tirsdag 24. desember 2013

Ingen snø - men kvite strender!

La Familia ønsker alle god jul!

mandag 16. desember 2013

Thai visum

Familien på eit brett. Ei ville ikkje bli tatt bilde av.

Adventsførebuing

mandag 9. desember 2013

The Beach beach

Etter snart ei veke på PhiPhi-øya saman med unge og gammle backpackerar
frå heile verda heiste me segl mot Maya-beach som er den "hemmelige"
stranda til Leonardo i filmen The Beach. Etter at dagsturturistane har
returnert til sine dorms ligg me nå att saman med vår vennefamilie på
Honeymoon og ein japansk katamaran. Eg høyrer rolige dønningar presse
seg under dei høge klippene for så å verta blåst ut av hulrom og gangar.
Sola har gått ned og det er ellers stille.

Dei siste dagane har me bruka i basseng, på restaurantar, til skifte av
avstenging for gjennomføring (litt spennande...), henta filtrert vatn og
hjelpt nabobåt med nokre reperasjonar på båten. Nå er me på veg mot Ao
Chalong for check in til Puket og Thailand. Eg trur eg treng ta med
borna på imigrasjonen for å få godvilje for at me har bruka over tre
veker frå Langkawi.

Same dag som Harald og Therese mønstra på kom ein kraftig vind frå sør.
Den kasta 17 seglbåtar på land på Ao Chalang og ein på Koh Lipe, der me
var. På PhiPhi hadde stormen teke stranda og ei rekke strandkafear. Me
såg fleire vrak av lokale båtar på land og også toppar av båtar som
stakk opp ute på ankringsplassen. Kan hende var det likevel greit at me
berre hadde ei utriveleg natt rullande i store dønningar, men i ly for
vinden på nordsida av øya Koh Lipe?

Finn oss på google earth:
07 40.81n 098 45.79e