søndag 20. oktober 2013

"South China Sea crossing - check!"



Eit værvindu opna seg og me kasta oss utpå igjen, etter 16 månader
som landkrabber. Store delar av den vekeslange seglasen frå Borneo til
Singapore er unnagjort. Det er 120 nm igjen av dei totalt 800 me starta
på onsdag morgon.

Edgar og Liva har stadig kommentert saker som vi har gjort før, det er
kjekt å sjå kor mykje dei hugsar frå tidligare seglasar. Det er mykje
lek, tegning, spel og lesing som fyll dagane på det blå havet.

Som følgesvenner har me ein liten kvit fugl som søv om bord om nettene
og flyg om dagane. Ein annan god hjelpar er ein slank liten fisk som har
hjelpt til dei to gongene kapteinen har vore under og dratt plastikk ut
av propellen.

I dag starta me med værskifte. Vind på slør vart i nokre timar regn og
vind imot. Nå er det solnedgang i svak vind frå nord. Liva og mamma har
laga svele Nå er det karaoke i cockpit med sangar frå Albert Åberg
nettopp avbrytt av leikande små delfinar.

30 grader, solbrent og svettelukt. Alt er som det skal vera, men me er
klar for å kaste anker og sove ut.

For 8 år sidan var Kleng og Anne kjærastar. Liva feira med å klyppe ut
ein raud indianer som heng som ei raud rose på veggen.

001 55N 106 25Ø
5kn 245gr

1 kommentar:

  1. Gratulere med tilbakelagte 800nm! Her er det ruskevær, varm seilas høres herlig ut:)

    SvarSlett