søndag 25. mai 2014
fredag 28. februar 2014
Naken båt
La familia kledde av seg mast, nett og pakkenelikkar og vaska vekk sin kilo med rur. Nå er ho klar for manekyr og pedekyr av teamet på Popeye Marine. Me flyttar på land og fortsett ein måned til med Thai-mat, sol og charterliv.
På fast land
Dei siste dagane på havet denne sesongen vart feira saman med klimaturistane Mor og Far frå Bergen og venner frå Karmøy.
mandag 27. januar 2014
Krabi boatlagoon
Me besøkte Krabi Boatlagoon for å sjå på den nye heimen til SY La Familia. Me sett båten på land der 1.mars. Flyg heim til norsk vår 20.mars.
Seglasen opp elva til marinaen kan berre gjerast på høgvatn. På lågvatn stod me 0.5 m ned i gjørma når me låg til kai.
Nå skal me ha ein fantastisk måned på Thailandkysten saman med fyrst Maria Salem, så Mor og Far frå Bergen og kan hende Synnøve og Nikolas med born.
I dag er det matkurs og bading på Kho Lanta.