mandag 4. november 2013

På cafe i Malacca

Karta var gamle og informasjonen var knapp, men me ville så gjerne på
bytur. Me snirkla oss difor langs byfronten etter noko som kunne vera
egna oppankring. I går fekk me ei tordenbyge over oss. Sjølv på god
ankring vart det litt hektisk med sterk straum ein veg og vind ein
annan. Båten vart liggande diagonalt og balanserte kreftene slik at
ankeret knapt trengte ha vore uti.

Utanfor ferjeterminalen i sentrum låg ein einsam katamaran. Me lot oss
lokke og seig inn på 4m og kasta anker. Ein halvtime seinare lot me
dingyen feste i elva inders i sentrum ved kpt Sabeltanns skute i
sjøfartsmuseumet.

Etter lunsj gjekk eg tilbake med Liva og Edgar og fann dingyen må mest på
tørr grund. Me tok ut til seglbåten som me flytta ut på djupare vatn.
Mamma og Miti måtte vasse frå kafebesøk i gjørme ut opp til knea når dei
vart henta etterpå. Nå har me teke ut til ein holme nord av Malacca, ete
is, vaska oss og er klar for natta. I morgon seglar me vidare dei snaue 30
nm mot Port Dickson.

Det kongens år 4.nov 2013

2 kommentarer:

  1. Det har vore ein del torden og lyn her på vestlande og, men me slepp å tenke på oppankring og vind. Huset står støtt.
    I går (søndag) var det song med Finnøy kyrkjekor både i Hesbykyrkja og på Bryne. Konrad og Målfrid kom og var med på møtet på Bryne.
    God tur vidare.
    Besta

    SvarSlett
  2. Å, så gøy, akkurat den der sabeltannskuta husker jeg! Vi feiret kinesisk nyttår i Malacca for et par år siden.. :)
    Mange klemmer, vi savner dere i Oslo!

    SvarSlett