lørdag 14. mars 2015

Guttetur mot Afrika

Kvinner og born tek ein roadtrip på Sri Lanka medan Kleng og Martin tak med seg to nederlenderar, Hjors og Evert, mot Afrika.



Send oss gjerne ein satelitt-sms:
1. Kopier tel: 881632520762
2. Lim inn tel på sida messaging.iridium.com

Mykje hav ventar. Sterkaste stjerne blir lyset frå eiga landterne...

mandag 23. februar 2015

Andamankanjodet

Med litt daarleg vind segla med opp til Port Blair i Andaman. Der har me naa gode dagar paa Havlock Island. Anne har eksamen paa PADI-kurset i dag. Liva, Edgar, Miti og eg har snorkla, ridd paa elefant og leika paa stranda nokre dagar. 

Til helga lettar me anker mot Sri Lanka. Me er litt seine i sesongen og ventar lite vind saa det blir nok ein rolig seglas ei god veke.

tirsdag 10. februar 2015

Opp med segl

Me lettar anker mot Andaman i dag. Ventar oss ein tre døgnsseilas til Port Blair Andaman.


 Legg merke til blekket på skroget frå squidfiske.
 Martin Salem er med som dekksgutt og førstereisgutt. Det blir dåp, dykk og kiteing.

torsdag 5. februar 2015

Indian Ocean crossing 2015

Denne våren seglar me det indiskehav. Har sjekka ut av Thailand og sett nå kurs for Andamam/India...


Kleng, Anne, Liva 5, Edgar 4 og Miti 1....og Martin Salem...seier ship o hoy


søndag 25. mai 2014

Bli ny - i Thailand

Båt SPA for SY La Familia. Nytt dekk, opplakking av inventar og småreperasjonar for ein stolt liten båt medan mann og mus nyt sol og sommar i hagen heime i Norge.

fredag 28. februar 2014

Naken båt

La familia kledde av seg mast, nett og pakkenelikkar og vaska vekk sin kilo med rur.  Nå er ho klar for manekyr og pedekyr av teamet på Popeye Marine. Me flyttar på land og fortsett ein måned til med Thai-mat, sol og charterliv.

På fast land

Dei siste dagane på havet denne sesongen vart feira saman med klimaturistane Mor og Far frå Bergen og venner frå Karmøy.