Den vesle fuglen, Torjus, er framleis med på ferda. Stundom sitt den
inne og i cockpit og stundom flyg den ut over havet. Det siste døgned må
den ha vorte litt ekstra sliten, slik som oss. Mitt i natta kjente me
igjen vibrasjonar i båten som teikn på at propellen igjen hadde kveila
seg inn i noko. I seks timar låg me å venta på den ljose dagen slik at
eg fekk renska den. Horisonten knistra og braka, men uværet kom
ikkje over oss. Saman med meg under båten med kniven fekk eg tre
intresserte sugefiskar. Dernest var det å stampe dei siste 90 nm til
opninga av Singaporestredet. Men før me kom så langt vart me kasta inn i
ei ei sky av vind, bølger og regn. Då me var lite førebudd vart det litt
hektisk ombord. Vind med 50 kn i kasta røyk eit for gamalt skjøyte og
segl måtte bergast samstundes som at saker og ting måtte ryddast på
dekk. Lite tanke gjekk det til at eg like før hadde mista vår einaste
fisk på turen. Nå var det berre å komme seg gjennom. Båten stod på
hovudet og på tvers og alt fløyt, men Liva, Edgar og Miti verka ikkje å
få med seg noko av denne hektiske timen. Dei klyppa og lima og leika
nede. Besta kan vente sommarfuglteikning frå Liva og onkel Alf kan glede
seg til ein veldig liten blå bit papir.
Nå kjøyrer me motor i morild på flatt vatn mellom tankbåtar og store
skip som ligg på anker utanfor Singapore. I morgon kastar me anker i
sand eller går heilt inn til oppankring inne i særdeles urbane strøk.
Tyggis er forbode.
001,33n 104,59ø
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar