tirsdag 22. oktober 2013

I stille seng

Seks dagar på havet over Sør Kina havet vart belønna med at me i går kunne snirkla me oss oppover ei smal elv med mangroveskog på begge sider for å kunne ankre opp i Sabena Cove marina i Malaysia, berre nokre kilometer frå Singapore. Dei vaksne ville berre sove, men trongen til å rydde ut klamme dynetrekk og svette klede vart for stor. Anne vaska og Kleng bada med borna. For ein draum å legge seg i reint sengetøy att i seng på blikkstille vatn. 

Planen er no å bruke ein dag og to her før me tøffer over til Singapore og bruker ei veke der. For så å forsette opp Malakka stredet. Me kjem til å berre gå på dagane opp stredet og ankre opp om nettene. Neste stopp blir Langkawi og så øyane rundt Puket (Thailand).


Kjem den fiskebåten mot oss eller går den ifrå oss?  
Oljerigg i solnedgang, eller var det bare solnedgang?

mandag 21. oktober 2013

Tidleg jubel

Den vesle fuglen, Torjus, er framleis med på ferda. Stundom sitt den
inne og i cockpit og stundom flyg den ut over havet. Det siste døgned må
den ha vorte litt ekstra sliten, slik som oss. Mitt i natta kjente me
igjen vibrasjonar i båten som teikn på at propellen igjen hadde kveila
seg inn i noko. I seks timar låg me å venta på den ljose dagen slik at
eg fekk renska den. Horisonten knistra og braka, men uværet kom
ikkje over oss. Saman med meg under båten med kniven fekk eg tre
intresserte sugefiskar. Dernest var det å stampe dei siste 90 nm til
opninga av Singaporestredet. Men før me kom så langt vart me kasta inn i
ei ei sky av vind, bølger og regn. Då me var lite førebudd vart det litt
hektisk ombord. Vind med 50 kn i kasta røyk eit for gamalt skjøyte og
segl måtte bergast samstundes som at saker og ting måtte ryddast på
dekk. Lite tanke gjekk det til at eg like før hadde mista vår einaste
fisk på turen. Nå var det berre å komme seg gjennom. Båten stod på
hovudet og på tvers og alt fløyt, men Liva, Edgar og Miti verka ikkje å
få med seg noko av denne hektiske timen. Dei klyppa og lima og leika
nede. Besta kan vente sommarfuglteikning frå Liva og onkel Alf kan glede
seg til ein veldig liten blå bit papir.

Nå kjøyrer me motor i morild på flatt vatn mellom tankbåtar og store
skip som ligg på anker utanfor Singapore. I morgon kastar me anker i
sand eller går heilt inn til oppankring inne i særdeles urbane strøk.
Tyggis er forbode.

001,33n 104,59ø

søndag 20. oktober 2013

"South China Sea crossing - check!"



Eit værvindu opna seg og me kasta oss utpå igjen, etter 16 månader
som landkrabber. Store delar av den vekeslange seglasen frå Borneo til
Singapore er unnagjort. Det er 120 nm igjen av dei totalt 800 me starta
på onsdag morgon.

Edgar og Liva har stadig kommentert saker som vi har gjort før, det er
kjekt å sjå kor mykje dei hugsar frå tidligare seglasar. Det er mykje
lek, tegning, spel og lesing som fyll dagane på det blå havet.

Som følgesvenner har me ein liten kvit fugl som søv om bord om nettene
og flyg om dagane. Ein annan god hjelpar er ein slank liten fisk som har
hjelpt til dei to gongene kapteinen har vore under og dratt plastikk ut
av propellen.

I dag starta me med værskifte. Vind på slør vart i nokre timar regn og
vind imot. Nå er det solnedgang i svak vind frå nord. Liva og mamma har
laga svele Nå er det karaoke i cockpit med sangar frå Albert Åberg
nettopp avbrytt av leikande små delfinar.

30 grader, solbrent og svettelukt. Alt er som det skal vera, men me er
klar for å kaste anker og sove ut.

For 8 år sidan var Kleng og Anne kjærastar. Liva feira med å klyppe ut
ein raud indianer som heng som ei raud rose på veggen.

001 55N 106 25Ø
5kn 245gr

torsdag 10. oktober 2013

Get the party started...

Tre år med liv og moro


"Kaptein Sabeltann" inviterer Edvard og Erlend spesielt og alle som skulle vera i området til fest på kaia. Det blir grilla lam, sang og gavedryss mm kl 16....