torsdag 28. november 2013

mandag 25. november 2013

Uvær

Me tok opp anker og segla over til Butang gruppen for å plukke opp
Harald og Therese. Fyrste natta låg me i ly for sterk vind sør, men
rulla voldsomt i dønningane som kom rundt øya. Neste morgon flytta me
mot aust. På land nøyt me fantastisk Thai mat og fekk bada litt. Der
fekk me høyre, og sjå, at ein charter catamaran og nokre lokale båtar
vart hasta opp og øydelagt av været sør på øya.

Nokre tordenbyger og litt rulling seinare ligg me nå på mooring under
ein stjerneklar himmel. Havet er endeleg krystallklart og varmen for
høg. Me ligg heilt aleine vest i øygruppa. I morgon skal me gå opp til
ein ferskvatn foss og ut å snorkle.

-På mooring mellom Koh Rawi og Koh Butang i Butanggruppen sør vest i
Thailand.

søndag 24. november 2013

Stor jubel og nytt land



I Kuah, sentrum Langkawi, ankra SY Honeymoon på sida av oss. Det var
litt ironisk med ein einsam mann og slikt eit namn, men plutseleg dukka
det opp ei kvinne...og der to born. Hurra! Liva og Scarlet(4) er nå
bestevenner. Edgar leikar med og Hunter(2) er på slep. Etter ei lita
veke har me nå forlete dei for ei kort stund for å møte opp med Harald
og Therese i Thailand. Fyrste ankring fann me i skumringa på Ko Tarutao.

6 30,44n 99 40,01e

torsdag 14. november 2013

Langkawi lang krabbe

Brureferden gjennom Gerorge town tok slutt etter at me gjekk klar den
siste brua. I ettertid viste det seg at det var god klaring på begge
stader.

Kpt Kleng vakna kl 0400 og var klar for å gå mot Langkawi. Det var ei
dryg dagsseglas dit og difor godt å komme tidleg igang. Me følgte
hovedleia ut mellom smale raude og grøne marker sjølv om leia breia seg
ut vid og var djup nok over det heile. To fiskarar hadde klart å lagt
flytegarn mellom den raude og grøne staken. Dette plukka me med oss. Dei
skar oss ut og me venta på morgongry slik at eg kunne gå under båten å
renske vekk dritten. Eg trur dei forstod idiotien og forhold seg roleg
og avmålt, og stotra noko om at garnet måtte ha drevet ned dit i løpet
av natta.

Resten av seilasen gjekk fint fyrst med motor mellom fiskestakar,
deretter i fin 15 kn motvind som gjorde landkjenning deilig. Ankeret
gjekk rett før sola.

Nå skal me ha vår andre oppankring her sør på Langkawi. Øyane minnar oss
om Palau. Bratte dramatiske klippe og soppøyar som er jungelkledde, med
enkelte sandstrender. Me bada i eit innelåst ferskvatn i dag. Liva fekk
fråstjålet eplet sitt av frekke apekattar som kom og tok det ut av handa
hennar.

06 11,14n 99 47,30e

mandag 11. november 2013

George Town

Det er to typer fisk her som besøker oss på oppsida, i tillegg til
flygefisk. Det er ein slank lang spretten som flyg bortetter
balangserande på halefinnen og ein rund kvit som i Donald Duck-stil
sprett bortetter i 2 meter høge bykst. Men me har ikkje krokane ute
etter dei. Mest fordi det er så mykje søppel og plastikk som flyt rundt
her i Malaccastredet. I tillegg er sjøen grøn av dårleg sikt. Fisk her
fristar ikkje. Ryktet seier at havet vert betre ettersom me kjem nord av
Langkawi.

I dag har me hatt by dag i George Town. Fyrst padla Edgar og Paps etter
frokost. Deretter tok Liva og Mams med vatntaxi (ein mest forkommen
lettbåt) med siktemål til kjøpesenter, men endte opp med på ein
eksentrisk trishav og tura gater opp og ned til sang frå ein eldre mann.

lørdag 9. november 2013

Mellom byger og fiskebåtar

Ankra opp i ei vik nord på Pangkor (4 15,13n 100 32,49e) i går
ettermiddag. Natta før tok me ei ubeskytta ankring ved eit hus på pålar
ute i havet. Me rei av lyn og torden og fekk oss ei god natt søvn.

På stranda på Pangkor traff me nordmenn som var på helgetur frå Kuala Lumpur. Bada
i bassenga og åt pommesfrites. For å komme fram dei 80 nm til Georg town
i lys tok me ut på natta. På grunn av mykje lyn og torden vart avreise
utsett ein time, utan at det roa ned været.

Mellom blenking og torden gjalt det å unngå fiskebåtane. Søppel og
vrakgods som driv i straumen får ein uansett ikkje sett på natta. Eg
hadde sikta meg inn mellom to lys på horisonten då det raude, som eg
hadde på babord side, syntes å stadig komme nærmare. Eg svingte av, men
lyset såg ut til også å skifte retning og kom nå med rasande fart rett
mot. Eg tok over for autopiloten og svinga meir, men den raude blinkande
djevelen skaut rett mot meg. Med seil oppe og motor i gang gjorde eg 180
på ein femmer. Ein stor høg fiskebåtbaug med linkane raude lys på alle
sider la også om og for etter meg og ville renna meg ned. Eg ropa ned i
mørkre om at Anne måtte skrue av Tricoloren og alle lys. Så styrte eg La
Familia inn ei nærmaste tordenbyge og fekk rista av galningen. Eg håpar
han sov eller at han ville beskytte reiskapen sin, men eg har høyrt
historiar om andre som har opplevd liknande i desse farvatn. Fiskerar
som kolliderer med vilje for å krevje skyhøg erstatning etterpå.

Eit bar regnbyger og ein soloppgang seinare seglar La Familia inn mot
Georg Town. Edgar vil ha vitamin, Liva teiknar, Miti skal kvile framme i
båten og Anne passar ror og retning.

4 51,48n 100 16,80e 6kn 340g

fredag 8. november 2013

Kleng i klang

Skulle gjerne sove litt lenger. Men det er 170 nm til George Town og me
vil gjerne komme fram i morgon før sola går ned. Det vart difor ei kort
ankring mellom kontainerskip og store hamner her i Port Klang. Det er
framelis dårleg sikt i vatnet så då er det berre å gå vidare mot nye
hav. Håpar på blått og kvitt frå Langkawi.

8.nov 2013

003 00.80n 101 21.12e

mandag 4. november 2013

På cafe i Malacca

Karta var gamle og informasjonen var knapp, men me ville så gjerne på
bytur. Me snirkla oss difor langs byfronten etter noko som kunne vera
egna oppankring. I går fekk me ei tordenbyge over oss. Sjølv på god
ankring vart det litt hektisk med sterk straum ein veg og vind ein
annan. Båten vart liggande diagonalt og balanserte kreftene slik at
ankeret knapt trengte ha vore uti.

Utanfor ferjeterminalen i sentrum låg ein einsam katamaran. Me lot oss
lokke og seig inn på 4m og kasta anker. Ein halvtime seinare lot me
dingyen feste i elva inders i sentrum ved kpt Sabeltanns skute i
sjøfartsmuseumet.

Etter lunsj gjekk eg tilbake med Liva og Edgar og fann dingyen må mest på
tørr grund. Me tok ut til seglbåten som me flytta ut på djupare vatn.
Mamma og Miti måtte vasse frå kafebesøk i gjørme ut opp til knea når dei
vart henta etterpå. Nå har me teke ut til ein holme nord av Malacca, ete
is, vaska oss og er klar for natta. I morgon seglar me vidare dei snaue 30
nm mot Port Dickson.

Det kongens år 4.nov 2013

søndag 3. november 2013

Gli gjennom Malcca

Desel? Check. Vatn? Check. Mat? Check. Kast loss! Me seig ned til bru
nummer 2 ved Tuas Check Point for ei natt på anker mellom stolpehus.
Fekk hyggeleg besøk av kystvakta før me kunne nyte natta. Tidleg i går
starta me motorsegling ut gjennom Malaccastredet. Fyrst hadde me litt
vind og straum i mot, men så løsna det. Med 7 kn på flatt vatn bestemte
me oss for å fortsett ut i natta. Midnatt valgte me likevel å kaste
anker for nokre timar på øyra. Vakna opp vedsida av eit fiskestake
system. Nå forsett me ferda for ankring utanfor Malacca by for feiring
av kapteinen sin 35 år på jorda dag. Liva har skrive kort og Edgar
funne drops til verdens kanskje sterkaste pappa. Takk for alle
satelittmeldingar.

Ellers hadde Edgar og Liva beautysalon i går. Dei skamklypte kvarandre og
går rundt stolte og krye og ser ut som dei har hatt skabb.

001 59.80n 102 28.00e