så me vart liggjane utanfor.

Etter ei fruktlaus undervatnjakt kom været. Regnet bøtta ned og det
smalt og blinka. Slikt vær kan vera teikn på syklonar. Me vert difor
minna på at me lyt komme oss vidare. Helst bør me komme oss til 5 grader
sør, eller iallefall 10 grader sør, før sesongen startar for fullt. Det
er snakk om at sesongen startar tidleg i år så kanskje me bør vera i
Papa New Guinea alt tidleg desember. Me har heist segl og er i dag på
veg mot Santo - diesel, vatn og utsjekking. Siste sivilisasjon på
lenge...

15.18,40s 167.46,39e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

To Wahoo bak hekken og 10 cm vatn under kjølen

Saman med SY Devine Wind kom me inn til Santo i god vind frå motsatt
retning enn forventa. Me såg våre venner gå inn i ei grå sky på havet og
såg dei ikkje igjen før me var framme. Då hadde dei gått for motor inni
ei byge heile vegen (6timar), medan me hadde segla i sol same turen.

Inn gjennom passet til Crystal bay måtte me smyge oss på høgvatn mellom
flytande små markørar. Til glede for dei få seglbåtane som var der kom
me med herleg fisk. Wahoo er alles favoritt.

Denne morgonen hadde me internett ein time og to. Derretter tok me vår
nye elskede dingy opp mangrovene og ei jungelelv til blue-hole. Det er
ein naturleg spring som lagar eit blått basseng inne i skogen.
Kalender-damene ombord posserte hengande i lianer over vatnet i trollsk
skog.

15.22,43s 167.11,41e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

Ureparapara

Me ligg oppankra inne i krateret til ein gammal vulkan nord i Vanuatu og
ventar på at gribfilene (vindmeldingar) skal vera gode for å segle til
Gizho, nord i Solomonøyene(Tilsvarande seglas frå Ryfylke til Island).
Kanskje i morgon, eller dagen etter?

Anne, Liva og Milja tek til elva i jungelen for å vaske klede. Lava
prøver å få varmen i seg igjen etter at me nett redda han frå
druknedøden. Edgar skal sove. Kleng passar skute og et chips.

13.32,49s 167.20,24e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Solomon neste

Blogg:

Vanuatu we meet again!

Det er tre veker sidan me sjekka ut, men me klarte ikkje å heise ankeret
før nå. Ikkje alle klarar å forlate paradis. Ein stim store delfinar
(eller små kval) eskorterte ned i solnedgangen og ut av landet.

Me fryktar at Lava heller
ville dø her enn å reise vekk. Iallefall finn me ikkje Pappegøyen vår
att. Anne håpar endå at den har gjøymt seg framme på dekk eller nede i
Liva sin kahytt.

Edgar vatna med orda "Hallo. Gøye. Gøye." Me ser litt trist på kvarandre.
Liva vil ha armringane på fordi ho vil symje med skillpaddene.

Me reknar fem dagar til på havet før me er framme i Gizo. 20 kn vind i
ryggen.

13.22.07s 166.52.24e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

Voggende

Eit døgn til på havet før me får dei fyrste Solomonøyane i syne. Eg har
nattevakt og sitt ute i shorts og vest. Ligg på blå puter og freebag og
ser på stjernene. Månen, og vår eiga landterne, har jaga dei fleste
bort. Me seglar i underkant av 5 kn på kun eit reva storsegl. Eg kunne
ha heist opp meir segl, men har ingen hast. Vinden og havet kjem rett i
rompa. Vindroret styrar. Eg slappar av. Jentene og Edgar søv.

12.28.92e 164.17.75s
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

Stoppover Guadakanal

Slik gjekk det til at La Familia forlot sin planlagte strek og segla inn
i 8 kn til Guadakanal, over 67 sunkne krigsskip, til ei borgarkrigsramma
øy med ein 40 kg yellofin tuna hengande på slep. Der som dei bur desse
indianarane med tatoeringar i ansiktet som ein skal vera forsiktige med.
Ja, det var altså denne fisken som me måtte få levert ifrå oss. Det var
heilt magisk oppleve landet komme ut av disen. Høge frodige fjell fanga
i blå-grå fargar som skulte og beskytta. Bak eit nes fann det frådande
hav ly og me kunne sjå kanoar på stranda. Sola var nær ved å gå ned og
dette var vår sjangse. Me firte ned segla og gjekk for motor inn. Der
fann me tre fire fiskande i kvar sin tømmerstokk. Fisken fekk plass
framom ein av dei padlande. Kanoen var nær ved å gå under og smila vart
breie. Me skulle ha kasta anker, men skulle liksom vidare mot vårt
planlagte Gizo. For eit land. Solomonøyane!

9.47.23s 159.48.22e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

Solomonøyene i sikte

Ikkje meir delfin og fisk. Nå vil eg bære kyllingar! (Liva 2 år)

8.31.10s 157.30.68e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

Ublidt møte med land og folk

Me skriv ikkje noko om dette på bloggen seier Anne: Etter endeleg å ha
kasta anker kom nokon innflyttarar for å "redde" oss. -Har de problem?
De kan ikkje ligge her det er svært grundt og mange krokodillar. Me tok
opp anker og starta motoren for ein time til Noro (der me skulle sjekke
inn neste dag). Bang! Me dunka mot ein korrall. Det gjekk bra med båten,
men me fekk ein lærepenge...og Liva ei fin open rose i bakhovudet
etter å falle mot dørkarmen. Men
det var eigentleg ikkje dette Anne ikkje ville ha på bloggen. For etter
sju dagar på havet skulle me endeleg sove. Me ropa opp Noro Port Master
og vart rådført til ei søt lita bukt me kunne kaste anker. Ektefolket
prata likvel litt ut over kvelden. -Eg trur eg høyrte noko. Ute var det
bekmørkt og stille, men kpt Kleng gjekk like ut for forsikre kona om at
ho kunne slappe av. Skuggar, folk, kjeltlringar! Unge menn plupsa i
sjøen frå hekken når eg kom rasande ut i cockpit. Eg såg ein som hadde
raska med seg ein ball med klede som han svømte med på hovudet ut til
ein ventande tømmerstokk-kano. Eg tok bilder av dei, men sjølv med
blits vart alt svart. Når me alle stod ute og kartla situasjonen fann me
at det ikkje var klede, men ein pose med søppel dei hadde stjåle. Ein
pose søppel og roen og gleda. Det vart til at kapteinen vært sitjande
ute og slumre heile natta. Rett på land der dei hadde padla til - 50 meter
inne, var det fyll, slosting, skriking og støy. For ein drittplass.

Neste dag var kapteinen på land for internett, handling og sjekke inn
med imigrasjonen/toll/helse. Folk her er avvisande, skumle og aggresive.
Unge menn heng på hjørner i kamo-klede og vil være farlige. Få helsar
eller smiler. Eg snur i døra. Ingen vits å sjekke inn og sjekke ut. Me
reiser vidare til neste land. Tilbake i båten har Anne måtta tilkalle
politiet og Harbour Master etter at menn på land har ropa og trua henne
og oss. Me har spurd nokre av dei få me har fått god tone med om me er
trygge. Då får me høyre: Ja, dei kom sikkert berre for å stjele. Viss de
dei ser har knivar så skal de berre skyta dei. Yes! Me har vore her eit
døgn og me vil vidare. Me kjøpte Diesel og letta anker og stakk!

På veg ut vart me venn med ei jente i ein kano og ho tok oss til trygg
ankerstad utanfor hennar familie sitt hus og øy. Milja og Anne padla i
tømmerstokken ein ettermiddagstur i stille magisk solnedgang. Roen har
senka seg, men når me har fått litt søvn og krefter att tek me mot
Mikronesia, Palau eller Filippinene...der vinden måtte ta oss.

PS!Anne vart siste dagen då ho losa oss gjennom rev og pass og mellom
enorme skildpadder i litt for mange timar endeleg ein solbrent rosa
turist.

9.16,96s 157.11,79e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Til vår vaktmester og sekretær!

Hei og takk for mail med vedlegg. Eg fekk lasta dein ned då eg fekk låne
data på eit kontor i 15min og tar ein kikk på det nå. Som du veit frå
siste innlegg rymte me Noro og vil gå til Mikronesia via nokre av dei
ytre øyane i PNG. Men me ligg og mannar oss litt opp og hentar krefter.
Anne vil gjerne stoppe innom Gizo og handle på vegen. Kanskje tek me
også ei natt utanfor eit resort. Håpar å komme på nettet før me reiser
slik at me kan få gjort nokre praktiske saker, men veit altså ikkje om
me skal lykkast med dette. Det kan då verta ein liten måned til før me
får nett.

1. Eg vil ved fyrste høve sette over penger på seglekontoen slik at
skatteetaten kan få sitt fram til me har fått ei betre ordning med
innbetaling av forhåndsskatt. Skulle me ikkje lykkast med dette så gjev
eg deg kodar til Skandiabanken slik at du kan forsyne deg sjølv :)

2. Breiband og kabelTV er dekka gjennom husleiga til burettslaget og det
skal ikkje vera nokon betalingar til GET. Alf Jostein hadde på eige
initiativ oppgradert pakken utan og fått avslutta dette ordentleg, men
dette skulle vera ordna i September - då eg måtte betale ut månaden og
fekk leigetakarar til å levere og få tilbake boks. Men GET er nokre
kjeltringar. a.Kan du ringe GET (tlf på deira side) og få stadfesta at
breiband og kabel nå er tilbakestillt til burettslaget sin pakke? b.Be
også om tilbakebetaling av dei 701 kr som feilaktig er vorte innbetalt.
Dei bør kunne søkje opp på Bråtveit eller Oskar Braatensgate 26 (andre
etasje høgre).

3. Hurra! Det ser ut til at me er medlemmer i folketryden igjen. Men(!)
nå vil dei at me skal fylle ut nokre skjema for at søknadar skal vera
signert Mor og ikkje Far, orientere om heimeopphald, klage på varsel om
tilbakeførsel av kontantstøtte og betale tilbake...og alt med frist for
to veker sidan. Eg får gi gass, men eg veit at dei vil ha papira sendt i
posten med signatur for at dei skal kunne finne dei gode. Eg får sende
inn før eg får hovudverk :=

4. Gled dykk til desember. Då har Anne bilder i Vagabond og rett rundt
hjørne har sak i Elle igjen. Ho jobbar no med å få til fotoutstillinga:
"Stillehaveblikk" og eit meir langsiktig bokprosjekt al la kokeboka "mat
for store og små" (Tessa Kiros), med utan mat og med segling.

Me er i underleg positiv stemning over å dra vidare. Det er som vår
dårlige opplevingar her i Solomon har gjeve glød til nye hav og nye
stader. Kyrre frå sy to fluer sendet mail og fortalte om at dei neste
stadene me skal til vår deira beste del av reisa. Kanskje kan de ta ein
titt på bloggen deira så vil de vera meir oppdatert enn oss kva me har i
vente!

TAkk, takk, takk!

Kpt Kleng

PS! Tek kontakt om me kjem oss på internett.
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

Turen blir til underveis

Vår filososfi for planlegging av denne reisen er å lytte til andre, og
ta ting litt som det kommer. Og følge vinden. Det har vært kjempesuksess
frem til Solomon. Vi har ikke bare hørt positive ting om Solomon, derfor
har vi fulgt råd om å seile direkte nord til Gizo. Rett før avreise fra
Vanuatu fikk vi vite at vi måtte seile til Noro først for innsjekk, nytt
fra i år. Så da la vi ruta innom Noro, og historien der har jo Kleng
allerede fortalt. Nå er vi på vei videre, men har hatt tre netter på
anker - to i Munda lagunen, og nå ei natt rett innenfor Kennedy Island i
"Gizo lagunen". Det er vakkert her, vi tar oss i det. Satt i cockpit da
sola gikk ned i går kveld og måtte minne oss selv på at vi er på et
nydelig sted, og jeg tror vi har fått litt roen.

Vi ble litt usikker på hvordan vi skulle legge ruta videre, har ikke
truffet så mange som kunne komme med smarte råd. Så ramla det en e-post
i innboksen vår, fra kpt Kyrre som seilte med S/Y To Fluer her for ca to
år siden. Han fortalte hvilken rute de hadde valgt videre fra Gizo til
Filippinene, en reise som han beskrev som magisk og høydepunkt på reisen
deres. Veldig god timing! Vi har sjekka kart og vind, og tror vi vil
følge i To Fluers fotefar - i alle fall sånn ca. Dermed blir det
Mikronesia på oss, videre til Palau og så Filippinene. Vi regner med å
bruke ca 1-2 mnd på denne svingen. For spesielt interesserte tror jeg
det finnes noen reisebrev fra Mikronesia på To Fluer sine hjemmesider.

Nå skal vi nyte frokost, ta et bad i vakker lagune med krokodillefritt
vann - så blir det arbeidsdag med storinnkjøp i Gizo før vi setter kurs
mot veldig øde steder i kveld eller i morra. Sånn ser i alle fall planen
ut nå :)

Anne


8.06.38s 156.53.74ø
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

Oppvåkning Kapinga

Dei siste dagane har me komme oss til hektene frå influensa og
brannkoppar. Me er betre, men endå ikkje heilt oss sjølv - det
vil sei at ungane diverre er seg sjølv. Samstundes har me venta på at
kystvakta skulle komme og levere valgsedlar til lokalvalget i dag
6.desember, og på den måten skaffa oss litt trøbbel med å vera her utan
fyrst å ha sjekka inn i landet. Me har vorte råda av høvdingen å vurdere
å reise vidare eller å gjøyme oss i havet til dei igjen hadde drege, men
me har ikkje vore lystne på det.

I dag kom riben frå SS Palikir flygande ut til oss, men dei to
offiserane hadde aldri ein sjangs. Liva og Edgar vinka dei blidt
velkommen, Anne serverte kaffi og Milja sendte stjålne blikk. Resultatet
vart store smil og at dei ville senda oss personlige epost så snart dei
var tilbake til hovudstaden og at me berre måtte ta kontakt om me nokon
gong seinare skulle komme til Mikronesia sidan Pohnpei ikkje var del av
ruta vår no.

Me blir ei veke til slik at me får dykka på amerikanske krisfly og
japanske krigsskip, vassa i kvit sand under palmer og smiska med gåver
av sukker.

Igjen takk til navigatør Olav Hagen som sendte waypoint frå Google-Earth
på satelitt-telefon til passasjen inn til atollet. Me har ingen
guide eller kart for mange av plassene me er på nå. Takk også for andre
satelitt-meldingar. Send ei melding om noko heime du også! Har Norge
vunne eit utfor-renn, værmeldar Eli-Kari fått eit syndrom, børsen gått i
rødt, Molde vunne serien eller NAV fått ny syndebukk?

Kpt Kleng og crew

01.04,40n (grader, minutt, hundredelsminutt)
154.48,35e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

Action at night

Eg vakana til. Ankerkjettingen skrapte mot korallar medan båten dragga
ut mot passet. Ute kokte havet av straum og vind. Klokka var to og det
var måneklart. Eg starta motoren og sat den i revers for på den måten å
utligne straumen. Dagen før hadde me forlate landsbyen og gått over til
passet på andre sida. Me tenkte oss vidare neste dag, men ville ligge
der og gjera båten klar og få ei god natts søvn før me tok ut på havet.
Eg hadde tenkt at kanskje ligg me for nært og at når månen lokkar
tidevatnet over reva og alt vatnet skal ut passet, vil også her me nå
har lagt oss kunne få eit farleg sug, men det er styr å flytta seg når
ein alt har sluppe ankeret og det går som regel godt. Det gjekk godt,
men me prøvte å få ankeret opp, utan hell og var klar til å sleppe
kjettingen i ei blåse og ta tilbake i roligare vatn for så å vente på
stille og dag og plukke det opp igjen. Men i staden venta me og
kjøyrde motor to timar når det stod på som verst og klara dermed å
stabilisere den dårlege oppankringa.

Den seinare tid har me hatt litt influensa, brannkoppar og mageknip
ombord. Saman med førjulstider har dette hatt ein psykisk effekt av
heimlengsel. Me har vel alle hemmeleg, og for nokon meir uttalt, ynskja
oss under pledd på sofan i Norge, med hjelp til å ta seg av ungar og
til å få vera sjuk i fred. Når me difor hadde komme oss litt og fått ein
liten pliktoppfyllande smakebit av stillehavsparadiset trengte me komme
oss vidare heimover. Me kom oss til sist velberga ut passet og sat segl
mot nord-vest. Me har endå ikkje avgjort kvar me kastar neste anker. Eg
trur kanskje på eit av dei små atolla før Yap - om nokon kan sende oss
nokre waypoint til passa frå Google Earth...

1.44,61n
154.13,55e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: På stille vann

Vi rakk frem til Ifalik-atollet og droppa ankeret i solnedgangen.
Hærlig! Nå sover ungene, og vi voksne sover allerede inni oss. Skal bare
få vaska av oss litt seilas-lukt, så er det hviiiile.

Forresten: vakkert sted! Vi har kun sett idyllen fra båten i
solnedgang, i morra blir det hei og hallo på nærmere hold. Høvdingen har
vært ombord og tatt imot oss, i tillegg har vi fått varm velkomst fra en
hel gjeng ulike utsendinger i kanoer. Vi hilser til alle fra guttene på
Tre Fluer, og det er nesten rørende å høre fra den ene etter den andre
at de guttene er deres beste venner! Og jeg har en følelse av at vi
kommer godt ut av det...

ok. mer kommer senere! God natt!

Anne

7. 14 ,98N
144. 27,13Ø
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Jul i vår båt

Nå er det to dager siden vi droppa ankeret på Ifalik-atollet. Om vi får
bli eller ei skal opp i høyeste råd, som vil si at alle de fire
høvdingene skal samles for å diskutere om vi er en trussel med tanke på
dengue-smitte. Det ryktes om utbrudd av feberen på Yap og Palau. Men vi
kom en annen vei, så vi tror alt er greit. Dette viktige møtet har nå
blitt utsatt et par ganger på grunn av et dødsfall og begravelse på
land, men i morra tidlig skal kapteinen vår inn til land for å møte
karene.

Sjefen på øya, høvding Manu, har klemt oss til sitt bryst allerede. Han
er hyppig ombord for å få sin ekstra søte kaffe med melk, mens han
forteller skrøner, og ellers om saker og ting han kunne tenkt seg. Han
er veldig lei seg for at vi ikke har sportsmagasiner... Et rykte om hans
"grådighet" har nådd oss i forveien, så vi tar alt med et smil og har
fått en hærlig tone med den gamle mannen. I går fortalte han om den
gangen han ramla ned fra et kokosnøttre og ble litt skrull i hodet. Men
er man høvding, så er man høvding - no matter what, jerneskada eller
ikke. Ellers er det nok av andre karer også som liker å komme innom for
å skravle, det er kjempetrivelig!

Manu har i dag gitt oss tillatelse til å ferdes fritt i hans landsby
inntil rådet har møttest. Det er fire landsbyer på øya. Milja, Edgar og
jeg padla inn til land i ettermiddag for en liten vandring. Å, så
fantastisk hærlig å gå barfott på stiene i den grønne palmeskogen! Noen
av jentene viste oss vei gjennom bushen og over til den andre siden av
øya. Der bada vi i deilige bølger mens østavinden suste rundt ørene. Et
snev av julestemning fikk vi kanskje også da noen av jentene stemte i
med "o-holy night" mens vi herja i bølgene. Senere tok de oss med hjem
til en av dem, og gav oss en aldri så liten omkledning. Det ble
lava-lava og blomsterkrans i håret, vi ble riktig så fagre. Vi følte
ikke helt for å kaste bikinien, så totalt lokal look ble det jo ikke...

Jeg fikk sånn enormt "nostalgisk" følelse av å være på land her. Mennene
går kledd i en slags tøybleie/string som dekker familiejuvelene, -
veldig stilig! Og de vakre kvinnene er kun ikledd en vevd lava-lava,
(sarong som når til knærne). Jada, puppene er bare. Hele bildet på land
får meg til å tenke på gamle historier fra Polynesia og Paul Gauguin
sine malerier av kvinnene i Markesas for hundre år siden. Jeg visste
ikke at det fortsatt eksisterte samfunn i Stillehavet der vahinene
vandrer rundt toppløse med sitt lange sorte hår svaiende i vinden,
akkompagnert av en nydelig blomsterduft fra blomsterkransene. Dette må
jo være selveste paradis for ungkarene hjemme! Minus er at i følge
customs må mannen følge kvinnen, så finner man dama her - ja så må man
bli værende. Og litt isolert er det jo...

Ellers har vi brukt disse to dagene til å få vaska båten, baka julebrød,
og ikke minst; pepperkaker. Liva sto for den store pepperkakebaksten, og
ho har latt alle besøkende i ettermiddag få en liten smaksprøve. Så
liten at det bare er snakk om en liten knekk av ei kake til hver... Men
det tror jeg de fleste bare ble sjarmert av. Nå lukter det reint her, og
krydderlukta fra kakene gir oss julestemning. Det blir jul i vår båt!

anne
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: God jul!

Det har begynt å ramle inn julehilsninger på satelittelefeonen vår, det
er utrolig koselig! Tusen takk til hver og en!!

Nå har vi spist julefrokost; julebrød med fikensyltetøy, kaldt vann og
deilig fijikaffe. Cockpit flyter i vann og julemusikk. Det øse-pøser ned
mengder av tropisk regn. Vi har avtaler på land, men drøyer og håper på
litt opphold. Vi har fått julestemning! Mor Marits hjemmeheklede
juleløper ligger på bordet, ungene er nybada og ellers er vi finpynta i
vårt lekreste badetøy. Det er 29 varmegrader inne i båten, alle luker er
lukket og jeg mener luftfuktigheten nærmer seg 99%...

Vi feirer både jul og bursdag. Milja fyller 23 år i dag, vi har dansa og
sunget for jubilanten - og feiringen vil fortsette.

Plan for dagen: avtale på land med en gjeng kvinner og unger som har
forberedt bursdagsfest for Milja, vi bringer mintekake med dulce de
leche fra Tessa Kiros kokebok. Videre avtale med Marcus og familien,
også bursdagsfeiring. Så skal vi innom Simion med famile og smake på
"brødfruktpudding" som ble laget for to år siden... en juletradisjon her
visstnok. Spennende... Etterhvert tenker vi oss ut til båten igjen.
Kleng fiska tunfisk i går, den skal stekes og spises med poteter og
currysaus med mangochutney. Vi har en pakke freia sjokolademousse som vi
vil nyyyte til dessert. Så skal vi ha rødvinsgløgg under stjernehimmelen
mens vi ser tre nøtter til askepott før vi slumrer inn i kveld. I morra
er det full julefeiring på land, siden den 25. er den store
julefestdagen her.


"I begynnelsen var ordet, ordet var hos Gud, og ordet var Gud. I han var
liv, og livet var menneskenes lys. Og lyset skinner i mørket... Ingen
har noen gang sett Gud, men den enbårne sønn, som er Gud, og som er i
faderens favn, han har vist oss hvem Gud er"  Joh1, 1.4-5.18

Julens under er verdt en kjempefest! Vi ønsker dere alle ei velsigna jul!
Gud er ikke bare oppe blant stjernene, han er i alle kriker og kroker der
kjærligheten er:)

Anne
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Fest og feiring uten like

Det har gått i ett med bursdagsfeiring, julefeiring og feiring av at
øyas store sønn, fader Moses, har en hjemlig visitt. Vi bare flyter
gjennom dagene, fra vi lander med dinghyen på land står småunger og
kvinner klare til å guide oss gjennom dagen. "Follow me, this way"... Så
følger vi etter, jeg, Milja og ungene, (Kleng får holde seg med
mennene), og vi blir dekorert og gjort klare for dagen. For det er
feststemning på Ifalik, og fest er lik masse blomsterkranser, fine
lava-lavaer og et gult pulver smurt rundt på kroppen. Vi ser ut som noen
skjønne blomsterknopper hele gjengen. Både jeg og Milja har utvida
lava-lava garderoben vår betraktelig i løpet av den uka vi har vært her,
nå har vi begge fire ulike å velge mellom.

Julaften, (24.desember), feira vi Miljas bursdag hos to ulike familier
på land. Utrolig koselig! Damene hadde stelt i stand det beste av lokal
mat, - og fletta blomsterkranser. Selvfølgelig. Da vi kom tilbake til
båten utpå ettermiddagen kom noen av mennene ut med vår "share" av
grisen som hadde blitt slakta i anledning høytiden. Helt logisk, så mye
som vi har fora den grisen... Men sånn hadde høvdingen bestemt at det
skulle bli, og jeg takker ikke nei til ferskt kjøtt. Vi har hatt
svinekjøtt til middag to dager nå, veldig bra! Utpå kvelden hadde vi vår
egen lille julefeiring ombord, og en aldri så liten pakkeseremoni - til
stor begeistring for Liva som har gledet seg til å få pakke. Ho var
storfornøyd med å få ny tannbørste og ei puslespillbok om Rødhette som
jeg har spara på siden Besten og Besta var her. Vi hadde en
kjempekoselig kveld, uten regn, og med god julestemning! Gløggen ble
veldig bra! :)

Første juledag gikk vi tidlig på land. Vi jentene  og ungene hadde
avtale om å møte opp et sted før gudstjenesten, Kleng et annet sted. Vi
ble pynta med ny lava-lava, og mengder av blomster igjen. Det ble en
enormt fargerik fest. Alle i landsbyene, unge og gamle, hadde dressa seg
opp i sin fineste lava-lava, med nydelige blomsterkranser og masse gult
pudder på skuldrene og brystet. Jeg måtte le da Kleng ankom festen ei
stund etter oss, kledd opp som en blomstrende brudgom i et
stillehavseventyr. Mengder av blomster og gult. Hærlig! Jeg tror han kosa
seg maks!

Utover dagen ble det noe matstyr, alt foregikk på plassen utenfor kirka.
Jeg spiste noe brødfruktgreier som bare vokste og vokste i magen. Enormt
kvalmende. Jeg sneik meg ned til havet for å få tømt meg, men da som
ellers, hadde jeg en horde av unger som fulgte etter for å passe på meg.
Jeg fikk bare holde på godsakene. En liten demper for resten av
festen, men bedre enn at det skulle gå rykter om at jeg hadde spydd
opp den deilige julematen. Senere var det pakkeutdeling, en ordning som var
sånn at de som ville gi julegave hadde skrevet seg på en liste for en mnd
siden. Alle hadde så fått navnet på den personen de skulle gi gave til,
men visste ikke hvem de ville få gave fra selv. Det var mye ståhei og
jubel. Da det dukka opp en pakke til La Famila blei Liva helt
overbegeistret! En pose med sitroner og en "snakebean" var akkurat det hun
hadde ønska seg - i alle fall så det sånn ut på den stolte jenta vår. Et
gullminne for moderen, når jeg senere skal vri tankene for å finne på
julegaver og bursdagsgaver til ungene. iPod eller kompaktkamera, eller
skipakke? Nei, vi kom greit utav det i år:)

Og festen stoppa ikke der. Nå er vi igang med nesten en ukes feiring av
hjemkomsten til fader Moses. En ung prest som er født og oppvokst her på
Ifalik. Det er vel fortsatt julefeiring, men det er tydeligvis veldig stas
med Moses. Feiringen foregår fortsatt i kirken, men den dagen han ankom
øya stod kvinnene på stranda og dansa og sang for presten. Det ljoma, og
var bare kjempestemning.

Og sånn går dagene. I morgen skal Milja delta i arrangementskommiteen for
gudstjenesten. ikke vet hun helt hvordan alt har lagt seg til, men ryktet
er spredd om at hun er "one of the sponsors" som de kaller det. Vi gleder
oss veldig til å se når hun skal stå sammen med de andre jentene i kirka i
stjerneformasjon, det har de nemlig øva på i tre timer idag:) I løpet av
dagen har jeg hatt besøk på båten av ulike kvinner og menn som har noe de
vil "trade". Jeg har blitt litt fattigere på sukker, kaffe og fiskekroker,
men desto rikere på skjell og lava-lavaer...

Vi elsker dette stedet, og har ikke klart å bestemme oss for en
avreisedato. Nå drøyer vi i alle fall til nyttår :)

Før vi tar kveld her vil vi sende en natthilsen til Besten Aslak som fyller
60 år i natt/dag. Du er en hærlig bestefar og god far/svigerfar. Vi er
veldig glad i deg!!! God feiring! L, E, K, A.

Anne




To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Pupper, kanosegling og julenisse

Ifalik er altså ei av ytterøyene i regionen Yap som tilhøyrer
Mikronesia. Høvdingen er bestemt på å halde på gammal tradisjon noko
som ein fyrst legg merke til ved at alle går med bar overkropp. Menn har
eit tørkle rundt tissen og kvinner har eit vevd klede rundt livet. Under
desse festdagane har også folk ofte blomsterkransar i håret eller rundt
halsen og er inndunka i gult eller kvitt pulver. Då det er fest og
presten er på besøk er det messer i kyrkja kvar dag - "sponsa" og
oranisert av ulike grupperingar: fyrst elevar, så ungdom, så kvinner
deretter menn og til sist organisert av leiarane. Det er mykje vakkert å
snu seg etter i kyrskjebenken eller på kyrkjetrappa. Som mann skal eg
vera med å sponse gudstenesta om to dagar. Me sat i skuggen under
mannfolkhuset (eit av mange naust utilgjengeleg for kvinner) og planla
og øva.

Høvding Mano er også stolt over at Ifalik er den øya med flest
tradisjonelle kanoseglbåtar. Det er kanoar med eit "støttehjul" som eg
ved to nattmorgonar alt har vore med å segla ut av i havet på for å
tråla. Begge gongene har me komme tilbake med tre tunfisk. Riggen er som
ei mast som står skrått bakover frå bauen med ein støttebjelke ned i
senter på kanoen. Når ein kryssar løyser ein masta og flyttar den over
til motsatt side av kanoen slik at dette når vert bauen. På denne måten
vert "støttehjulet" alltid liggjande og balansere opp mot vinden.
Kanoane kjenneteknest med at dei i begge endar kjem opp med ein
V-dekorasjon. Kanoane er mala i svart og raudt.

Ellers er Mano er verkelege ein artig skrue. Me har valgt å le av heile
karakteren. Han fullførte mesten høgare utdanning på Hawaii, men datt
ned av eit kokusnøttre like før avsluttninga. Det er mogleg at det er
dette som gjer at han er tildels frimodig. Det er ikkje eit møte med han
utan at me endar opp med å måtte gi han det eine og andre som han treng
eller ysnkjer, og kvar dag padlar han ut for sin daglige kaffikopp frå
Anne. "Dynemite!" seier han når han får slik han vil ha med mykje
sukker og melk. Det er lenge sidan det har vore nokon båt av noko slag
her så også mange andre "treng" både det eine og andre. Det er jul,
Filippinene er ikkje langt unna (som å segle til Spania) og me vil gjerne
hjelpe. Difor har me dela av vårt overskot, noko som me har måtta la gå
over til litt meir bytting og som me no ser må bremsast ned noko for å
hindre at vennskap stadig skal ende med "maybe you could help me with...".
Men etter kvart har me funne gode måtar på å la solcellykter, sukker, små
krokar og anna smått og stort få utfolde seg til glede i nye heimar her.

Me hadde planlagt å reise videra mot Palau fyrste juledag slik at Milja
kunne få reise heim til familien sin, men det er vanskeleg å forlate
slik ein unik og bortgjøymt stad. Me blir litt til...og litt til.

7.14,98n 144.27,11e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Sorgen og gleden

Vi har fått oppleve tidenes julefeiring, og fått mange nye venner her på
ifalik. Det er utrolig koselig å komme på land, etter to uker kan vi
navnene på veldig mange - og kjenner ansiktene til de fleste, vi har
begynt å få en viss oversikt over hvem som er i familie med hvem, og
hvilken landsby de tilhører. Vi møtes av smil, og innviteres inn til den
ene og den andre for å skravle, og drikke kokosnøtt og spise taro.

Dagen før nyttårsaften gikk jeg og Milja på land, mens Kleng hadde
ungene. Vi besøkte Alfina, ei av jentene som snakker bra engelsk. Alfina
bor på den ene siden av øya sammen med bestemor og bestefar som er den
gamleste av de fire høvdingene. Den gamle mannen smiler et stort
tannløst smil når vi kommer innom, og har forsynt oss med en stor stamme
bananer. Foreldrene til Alfina bor på motsatt side av øya. Moren hennes
er ei strålende dame som blir kjempeglad når vi kommer, hun prøver seg
med litt engelsk og lærer oss også gloser på mikronesisk.

Mens vi jentene besøkte folk på land, padla Kleng med ungene inn til
stranda på sørøst siden av øya. Der møtte de Cheliks, en sunn ungdom på
15 år. Han var sammen med dem mens de bada og kosa seg, og når kvelden
nærma seg tok han Liva med seg i kanoen sin og padla ut til båten mens
Kleng og Edgar padla kajak. Da jeg og Milja kom tilbake var Cheliks
fortsatt på besøk, han strålte da Milja kom; husker du meg, det var jeg
som henta den store kokosnøtta til deg da du besøkte søstrene mine :)
Milja husker han godt, så stolt som han var av den kokosnøtta. I
kveldskumringen padla gutten tilbake til land, og vi spiste middag og
fikk ungene i seng.

Kleng hadde bedt høvding Mano om tillatelse til å skyte opp en nødrakett
på midnatt, som en øvelse selvfølgelig... Det var kjempegreier syns
Mano, han skulle sitte oppe og vente for å se. Når klokka nærma seg tolv
forberedte vi oss på vårt lille fyrverkeri. Klar, ferdig, gå.... Ingen
ting skjedde. Den første raketten funka ikke. Vel, greit, så visste vi
det. Neste rakett. En, to, tre... hm... Ikke noe smell. Vi "fyra" av den
ene nødraketten etter den andre, uten hell. Når klokka var ti mintter
over midnatt fikk vi endelig respons - på den siste raketten. Den gikk
rett til værs med et smell - lyste opp himmelen i to sekunder, og suste
rett ned i havet igjen. Happy new year!!! Ikke kjempeimponerende. Den
ene flair-raketten funka også, så den gav litt rosa lys fra seg for ei
lita stund. Nødraketter står nå på handlelista vår når vi kommer til
Palau.

Første nyttårsdag skulle det være gudstjeneste på land med mer dans og
sang og gaveutdeling mellom familiene. Gaver i form av matvarer - og
masse kokosnøtter. Jeg ble igjen på båten mens Kleng, Milja og ungene
dro inn til gudstjenesten. Etter ei kort stund kom Milja tilbake til
båten. Gråtende fortalte hun at Cheliks, gutten som besøkte oss kvelden
før, var død. Han hadde falt ned fra et kokosnøttre om morgenen da han
skulle hente kokosnøtter til gavene... Selv om vi bare har vært her i to
uker, ble dette veldig nært. Han var sønnen til Romano som har tatt
veldig godt imot oss fra første dag vi kom, lillebroren til Evangelina
som Milja har vært en del sammen med. Og han tilbargte sin
siste ettermiddag sammen med Liva, Edgar og Kleng. Samfunnet her er så
lite, en sånn tragedie rammer alle. Og han var jo bare en ungdom! Jeg
ble med Milja tilbake til land. Det var blitt bestemt at gudstjenesten
og gaveutdelingene skulle gjennomføres først, deretter var det likskue
hjemme hos guttens familie.

Det ble en merkelig dag. Folk hilste hverandre "happy new year", på
samme tid som de beklaget dagens tragedie. "No, worries, there is
nothing we can do", sa noen, "God desides", sa andre. Dansen ble
kansellert, men ellers holdt folk sammen og gledet seg over et nytt år.
Etter gudstjenesten gikk Milja og jeg sammen med Alfina til guttens
famile for å vise vår medfølelse. På veien møtte vi guttens far, vi
stoppet for å kondolere, "he was our gift of God, it is not for us to
deside.." sa Romano, jeg fikk så uendelig vondt av det knuste blikket.
Hjemme hos familien var den døde gutten pyntet med mengder av
blomsterkranser, og hver familie hadde bragt en lava-lava som ble
brettet utover guttens kropp. Det ble en veldig sterk opplevelse for oss
nordboere. Fra alle de fire landsbyene kom folk for å gråte sammen med
familien, de sang sanger og ropte ut sorgen.

Idag, dagen etter ulykken, skal gutten gravlegges. Milja og jeg deltar,
mens Kleng og ungene rydder i båten.

Vi har begynt å tenke på reisen videre, og har vel kommet frem til at vi
bør komme oss i vei i løpet av ti dager. Vi utsetter og utsetter. Det
blir trist å reise videre. Vi har blitt så veldig glad i dette stedet,
og menneskene her som deler så generøst av både sorg og glede.

Anne
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: til blogg

ETD 12.januar

Ein veit at det er tid til å tenkje på avreises når ein har gått tom for
toalettpapir, våtserviettar og tørkepapir og har starta på etikettane
til hermetikkboksane. I samråd har me komme fram til at me vil verta til
festen 11.januar (markering for ein tidlig amerikansk misjonær til
Yap-øyene). Pga dødsfallet av ein ungdom som datt ned frå eit
kokusnøttre på fyrste nyttårsdag vart dansinga avlyst. Nå skal det verta
framsyning, underhaldning og moro på den 11.januar. Me blir og let dette
verta vår Adios Amigos.

Ellers har me litt rolige dagar då me har hatt litt influensa og har
litt underskot av søvn. Anne og Milja var på land med Liva med mat til
familien Romanis (som mista sønnen sin). Seinare på dagen var me å feira
Alessandra sin 9 årsdag. Me kom med ei sjokoladekake og gjekk med
lavalava, barne-padleårer og gode ord. På veg ut forbi eit
tuba-mannfolklag (tuba - kokusnøtttrealkohol) vart me bedne av høvdingen
om ikkje å ta imot kvinner på båten, då dei eigentleg ikkje får lov til
å komme ut til besøkande båtar.

Ellers er det opna for skildpaddefangst nå til festen den 11. Kan hende
eg og harpunen min slenger oss med i overmorgon? I morgon skal Anne på
land og jobbe.

God natt og god dag!
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Til bloggen

Mot Palau

Det er morgon igjen etter fyrste døgn på havet mot Palau. Milja hadde
nattmorgonvakt og har igjen funne køya. Liva og Edgar et heimelaga
Yogurt med musli. Anne solar seg i morgonsola. Kpt Kleng har sluppe ut
snøra.

I Palau skal Milja ete EPLE. Liva snakkar om IS og Anne om HOTELLNATT.
Kpt skal på INTERNETT. Edgar derimot er mest oppteken av at me nå skal
fiske ein Mahi-Mahi. Ellers er livet godt etter at me klara å snike til
oss tre rullar "Familia"-toalettpapir, 2kg ris og ein boks melkepulver
til turen frå SY Maggie. Espen sitt nå til gjengjeld i skuggen bak på
Maggie med ein infisert fot høgt og lenar seg bakover og les i Liva sine
Donaldpocket.

Ellers kan me melde om god hjelp av Anne sin AIS (Automatic
Identification System) då me i natt må ha gått gjennom ei hovudlei for
fraktefartøy mellom Japan og Down-Under. Ved fleire høve kalla me opp
båtar ved namn og fekk gjort dei oppmerksom på vår posisjon og ynskja
godt nytt år.

Kva gjer du på nå? Send satelittmail til: lennuk(a)skyfile.com (ingen
vedlegg)

7.42.52N
142.16.84E

To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: til blogg

Voggende

Liva vil skrive blogg. Fisk. Ja, me har fått fisk. For mykje fisk. Slik
at me nå må kjøre motor for å lade straum til frysaren to gonger i
døgnet. Sola var i ferd med å gå ned og eg hadde alt teke inn eit snøre
og skulle ta inn det andre. Då beit det. Etter litt jobb fekk me inn ein
flott, men litt for stor, Yellofin. Når den var sikra bak på hekken. Såg
eg skuggen i vatnet og plutseleg raste snøret ut på den snella som alt
var teken inn. Kroken hadde dyppa i vatnet og det var nok. Så har me
altså nå frysaren full av to Yellofin.

Liva sjå teiknefilm. Vil du oppmuntre dottera vår så er det berre å gje
henne ein overraskelse (ein lapp, tannkost eller ein pinne) eller sette
på Oda-film om Fjellgarden i Trollheimen. Du kan også la henne holde
kylling, pusekatt eller elefant - men pappa seier ingen fleire dyr på
La Familia. Nå lagar ho frokost til pappa av små plastikkboksar og
hårstrikk.

ETA Palau onsdag kl 10.

7.34,84N
138.38,15E
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: til bloggen

Etter en veldig posetiv opplevelse med Asianian Airlines med usedvanelig
serviceinnstilte og trivelige flyvertinner, landet vi etter en kort og søvløs natt
på Palau. Dollar hadde vi ikke fikset oss,så da vi skulle ta ut penger i
flyplassens eneste minibank viste det seg at den var tom! Så etter litt
om og men kom vi i kontakt med airportpoliti som fikset en "pirattaxi"
til oss, som kjørte oss fra minibank til minibank rundt på øya til
vi til slutt fant en bank med cash! Vi fikk betalt-til grov overpris viste det seg i ettertid- og vi ble kjørt til
den avtalte møteplassen til La Familia...
Kleng kom og hentet oss i dingien og da begynte akuratt solen å reise
seg opp fra havet! Vi kjørte ut og la fra oss bagasjen i seilebåten for
så å kjøre en morgentur rundt i "skjærgården" i mens det ble lysere og
lysere rundt oss! En fantastisk og nesten litt surrealistisk opplevelse i lys av att
vi for bare noen timer siden kom fra snø og is i Seoul!
Da vi kom tilbake til seilebåten ble vi mottatt av fru Anne med en deilig
frokost med eggerøre, brød, pålegg og kaffi servert ute i cokpit med utsikt til
marinaen og naboseilebåter som våknet opp til en ny dag! Igjen helt
FANTASTISK!
Resten av dagen ble brukt til litt avslapping og litt sigthseeing i sentrum,
samt ett resturantbesøk -der kpt Bråtveit spanderte gratis is-og en tur innom kinesisk masasje, var jeg blitt
restituert etter en lang reise.
Nå ligg vi på anker i en fin,fredelig lagune i Rock Islands, Palau sitt mest gjeve naturreservat. Dagene
går i snorkling og dukking. Det er som å dykke i ett svært akvarium med koraller og masse flotte fisker og gamle
amerikanske flyvrak fra 2 verdenskrig! Naturen her er noe for seg selv. Her er masse frodige og overgrodde vulkanske soppøyer. Sjøen har spist på dem, så de
er helt innhulte langs sjøkanten.
Båten duver helt forsiktig, mens jeg sitter i skyggen på dekk og nyter utsikten, varmen, lydene og en sigg. Livet er fint!


Maskinist Halvard

7.14,77n
134.22,88e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Blogg

Rock Islands

Halvard mista storfisken, men det vart likevel ein trøstefisk til lunsj
ute på Urlong. Mykje sol, snorkling, korallar, artige øyar og god mat
gjer at humøret er på topp. Liva seier "sjå her guttar", "her er
sjokolade, guttar" og "Guttar kom hit". I morgon etter frokost og sigg,
tek me turen lengre sørover for å finne andre verdenskrig. Snøra skal
vera ute og solkrem på.
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: til bloggen

Beste dagen

"Dette er den beste dagen!", sa Bjarne-Håvard rundt pannekakebordet her
om dagen. "Eg har liksom ikkje forstått kvifor nokon vil segle rundt
jorda, men eg forstår det godt nå".

Våre gjester fekk vera sju-soverar ved at kapteinen stod opp med Liva og
Edgar. Etter frokostblanding padla dei ein runde mellom holmane på
Urlong og var ikkje tilbake før nettopp sju. Etter frokostservering nr
to tok me alle ut i dingyen for å snorkle gjennom passet mellom øyane.
Deretter gjekk me på ei øde stillehavsstrand og fant ei gammal tom
ww2-mine. Tilbake i båten hadde me ein kvil i skuggen før pappa tok ei
snorkle-tur med Riffe og H&BH tok ein ekspedisjon mot ein tapt by (som
endte med ei mobilantenne). På veg tilbake møtte dei krokodillejegerar
som sendte spyda mot ein krokodille nett på vår snorkleplass. Den slapp
unna.

Dei tre siste dagane snegla me oss vidare sørover mellom soppøyar og
stillehavsstrender. I går gjekk me ut i havet og motor-segla ned til ei
grunn og trong hamn i Palaleu på jakt etter WW2. I dag har me vore høgt
og lågt i bunkersar, må smale minerydda stiar oppe labyrint fjell, inne
i døde tanks og på minnemerker. Slaget om flyplassen på denne vesle
stillehavsøya er rekna som det blodigaste i Stillehavet. Amerikanerane
forventa 3 dagars kamp. Men måtte slåss 3 månadar. 9000 amerkinaske
soldatar mista livet. 11000 japanske døde - kun 16 vart teke som
krigsfangar. Kanskje kjenner du historien frå episode 5 og 6 i serien
Pacific?

Nå planlegg me å vera ein dag til for å intervjue ein mineryddar og ein
amerikansk vetran, før me tek ein dag snorkling utanfor Germankanal på
veg opp til check-out i Koror.

6.59,128N
134.13,409E
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: til blogg: Sundag 12.Februar 2012 21.43

Me har letta anker frå vår trygge havn- inneklemt mellom
krokodillesump,hasjplantasjar og detoneringsområde for blingjengarar frå
andre verdenskrig-  ved South Doch i Peleliu.
For enkelte av det midlertidige mannskapet er hovedmålet med reisa no
unnagjort. Å vitja staden der eit av dei hardaste slaga i andre
verdskrig blei utkjempa har gjort inntrykk. Øya Peleliu blir rekna som
den mest intakte slagmark frå andre verdenskrig, så det har vore tre
dagar med mykje å sjå og mykje å lære.
Me var særs heldige og fekk knytta gode kontaktar i starten av vårt
opphald. Vår dobbelt-lokale nybekjente Diana har køyrt oss rundt til
ulike stadar av historisk intersse. Og gjennom henne fekk me også
kontakt med David, eks marins og Vietnamveteran. Han har budd her dei
siste åra og jobber med å rydde øya for eksplosiver frå krigshandlingane
som fann stad for nesten 70 år sidan. Antageleg er han også den som veit
mest om kampane på Peleliu, og var særs interessant å høyre på. Han tok
oss også med på tur ut i felten for å vise oss bunkersar, grotter og
stader der sentrale kamphanlinger tok stad. Ein tur som nesten blei litt
for spanande, ettersom Halvard inne i ein mørk bunkers snubla i
varselsbandet med tittelen"Danger, keep out" og ramla opp i nokre
ustabile og syredryppande japanske granater.
Vel, tre dager på ein slik stad blir fattig lite. Men skuta må videre og
me må tilbake til den harde kvardag med seiling, snorkling, soling og
sigg.


Lettbyssematros Skeisied

7.04,76n
134.15,70e


7.04.771N
134.15.694 A
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: til blogg

Siste etappe av Stillehavet i gong

Det er natt på havet. Me seglar i litt over 6 kn på tredje døgnet mot
Filippinane. Alle søv, utanom rorvakta som har lurt seg ned til
datamaskinen for å skrive blogg.

Eit stort lågtrykk passerte Palau før me letta anker. I det me kom ut
passet fekk me smake halen på dette været og hadde regn og ei vindkule
oppe i over 40 kn før været stabiliserte seg til behagelege 15kn medvind.

Gårsdagens Happy-hour var popkorn.

PS! Takk for alle sat-meldingar og sat-mail (lennuk(a)skyfile.com, berre
rein tekst) - dei er veldige kjekke å få når me berre ser hav. Skriv til
oss du også!

8.34,93n
131.59,62e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: Blogg

Seile nå på 5 dagen og er komt godt inn i "seilasmodus".

Seilasen begynte litt tøft med ruskitt sjø og kastevindar opp i 30-40 knop, men
roa seg fort, sjøl om sjøen var litt urolig det første døgnet, noe som
resulterte i at "ferskingane" (meg og BH) blei litt reduserte og dag nr. 2 måtte
eg ut å "mata fiskane"!

Men som alt annet har også det en ende så nå er alt på topp igjen!
Dag 3 fekk me ein stor Dorado (fisk på størrelse med Kleng - med same store håve
og slanke spenstige kropp), så har hatt en del fiskemiddagar som fru Bråtveit har
trylla fram i ulike former! Eg e jo i utgangspunktet skeptisk til for mye fisk,
men desse stillehavsfiskene er faktisk veldig gode og smaker mer som kylling!

Utenom litt tropiske regnbyger og en tornado som passerte forbi båten har vi
hatt fint vær og en behagelig seilas! Me har stort sett vært åleine på havet,
men på nattevakta i natt kjørte eg rett gjennom ein fiskebank med mange
fiskebåter med store lys!

Det er søndag formiddag og eg ligge ute under skyggen i cockpit og hører på
musikk og bølgeskvulp, vindmåleren viser 13 knop og GPSen viser att me har 160
Nm til me ser dei første øyene i Filippinene!

Gleder meg!

PS! Hadde delfinar med båten i dag.

Halvard


9.48.652 N
128.47.300 Ø
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: til blogg

Twister

Kapteinen hadde nett gått av vakt denne morgonen og var på veg ned i
køya, då han vart sendt opp for å sjå dette underlege værfenomenet.
Undring vart til lettare febrilsk ryddeaktivitet på dekk fordi tornadoen
var på veg rett mot oss. Ned med segl og på med motor. Me snudde båten
og gjekk rett mot aust og klara på den måten å la den passere rett
framom nasen på oss. Havet stod opp som ei søyle rett opp til
himmelen. Dramatikk vart igjen til unerleg værfenomen.

200 nm til fyrste øyane i Filippinene.

9.48,36n
129.21,29e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: blogg

Me har kryssa Stillehavet!

Porten til Asia vert for oss Surigao stredet på veg inn til Filippinene.
I god medstraum seglar nå inn rundt neset av Dinagat i 5 kn i 5 kn vind
på veg inn dei siste 100nm til Cebu. Me håpar å bruke den neste månaden
på øyane i Negros/Cebu området, men tek gjerne imot tips og
kontaktinfo(send mail/sms)

Bjarne Håvard fortel om besteforeldra sine i cockpit. "Sitt no stille
Gunnar!". Halvard og Anne humrar. Liva tissar på doen. Edgar "ryddar" på
gjeste-kabinen. Det er morgon og me har land på alle sider etter mest ei
veke på havet.

10.30,69n
125.42,08e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: til blogg

The Philippines cont...

Det skiftar i løpet av dagane mellom vindstille og bris frå aust. Sola
har gått ned og no er det blikk. På dekk er det deilig temperatur, men
her nede kjenner ein at svetten renn som dropar nedover kroppen og lagar
dam på underbuksekanten. Herligt.

I ei veke seglar me rundt the Camotes (potet øyane) før me igjen tek
tilbake dei 20 nm til storbyen Cebu. Med oss har me Håvard som straks er
i orden med jetlagen - slik at me kan senda han heim igjen. I dag tok
Håvard ein Halvard og er solbrent på heile baksida. Me sendte han på
land for helbred og hotell ei natt. Me er ikkje utrygg på at han klarar
å slappe av, men då han er litt uerfaren med leige-motorsyklane har me
bede han halde seg til fyrste giren så det kan ta ei tid før han kjem seg
tilbake i morgon.

Liva er prinsesse kvar ho kjem på land. Om ei dame får bære henne hiv
heile landsbyar med kvinner og born seg etter i prosisjon. Edgar skapar
også mykje latter og løye når han spring og helsar på andre lettare
forskrekka babyar. Kapteinen og hands store venn vert både populære når
dei hiv seg med på lokale basketballkampar, og upopulære når gamblerane
tapar penger på at dei tapar mot veltrente lokale heltar. Og Anne vil
bare bli lenger i dette landet. "Me burde finne eit prosjekt som me kan
bidra til noko positivt på. Noko som ikkje berre handlar om at me skal
ha det bra. Tenk alt det gode me kunne fått i stad her i dette landet!".

10.42,95n
124.19,36e
To: 5hlkhbcr@annemeranda.com
Cc: olhagen@broadpark.no
Subject: til blogg

Sulu Sea crossing

Etter 10 dagar med storbyliv i Cebu Yacht Club kasta me loss mot nye
strender. Me planla å gå nordover rundt Cebu øya mot Borocay før me
ville legge om vestover og så sørover rundt Palowan, men vinden og sjøen
var motvillig og me er fleksible så plutseleg gjekk turen heller sørover
mot Bohol, Siquijor og Negros. Therese og Harald har berre 6 dagar til
saman med oss og me planlegg nå å segle dei til Porto Princessa på
Palawan, men fyrst med nokre legendariske dagar på Asias Galapagos
Tubbataha Reef midt i Sulu havet. Me har heist segl og har omlag 170 nm
igjen ut til revet. Vil vinden er me framme i morgon kveld.

I går låg me oppankra i Bombonon bay, som er ein kyrkjegard for
seglbåtar. Mange seglarar har dratt inn årene i denne beskytta vika,
eller reist heim til vesten ei tid for å jobbe eller funne evig ly her.
Det låg kanskje 30-40 båtar i bukta, der dei fleste kanskje hadde sett
sine beste dagar.

På kvelden deltok me på fellesmiddag hjå Bruce og kona saman med andre
seglarar. Liva og Edgar gjorde god figur og me måtte stadig takka nei
til gode adopsjonstilbud frå både lokale og internasjonale. Nokre jenter
spøkte til og med om å få vera med ut på båten ein tur medan Anne fekk
servert dessert. Det gjer jo ein far stolt på fleire måtar...

PS! Send gjerne satelittmeldingar og epost til oss.

09.00,02n 122.58,18e