torsdag 14. november 2013

Langkawi lang krabbe

Brureferden gjennom Gerorge town tok slutt etter at me gjekk klar den
siste brua. I ettertid viste det seg at det var god klaring på begge
stader.

Kpt Kleng vakna kl 0400 og var klar for å gå mot Langkawi. Det var ei
dryg dagsseglas dit og difor godt å komme tidleg igang. Me følgte
hovedleia ut mellom smale raude og grøne marker sjølv om leia breia seg
ut vid og var djup nok over det heile. To fiskarar hadde klart å lagt
flytegarn mellom den raude og grøne staken. Dette plukka me med oss. Dei
skar oss ut og me venta på morgongry slik at eg kunne gå under båten å
renske vekk dritten. Eg trur dei forstod idiotien og forhold seg roleg
og avmålt, og stotra noko om at garnet måtte ha drevet ned dit i løpet
av natta.

Resten av seilasen gjekk fint fyrst med motor mellom fiskestakar,
deretter i fin 15 kn motvind som gjorde landkjenning deilig. Ankeret
gjekk rett før sola.

Nå skal me ha vår andre oppankring her sør på Langkawi. Øyane minnar oss
om Palau. Bratte dramatiske klippe og soppøyar som er jungelkledde, med
enkelte sandstrender. Me bada i eit innelåst ferskvatn i dag. Liva fekk
fråstjålet eplet sitt av frekke apekattar som kom og tok det ut av handa
hennar.

06 11,14n 99 47,30e

1 kommentar:

  1. Moro å fylgja med, så lenge det varte. Vonar de har det bra. Me kjem ikkje inn på bloggen lengre. Skriv www.7hav.com og vert straks ruta til www.7-hav.blogspot.no. "De rykker tilbake til start". Her er nå kulde, blankt til i dag middag. Fuktig frå midt i dagen. Eg har vakt og gått som ein jojo heile dagen. Trøytt. Ei av mine siste vakter. Har bed om og fått vaktfritak frå 01.01.2014.
    Hils deres elskelige ektefelle og charmente børn. Vennlig hilsen fra gyngestolen på pleiehjemmet.

    SvarSlett