lørdag 9. november 2013

Mellom byger og fiskebåtar

Ankra opp i ei vik nord på Pangkor (4 15,13n 100 32,49e) i går
ettermiddag. Natta før tok me ei ubeskytta ankring ved eit hus på pålar
ute i havet. Me rei av lyn og torden og fekk oss ei god natt søvn.

På stranda på Pangkor traff me nordmenn som var på helgetur frå Kuala Lumpur. Bada
i bassenga og åt pommesfrites. For å komme fram dei 80 nm til Georg town
i lys tok me ut på natta. På grunn av mykje lyn og torden vart avreise
utsett ein time, utan at det roa ned været.

Mellom blenking og torden gjalt det å unngå fiskebåtane. Søppel og
vrakgods som driv i straumen får ein uansett ikkje sett på natta. Eg
hadde sikta meg inn mellom to lys på horisonten då det raude, som eg
hadde på babord side, syntes å stadig komme nærmare. Eg svingte av, men
lyset såg ut til også å skifte retning og kom nå med rasande fart rett
mot. Eg tok over for autopiloten og svinga meir, men den raude blinkande
djevelen skaut rett mot meg. Med seil oppe og motor i gang gjorde eg 180
på ein femmer. Ein stor høg fiskebåtbaug med linkane raude lys på alle
sider la også om og for etter meg og ville renna meg ned. Eg ropa ned i
mørkre om at Anne måtte skrue av Tricoloren og alle lys. Så styrte eg La
Familia inn ei nærmaste tordenbyge og fekk rista av galningen. Eg håpar
han sov eller at han ville beskytte reiskapen sin, men eg har høyrt
historiar om andre som har opplevd liknande i desse farvatn. Fiskerar
som kolliderer med vilje for å krevje skyhøg erstatning etterpå.

Eit bar regnbyger og ein soloppgang seinare seglar La Familia inn mot
Georg Town. Edgar vil ha vitamin, Liva teiknar, Miti skal kvile framme i
båten og Anne passar ror og retning.

4 51,48n 100 16,80e 6kn 340g

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar