mandag 27. januar 2014

Krabi boatlagoon

Me besøkte Krabi Boatlagoon for å sjå på den nye heimen til SY La Familia. Me sett båten på land der 1.mars. Flyg heim til norsk vår 20.mars.

Seglasen opp elva til marinaen kan berre gjerast på høgvatn. På lågvatn stod me 0.5 m ned i gjørma når me låg til kai.

Nå skal me ha ein fantastisk måned på Thailandkysten saman med fyrst Maria Salem, så Mor og Far frå Bergen og kan hende Synnøve og Nikolas med born.

I dag er det matkurs og bading på Kho Lanta.

lørdag 18. januar 2014

Øyloffing i Krabi


Liva og Edgar leiker med Scarlett og Hunter frå Honey Moon.



Det blir mørkt kl 18 og då er det legging. Nokre gonger manglar eit born i senga. Liva fann me her om dagen på airconen under bordet.

Dette er ikkje lov uten vest!

Anne har bestemt seg for å gå frå meg...

Trøtt i Thailand

tirsdag 7. januar 2014

Phagna bay

Dei siste to vekene har me utforska holmane mellom Puket og Krabi. Det er grunnt, brakkvatnaktig vatn med høge limestoneholmar, sandstrandflekkar og sjulte rom. Nokre stader kjem apar ned frå dei grønkledde toppane og inspiserer strendene på morgonen. Turistar kjem ut frå resort i byane med longtail båtar til enkelte destinasjonar nokre timar mitt på dagen. Men så på ettermiddagen vert heile verda vår...